Mattilsynet etterforskar nå eit større nasjonalt utbrot av salmonella saman med Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet, etter at 23 personar busatt i fleire fylke har fått påvist smitte, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
Mattilsynet mistenker at økologiske alfaspirer kan vera smittekilda, og dei ber derfor alle som kan ha dette heime om å kasta det.
– Har du spirer kjøpt i butikken i løpet av dei siste tre vekene ber me deg kasta desse. Rådet gjeld også blandingsprodukt der alfaspirer er ein ingrediens, til dømes sandwicher, baguetter, salatar, wraps og liknande, seier fagdirektør i Mattilsynet Karina Kaupang.
I det pågåande smitteutbrotet er det mange som har ete alfaspirer, oppplyser Kaupang.