Hit, men ikkje lenger for den store isbjørnen på ville vegar

4 hours ago 3


– Det er forståeleg at dei måtte skyte han.

Det seier isbjørnekspert Dag Vongraven til NRK. Han er til vanleg seniorrådgjevar ved Norsk Polarinstitutt.

Det var torsdag denne veka politiet i Vestfjordane på Island fekk melding om ein isbjørn på ei strand.

Dette området ligg om lag 300 kilometer nordvest for hovudstaden Reykjavík.

Den unge isbjørnen hadde kome heile vegen frå Grønland på isflak. Ifølgje islandske medium er dette den første isbjørnobservasjonen der sidan 2016.

Politiet seier at isbjørnen kunne vere til fare for folk.

Islandske styresmakter har tidlegare vurdert i samråd med norske ekspertar om slike bjørnar kan bedøvast og flyttast.

Isbjørn reiste fra Grønland til Island på isflak – ble skutt

Isbjørnen enda sine dagar på denne stranda nordvest på Island.

Foto: DET ISLANDSKE POLITIET

Kartet syner kvar på Island isbjørnen blei sett og avliva.

Skal sjekkast for smitte

– Men frå Island er det svært langt til ein stad der bjørnen vil finne seg til rette. Belastninga for bjørnen ville vore stor, seier Vongraven.

Han fortel at det i tidlegare tider slett ikkje var uvanleg at isbjørn kom seg til Island, men at talet på tilfelle har minska.

– Dette blir ikkje eit vanleg syn i åra framover, trur den norske eksperten.

Politiet tok seg sjøvegen til stranda der isbjørnen blei sett og det blei raskt bestemt at den skulle avlivast.

No skal bjørnekadaveret fraktast til Reykjavík for undersøkingar.

Blant anna skal dei sjekke dyret for rabiessmitte og andre sjukdomar.

Død isbjørn på Island

Isbjørnskrotten skal no undersøkast av veterinærar.

Foto: RUV.is

Skoten på stranda

Det var ei kvinne på ei turisthytte ved Höfdaströnd som såg bjørnen og ringde politiet.

– Folk i området blir oppfordra til å halde seg innandørs og vere varsame, var politiet si første oppmoding.

No har mannskap frå den islandske kystvakta flydd over området og dei har ikkje sett fleire isbjørnar.

Bjørnen blei avliva på stranda av spesialtrent mannskap.

– Eg er ikkje den som skal kritisere det, eg har forståing for at dei går for den løysinga, seier Dag Vongraven ved polarinstituttet.

Kartet syner kvar på Island isbjørnen blei avliva.

Kartet syner kvar på Island isbjørnen blei sett og avliva.

Foto: NRK

Publisert 20.09.2024, kl. 19.21

Read Entire Article