I dette området har ein aldri registrert villsvin før – så dukka fire villsvin opp

4 months ago 32


– Det er mykje gris i Sverige, men at dei kjem seg over hit er godt gjort.

Det seier Jørn Gisle Dalbakk, han er ein av grunneigarane i området.

I Dalsbygda i Os i Østerdalen har det totalt blitt observert fire villsvin så langt i sommar. Nå er berre to av dei i live.

For i løpet av førre helg blei tre villsvin skotne i Innlandet. To av dei i Os, medan det siste blei felt i Stange.

Dyret er uønskt i Noreg, mellom anna fordi det kan spreie Afrikansk svinepest til svin.

Et av de to villsvinene som ble felt i Os.

Dei fire dyra i Os var alle vaksne, men av noko ulik størrelse. Det opplyser grunneigar Jørn Gisle Dalbakk.

Foto: Jørn Gisle Dalbakk

For hardt klima

Sjølv om fleire villsvin har blitt registrert i området i løpet av kort tid, er ikkje Dalbakk uroa for at det vil slå seg ned villsvin i området.

– Dei vil nok uansett ikkje klare å handtere den tøffe vinteren her i fjellregionen.

Elles i Nord-Østerdalen trur han derimot at bestanden kan auke.

– I lågareliggande strøk vil dei absolutt kunne klare å overvintre, og i dei områda trur eg nok vi vil komme til å sjå meir villsvin med tida, meiner Dalbakk.

Krevjande å fjerne

Når villsvina først har komme inn i landet kan dei vere svært vanskeleg å bli kvitt.

– I Sverige er det rundt 250 000–300 000 villsvin og det gjer det krevjande å halde bestanden nede her til lands.

Det seier Inger Maren Rivrud som jobbar med å overvake bestanden av villsvin i Noreg for NINA.

Portrettbilde av Inger Maren Rivrud

Inger Maren Rivrud er ikkje uroa sjølv om det har blitt observert fleire villsvin på kort tid.

Foto: Arnfinn Staverløkk / Norsk institutt for naturforskning

Til samanlikning er det rundt 1000 villsvin i Noreg.

Likevel har bestanden heldt seg flat i Noreg dei siste åra. Rivrud meiner at det er takka vere jegerar som skyt mykje villsvin.

– Det er mange ivrige jegerar som har skote mykje villsvin som er hovudårsaka til at bestanden held seg stabil, forklarer Rivrud.

Ifølgje ho har det ikkje blitt registrert eller skote villsvin i dette området i Dalsbygda i Os tidlegare. Likevel er ho ikkje uroa no.

– Det er snakk om nokre dyr og dei blir oppdaga i ei tid på året der villsvin gjerne streifar til nye område, så eg tenker at dette er noko ein må rekne med.

– Det er langt unna det same som at det har slått seg ned villsvin i området.

Skal utryddast

Siv Sætran (Sp) er politisk rådgivar i Landbruks- og matdepartementet, ho seier målet til regjeringa er å utrydde villsvin i Noreg.

Målet er sett for å hindre at sjukdommen afrikansk svinepest kjem til Noreg. For å nå dette målet, er det utarbeidd ein eigen handlingsplan mot villsvin, skriv ho i ein e-post til NRK.

Portrettbilde av Siv Sætran.

Politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet, Siv Sætran (Sp).

Foto: Torbjørn Tandberg / Landbruks- og matdepartementet

Ifølge Sætran er det sett i gang fleire tiltak for å få bukt med villsvinbestanden.

I fjor haust auka mellom anna vederlagsordninga for felling av villsvin i Noreg.

Pause i jakta

Nå har jegerane i Os i Østerdalen tatt seg ei pause i jakta på dei to villsvina som er att, fortel grunneigaren.

– Vi har tatt eit opphald i jakta fram til vi får nokre nye spor som viser kvar villsvina er.

Han har god tru på at dei vil finne nye spor.

– Det er mange sauegjetarar i området som er observante og melder frå til jegerar dersom dei ser teikn til villsvin.

Publisert 20.07.2024, kl. 21.04

Read Entire Article