Sommarjobben til Solveig (20) er allereie lyst ut: – Ein kan fort gå glipp av ting

5 months ago 29


Det blir stadig vanlegare å legge ut sommarjobbstilling tidleg.

Det viser tal frå finn.no.

Helgeland museum har allereie lyst ut heile 60 stillingar til sommarjobb.

Det er første gong dei lyser ut så tidleg som i starten av november, tidlegare har dei lyst ut stillingane i mars og april.

Men ifølge HR-sjef Kine Olderli-Fagerbakk var det naudsynt.

Kva synest du om at sommarjobb blir lyst ut i november?

Kan gå glipp av jobben

– Vi ser at vi tidlegare har gått glipp av vikarar som går til kommunen eller andre arbeidsplassar, seier Olderli-Fagerbakk.

Og dei er ikkje dei einaste som er tidleg ute.

Allereie er 417 ulike stillingar lagt ut på Finn med tittel sommarjobb.

HR-sjef Kine Olderli-Fagerbakk, Helgeland Museum

SETT SEG LEI: HR-sjef Kine Olderli-Fagerbakk ved Helgeland museum har sett seg lei av at andre er ferdig med å fylle sommarvikarstillingane når dei begynner å lyse ut.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Ein av dei som vil stå på søkarlista til Helgeland musem er Solveig Bremnes. Ho har jobba på Petter Dass museet allereie to somrar før.

Men tjueåringen hadde ikkje fått med seg at fristen i år var flytta to månadar fram, og at søknaden kom ut allereie i november, før NRK ringde.

– Eg har ennå ikkje begynt å tenkje på sommaren, no tenkjer eg på jul.

Flere ungdommer øver på førstehjelp på Petter Dass museumet.

VARIERT OG ARTIG: Solveig Bremnes (20) seier jobben på museet er variert og artig. Her øver ho og andre sommarvikarar på førstehjelp før turistane kjem.

Foto: Trine Benedicte Jenssen / Petter Dass-museet

Lektorstudenten har nett no eksamen fremst i pannebrasken. Ho har ikkje for vane å planlegge sommarjobb før på nyåret.

Difor trur Bremnes at både ho og andre ungdommar kan gå glipp av annonsar som blir lagt ut mykje tidlegare.

– Det er ein fin ting å få informasjon tidleg, men det spørst om ein får det med seg eller ikkje. Ein kan fort gå glipp av ting.

– Konkurransen er hard

Veidekke i hovudstaden var allereie i september ute med 60 sommarjobbstillingar innan bygg og anlegg i deira område.

Leiar for medarbeiderattraktivitet, Tommy Johansen, fortel at dei ser etter sivilingeniør- og byggingeniørstudentar som dei på sikt kan tilsette fast.

Konkurransen er hard. Det er kamp om studentane, seier han.

En mann med rødt skjegg, gul vernehjelm og rød jakke står foran en bygning på en arbeidsplass.

KARRIERE: Leiar for medarbeiderattraktivitet, Tommy Johansen, fortel at det òg er viktig for dei å ha noko studentane kan søke på når dei er ute på til dømes karrieredagar mellom september og november.

Fristen for dei 60 stillingane er ikkje før i slutten av januar. Då har stillingane lege ute i eit halvt år.

Men folk har allereie blitt tilsett, fordi bedrifta har fortløpande rekruttering. Difor meiner leiaren at dei ikkje går glipp av gode søkarar, sjølv med tidleg annonsering.

– Vi veit frå tidlegare at det er ein del studentar som ikkje er i modus for å søke jobb før det nærmar seg jul. Andre er klar over at det er mange om beinet og vil vere tidleg ute.

Johansen fortel at det dei siste åra har blitt vanlegare at bransjar som rekrutterar ingeniørkompetanse begynner tidleg. Også i fjor var dei ute med annonse i september.

Tidlegare no enn før

Men sjølv om stadig fleire kastar seg på fristen om å legge ut sommarjobbannonsane tidleg, gjeld det langt frå alle.

– Vi ser at det er på vårparten at flest stillingar blir lyst ut, seier Adéle Cappelen Blystad, kommunikasjonsleiar i Finn.

 Adele Cappelen Blystad, kommunikasjonsrådgiver i Finn.no

LEIT I JANUAR: – Er ein på jakt etter sommarjobb vil vi råde om å begynne å kikke eller legge inn søk og varsel på Finn allereie i byrjinga av januar, seier Adéle Cappelen Blystad, kommunikasjonsleiar i Finn.

Foto: Caroline Roka / Finn

Både i 2023 og i 2024 var det mars som utmerkte seg som månaden flest sommarjobb-stillingar blei lyst ut. I 2022 og 2021 var hovudmånaden mai.

– Det tyder på at bedrifter begynner å legge ut sommarjobbar tidlegare no enn før, seier Blystad.

Ho reknar med at stillingar som blir publisert tidlegare blir sett av fleire, og difor mottar fleire søknadar. Men det kjem òg an på typen stilling.

Fordel med lang frist

På Helgeland museum meiner dei òg det er lurt å vere tidleg ute og heller ha ein lang søknadsfrist. Deira frist går ut i februar.

– Att ein har god tid til er bra i arbeidslivet. Vi har 18 avdelingar spreidd over heile Helgeland som skal ha sommarjobbstillingar. Det er ein kabal, seier Kine Olderli-Fagerbakk i Helgeland museum.

Klokkergården på Rødøy en sommerdag med blå himmel, Rødøyløva i bakgrunn og statuer av barn på en benk og et stort anker i forgrunn.

TIDLEG LYST UT: Klokkergården på Rødøy er eit av dei 18 musea til Helgeland museum som til sommaren treng sommarvikarar. Stillingane blei lyst ut tidlegare enn nokon gong i år.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Og den tidlegare trenden har lønt seg, ifølge ho. Det har allereie begynt å kome inn søknadar.

– Vi håper å få fanga opp studentar. Dei er ofte tidleg ute med å søke.

– Kva tenkjer du om at stadig fleire lyser ut stillingane så tidleg?

– Det kan vere både positivt og negativt. Det er ikkje alle som ser føre seg kor dei skal vere om x antal månadar. Men dei som søker, søker anten fordi dei må eller fordi dei har lyst. Vi håper å få fleire av dei som har lyst.

Publisert 29.11.2024, kl. 05.37

Read Entire Article