Israel fordømmer angrep på palestinsk landsby: – Dei er livredde

3 months ago 57


Så mange som 100 israelske busettarar kan ha vore involverte i storminga av den palestinske landsbyen Jit i går kveld, melder The Times of Israel.

Byen ligg nord på den okkuperte Vestbreidda.

Busettarane gjorde hærverk, kasta om seg med molotovcocktailar og stein, og sette fyr på fleire bilar og hus.

Innbyggarar i landsbyen skildrar angrepet som godt organisert. Dei fortel til Reuters at busettarane skal ha bore tåregass, peparspray, knivar og våpen.

Ein 23 år gammal mann blei skoten i brystet og drepen, melder palestinske helsemyndigheiter.

Kvinner sørger.

Mor til Rashid Mahmoud Abdul Qader Sada, som blei drepen natt til fredag, får trøyst.

Foto: Jaafar Ashtiyeh / AFP

Hassan Orman bur i den vesle landsbyen, og var vitne til angrepet.

– Vi er ein fredfull landsby. Vi har ikkje angripe dei, men no har dei kryssa ei raud linje, så det får jo oss til å vurdere annleis, seier Orman til Reuters.

Angrepet har møtt fordømming frå fleire hald. Det kvite huset skriv i ei fråsegn at angrepet er uakseptabelt, og at Israel må gjere alt dei kan for å stanse valden.

Men også i Israel har angrepet vekt sterke reaksjonar.

«Kriminell og anarkistisk»

Israels finansminister Bezalel Smotrich støtter utvidingane av busettingane på den okkuperte Vestbreidda, og ønsker å knuse alle planar om ein palestinsk stat.

I fjor støtta Smotrich eit liknande angrep mot ein palestinsk landsby. Fredag er han derimot ein av dei som reagerer.

Han kallar valden for kriminell og anarkistisk.

Utbrent hus.

Fleire hus blei sett fyr på av valdelege israelske busettarar natt til fredag.

Foto: Raneen Sawafta / Reuters

Også Israels statsminister Benjamin Netanyahu og Israels president Isaac Herzog fordømmer angrepet. Herzog ber om at dei som har brote lova, blir stilt for retten.

Ifølge Det israelske forsvaret (IDF) har ein sivil israelar blitt arrestert hittil.

IDF fortel til NRK at dei, saman med grensepolitiet, skaut varselskot i lufta for å få spreidd og omsider jaga vekk busettarane.

Det er førebels ukjent kvar busettarane som angreip Jit i natt, kom frå. Det israelske forsvaret har ikkje svart på NRKs førespurnader om meir informasjon kring dette.

FN skuldar på Israel

– Dette er ein direkte konsekvens av Israels busettingspolitikk på Vestbreidda, seier talsperson for FNs menneskerettskontor Ravina Shamdasani på ein pressekonferanse i Genève fredag.

Den israelske regjeringa godkjenner stadig nye busettingar på Vestbreidda, og har gjort minimalt for å straffeforfølge valden mot palestinarane.

Videoar analyserte av Amnesty viser at israelske soldatar ofte er til stades når busettarvald skjer, utan å gripe inn.

– Desse har ikkje Israel kontroll på

Hanne Eggen Røislien er religionshistorikar, spesialrådgivar i Forsvarsstaben og Israel-ekspert.

Ho presiserer at det ikkje er bekrefta kven som står bak angrepet, men seier at busettarane som storma Jin fredag, kan vere såkalla valdelege ekstremistar.

Dette er ei gruppe på eit titals israelske sivile busettarar som Israel ikkje har kontroll på, fortel Røislien.

Mange av dei er andregenerasjons busettarar som er fødde og vakse opp på Vestbreidda, i det Røislien skildrar som ein militarisert verkelegheit.

– Dette er ekstreme israelarar på Vestbreidda som ikkje anerkjenner Israel som si øvste makt og myndigheit. Og desse folka har lyst til å ta rotta på palestinarane.

Smotrich på talerstolen med israelske flagg rundt seg.

Israels finansminister Bezalel Smotrich

Foto: Maya Alerruzzo / AP

Røislien trur dette er ein grunn til at Israel har valt å fordømme angrepet.

– Dei er livredde for at ein krig skal ta fyr på Vestbreidda. Dei er meir redde for det enn det som skjer på Gazastripa.

Desse busettarane set nemleg busettingsprosjektet høgare enn israelske styresmakter, og motsett seg politisk og juridisk kontroll.

Auke i busettarvald

Valden mot palestinarane på Vestbreidda har auka jamleg dei siste åra. Men då Hamas gjekk til angrep mot Israel 7. oktober i fjor, eskalerte valden drastisk.

FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) registrerte over 1000 valdshendingar mot palestinarar på Vestbreidda frå 7. oktober til juli i år.

Ifølge tal frå har minst 594 palestinarar blitt drepne på Vestbreidda i løpet av krigen. Størsteparten er drepne av israelske militærstyrkar.

Publisert 16.08.2024, kl. 16.18

Read Entire Article