– Det er ikkje forsvarleg i det heile tatt, men vi hadde ikkje andre. Det er imot kva eg står for som trener, men når du ikkje har andre – kva skal du gjere?, spør LSK-trenar Andre Bergdølmo.
Alle varsellamper lyser i kriseråka LSK Kvinner. Fredag hadde klubben eit møte med spelarane der dei informerte om at dei risikerer å gå konkurs før sesongen er omme.
I sommar måtte laget selje unna tre spelarar for å få pengar i kassa. Konsekvensen er at enkelte spelarar har måtte spele for både A-laget og rekruttlaget.
For 18 år gamle Emma Reshane medførte det tre kampar sist veke og opp mot 300 minutt på bana.
– Det var klart at det var tung. Merka jo det på den tredje kampen at eg ikkje hadde så mykje å kome med. Det går litt treigare i hovudet også, som gjere at man kanskje ikkje presterer det man ønskjer, fortel Emma Reshane til NRK.
Går på stumpane laus
Trenaren seier han er svært bekymra for situasjonen til dei unge spelarane som akkurat no er inne i sine viktige år der dei skal utvikle seg som fotballspelarar.
– Eg kryssar fingrane for kvar kamp ho speler no at det ikkje er ei overbelastning eller nokon småskadar som kan bli stygge skadar. Det går på stumpane laus i alle baugar og kantar.
18-åringen er ikkje den einaste som har fått merke hardkøyret. Småskadar og sjukdom gjere at LSK har 13 til 16 spelarar å velje mellom.
I laurdagens toppseriekamp mot Røa hadde dei fire på benken.
– I dag var det vel luksus, seier kaptein Emilie Woldvik.
I mange kampar har dei ikkje hatt meir enn to på benken.
– Det har vore ei enorm påkjenning for dei som vi kallar bruspelarar, som må vere med på begge lag. Det har vore tøft, men jentene har verkeleg stått i det. Vi prøver så godt vi kan og gjere det vi kan gjere noko med. Men no må vi ha nokon snille onklar ein eller annan stad, og det må ikkje vere på Romerike.
Mentalt utfordrande
Laurdag fekk LSK Kvinner ein etterlengta opptur, då dei slo Røa 1–0 borte. Ifølgje konstituert styreleiar Lotte Lundby Kristiansen kan det ha vore siste kamp.
– Det er stor fare for at klubben leggast ned før sesongen er ferdig. Vi håpar vi skal klare å gjennomføre sesongen for jentene si skuld, men vi måtte informere om at det er så alvorleg som det er, sa styreleiaren til NRK fredag.
Dårleg sponsormarknad og lite publikumsinntekter er mellom årsakene til at klubben slit.
Planane om å slå seg saman med Lørenskog idrettsforening som skulle betre situasjonen vart kansellert i midten av august.
Spelarane vedgår at dei økonomiske utfordringane er ei mental påkjenning.
– Det påverkar jo litt mentalt med tanke på at der mykje usikkerheit, men vi prøver berre gjere det beste ut av det og ha fokus på det fotballmessige, fortel Reshane.
Ho får støtte av lagvenninne Tonje Erikstein som seier at det går mykje tid til å gruble over den vanskelege situasjonane klubben er i og kva framtida vil bringe.
– Det er eigentleg mest ei mentalt belastning og det gå ut over kor klar ein klarer å stille til kamp og trening. Og så er det jo alltid ein fordel å vite om man ikkje får lønn.
Publisert 07.09.2024, kl. 21.56 Oppdatert 07.09.2024, kl. 22.01