I eit skogholt i Gaupne i Luster blei ein mann i 50-åra fredag ettermiddag angripen av fleire maskerte tenåringar.
Mannen blei stukken med kniv i armen og i halsområdet, og blødde ifølge bistandsadvokaten kraftig då han sjølv fekk ringt politiet.
Deretter blei han flogen til sjukehuset i helikopter.
Fem tenåringsgutar blei fredag sikta for kroppsskade eller medverknad til kroppsskade.
No er siktingane oppjusterte til grov kroppsskade eller medverknad til det.
– Det er på grunnlag av skadene og at det er nytta ein reiskap, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen i Vest politidistrikt.
Hevdar han blei stukken av fleire
Laurdag føremiddag forklarte mannen seg for politiet på Haukeland universitetssjukehus.
– Det har vore veldig dramatisk og skremmande for han. Han er medtatt, men fatta.
Bistandsadvokat Rolf Knudsen fortel at mannen frykta for sitt eige liv då han blei omringa og angripen i skogholtet eit stykke utanfor Gaupne sentrum.
Ifølge advokaten blei mannen stukken ved kragebeinet og i armen, av det som for han stod fram som ukjente personar.
– Han blei påført fleire stikk, og opplever å ha blitt stukken av meir enn éin person. Han blir verande på sjukehuset nokre dagar til, men det er uvisst når han kan skrivast ut, fortel Knudsen.
– Det blei sagt nokre få ord
Knudsen vil av omsyn til etterforskinga ikkje seia kva som var bakgrunnen for at mannen var i skogholtet.
– Eg vil ikkje gå nærare inn på kvifor min klient var der, eller kva som eventuelt har blitt sagt om motiv.
Han vil heller ikkje seia noko om kva gjerningspersonane eventuelt har sagt i forkant av knivstikkinga.
– Det blei sagt nokre få ord, men av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje gå innpå det.
Den fornærma mannen er busett i Gaupne. Ifølge Knudsen er han opphavleg frå Sogn og Fjordane.
Relasjonen ein sentral del av etterforskinga
Relasjonen mellom mannen og dei fem tenåringane er sentrale å få avklart, poengterer politiadvokat Dahlsveen.
– Når det gjeld relasjonen mellom dei sikta og den fornærma er det ein sentral del av etterforskinga. Det kan stå fram som at den fornærma ikkje har vore eit tilfeldig offer. Utover det kan me ikkje gå i detalj på relasjon før alle har blitt avhøyrde.
– Motiv, foranledning og hendingsgangen er heilt sentralt i etterforskinga. Per no er det for tidleg å gå ut med motiv, seier Dahlsveen.
NRK har vore i kontakt med forsvararane til éin av dei to sikta ungdomane, som blir avhøyrde laurdag.
Klokka 16.30 får NRK opplyst at den eine forsvararane framleis sit i avhøyr. Den andre forsvarane har ikkje svart.
Publisert 15.06.2024, kl. 17.24 Oppdatert 15.06.2024, kl. 17.47