Hjortane blir stadig fleire og magrare: Ekspert klandrar jegerane

1 month ago 9


– Dette er 30 års arbeid!

Hjortejeger John Hermund Hauge viser stolt fram jakttroféa han har hengande i uthuset.

– Eg synest alle jegerar skal få lov til å skyte seg ein stor bukk i løpet av karreria, seier han.

Men framover bør han droppe å jakte store gevir, meiner hjorteekspert Johan Trygve Solheim.

Han er bekymra over utviklinga for hjortebestanden i Noreg.

Trass i at vi skyt fleire dyr kvart år, aukar bestanden kraftig.

Hjortegevir

Gevirsamlinga til hjortejegeren.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Samstundes går både snittalderen og slaktevekta nedover, særleg på unge dyr, ifølgje tal frå Hjorteviltregisteret.

Solheim klandrar i stor grad jegerane for at hjortane blir yngre og magrare.

Det har vore for mykje fokus på trofé. Det har vore ein tragedie på den måten at viss alle vil skyte desse bukkane, så blir det jo færre av dei, seier Solheim.

Johan Trygve Solheim

Johan Trygve Solheim ber jegerar gå etter dei mindre dyra.

Foto: Andrine Gald Myklebust / NRK

Ber jegerar droppe troféjakta

Rundt 50.000 hjortar kjem til å bli skotne fram mot jul i Noreg. Rundt halvparten av dei berre i Vestland fylke.

Medan det naturlege er at svake dyr bukkar under og dei sterkaste overlev – så har mykje av jakta vore motsett.

Solheim meiner derfor ein heller bør skyte kalvane og ungdyrane. Særleg no når det er paringstid, meiner han at trofédyrane burde få vere meir i fred, slik at dei kan pare større avkom.

No er det brunst, no skal dei vere ute i skogen og pare til neste generasjon. Dei skal ikkje henge på veggen, seier hjorteeksperten.

Han ber jegerane gå i seg sjølve for å snu den negative trenden med magrare dyr:

Jegerane må bli mindre opptekne av trofédyr med svære gevir som kan hengast på veggen. I staden bør dei skyte kalvar, meiner Solheim.

Vi må få opp snittalderen i bestandane. Dei siste 70 åra har vi hausta ved å ta dei beste og største dyra, seier han.

John Hermund Hauge

Hjortejeger John Hermund Hauge flår og slaktar ein hjort han skaut kvelden før.

Foto: Benjamin Dyrdal

– Små dyr avlar små dyr

I gjennomsnitt har vekta på ungdyr gått ned med om lag 6 prosent i Vestland sidan 2015.

Denne utviklinga har ein også sett i Bergen, som er ein stor hjortekommune.

Særleg unge koller har hatt betydeleg vektnedgang, også i år, ifølgje viltforvaltar Caroline Ertsås Christie i Bergen kommune.

Små koller får små kalvar. Dei blir gjerne fødde seint i sesongen og har for lita tid til å vekse før vinteren. Då har vi ein nedadgåande spiral med små dyr som avlar små dyr framover, seier Christie.

Tre hjort står og ser mot fotografen

Vaksne hanndyr (her bukk i sin beste alder, antatt 12 år) og vaksne hodyr er viktige for å sikre robuste bestandar. Solheim meiner unge hjortedyr, slik som det i midten av dette biletet, er dei som bør skytast.

Foto: Johan Trygve Solheim / Norsk Hjortesenter og Kvalstad Gård

Det er den enkelte kommune som styrer kor mange og kva dyr som kan bli jakta på.

I Bergen har dei følgd rådet om å skyte fleire dyr, og særleg kalvar.

Christie vonar dei lukkast med å kutte i bestanden og få ein betre kjønns- og aldersfordeling, men peikar på at det vil ta nokre år å sjå endringar i slaktevekta.

Solheim understrekar at innsatsen kvar jeger gjer, betyr noko.

– Viss alle er med og bidrar, har eg veldig stor tru på at dette kjem til å bli bra, seier hjorteeksperten.

Hjortejegeren

John Hermund Hauge meiner alle jegerar bør få skyte ein stor bukk i løpet av livet.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Meiner ein og annan bukk kan skytast

– Det må brukast fornuft, men at det er grunnlag for å ta ut ein og annan stor bukk, det er det nok, seier hjortejeger Hauge.

Midt i uthuset hans heng ein nyskoten hjort han held på å flå og slakte. Men den får han ikkje noko gevir av til samlinga.

– Dette er ei eldre kolle. Ho var kalvlaus. Eg antar ho er 2,5 år og rundt 50 kilo, seier han og skyl blod av hanskane.

– Eg prøver å unngå å skyte kalvkolle. Det er viktig å halde liv i dei, seier Hauge.

Publisert 17.10.2024, kl. 18.25

Read Entire Article