Ingen EM-garantiar for Nordås og Svela – ellevill kamp om plassane

5 months ago 102


Narve Gilje Nordås, kaprar truleg ein av dei resterande tre plassane, men han blir foreløpig ikkje gitt lovnader frå øvste hald i Noregs Friidrettsforbund.

Han og Jakob Ingebrigtsen er dei einaste som har kvalifisert seg på 1500 meter, men på 5000 meter er situasjonen ein heilt annan.

Fem utøvarar – i tillegg til Ingebrigtsen – har tatt kravet på 13.20,00 minutt:

  • Narve Gilje Nordås, 13.05,38 minutt, Heusden-Zolder, 15. juli 2023
  • Magnus Tuv Myhre, 13.09,44 minutt, Oslo, 15. juni 2023
  • Henrik Ingebrigtsen, 13.13,99, Oordegem, 27. mai 2023
  • Awet Kibrab, 13.15,41, Heusden-Zolder, 15. juli 2023
  • Per Svela, 13.19,87, Huelva, 30. april 2024

– Det er mange om beinet. Eg tok i alle fall kravet, så får tida vise om eg må springe enda fortare. Det er høgt nivå i Noreg, seier Svela til NRK.

Fristen for å kvalifisere seg til EM er 26. mai. Uttaket må vere klart tidleg 30. mai.

Ekstremt viktig månad

Svela er siste nordmann under EM-kravet, men kan ikkje kjenne seg trygg på ein plass i Roma. Til samanlikning med fleire andre.

– Det blir viktig å springe fort, og eg er ganske sikker på at ein må springe raskare enn 13.19. Eg trur nivået er så høgt at ein må springe raskare. Han må nok springe fortare om han skal komme med, seier sportssjef Erlend Slokvik til NRK.

Erlend Slokvik

SPORTSSJEF: Erlend Slokvik.

Foto: Fredrik Hagen

Han har siste ord når laget skal takast ut og har formidla til utøvarane at tider sett i 2024 blir vurderte over prestasjonar i 2023. Nåverande situasjon kallar han for eit luksusproblem.

– Det er ikkje noko nytt, så det blir berre å gjere ein grundig jobb, seier Slokvik, og viser til det viktigaste kriteriet:

– Det blir å vise form i mai.

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal er imponert over nivået, men vil ikkje spekulere i kven som til slutt blir ein del av troppen.

– Det er sjølvsagt eit privilegium å ha så mange som klarer eit krav, men reelt sett med meisterskapsferdigheiter, er det kanskje berre Narve som er ein type løpar som kan vere med inn, viss han er i form, meiner han.

Fleire prøver å ta kravet

Magnus Tuv Myhre returnerer laurdag frå høgda i Flagstaff. Hans foreløpige plan er å sesongopne på 5000 meter i Stockholm.

– Han har hatt eit trøyttleiksbrot og vore ein del sjuk i vinter, men har trena ei stund og trena mykje alternativt. Det ser bra ut, eigentleg overraskande bra ut, seier Tore Myhre, far og trenar til Magnus Tuv Myhre.

Avhengig av korleis testane ser ut og korleis treninga går ved heimkomst, vurderer dei også ein 10.000 meter i England i midten av mai. Han blei nummer sju på distansen sist europameisterskap.

– Han må først ta seg til EM, så får vi sjå. Å kvalifisere seg på ranking til OL blir vanskeleg etter kvart både på 5000 og 10.000 meter, seier Myhre.

 Dag 6

VM-deltakarar: Magnus Tuv Myhre og Henrik Ingebrigtsen sprang forsøksheatet i VM i Budapest. Sistnemnde tok EM-sølv på 5000 meter i 2018.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Henrik Ingebrigtsen har ennå ikkje opna sesongen på bane. Han planlegg alle å springe 5000 meter i mai, ifølge Slokvik.

Awet Kibrab spring 5000 meter i Stockholm, 15. mai, og vurderar i likskap med Myhre også 10.000 meter i England tre dagar seinare, seier trener Hans Jørgen Borgen til NRK.

Nordås er påmeld 3000 meter i Bergen, den 22. mai. Det held at han viser form der.

Abdullahi Dahir Rabi (21) løp inn til norsk rekord på 5 kilometer gateløp 13.24 i Monaco i februar. Ungguten står på startlista på 5000 meter i Lyon førstkommande laurdag.

– Planen er å ta EM-kravet. Eg har trena veldig bra og kjenner meg klar, seier Rabi til NRK.

Han trur nivået gjer at ein må nærme seg OL-kravet på 13.05 for å bli tatt ut.

Filip Ingebrigtsen (31) skal gjere eit forsøk i Stockholm i kappløp mot Tuv Myhre og Kibrab om snautt to veker. Han sprang inn til 3.38,91 på 1500 meter i Spania og var positiv etter det første løpet i sesongen.

– Når eg spring bra på 1500, så spring eg bra på 5000 meter òg. Så for meg heng dei litt saman. Eg har eit greitt fokus på begge, seier Ingebrigtsen til NRK.

IMG_9468

FORNØGD: Filip Ingebrigtsen smilte etter sesongopninga i Spania. Her saman med treningskompis Moa Bollerød.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Han seier at han, Henrik og Jakob Ingebrigtsen synest det er stas at det plutseleg er kamp om plassane på mellomdistanse.

– Det seier noko om at nivået i Noreg har heva seg. Det er berre sunt og betyr at alle må skjerpe seg litt. Til sjuande og sist er det dei beste som blir med og har sjanse til gjer det best mogleg i eit EM og OL. Vi heiar på nordmenn, seier Filip Ingebrigtsen.

Hyller brørne Ingebrigtsen

Rodal gir brørne mykje av æra for det høge nivået i Noreg. Dei, og da spesielt Jakob i nyare tid, har vore føregangsfigurar og delt rausa av eige treningsopplegg, meiner NRKs ekspert.

– Det er nok mange som drar nytte av at Team Ingebrigtsen har gått litt føre, seier Rodal, som trur utviklinga gir sportssjef Slokvik litt hovudbry.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

– Det er jo eit privilegium for ein sportssjef i eit friidrettsforbund trass alt, sjølv om laguttaket kan bli vanskeleg.

På dei lengre distansane er Sondre Nordstad Moen og Zerei Kbrom Mezngi kvalifisert til 10.000 meter og halvmaraton, men begge prioriterer sistnemnde øving i EM.

Bjørnar Sandnes Lillefosse har foreløpig den 54. og siste plassen av utøvarar som er inne på ranking på 10.000 meter. Ingen av dei 5000 meter-aktuelle kandidatane har sett ei tid på distansen på bane i løpet av kvalifiseringsperioden.

Kibrab er nummer 53 av 60 på rankinga på halvmaraton – og kan vere aktuelle for distansen om han ikkje blir tatt ut til 5000-meteren.

PS! NRK sender alt frå Diamond League, Trond Mohn Games, EM, NM og OL. Under Bislett Games 30. mai spring Henrik Ingebrigtsen, Tuv Myhre, Kibrab og Svela 5000 meter.

Kvestet til blods av knotter, endte opp med ti sting 00:43

Publisert 03.05.2024, kl. 21.33

Read Entire Article