På torsdag hevda Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj at Nord-Korea planlegg å senda 10.000 soldatar til Russland for å kjempa mot Ukraina.
Ukrainske myndigheiter har i fleire veker hevda at nordkoreanske soldatar kjempar for Russland i Ukraina, men har foreløpig ikkje lagt fram bevis for dette.
Nå krever den ukrainske utanriksministeren, Andriy Sybiga, umiddelbare og sterke reaksjonar frå Kyivs allierte, skriv nyheitsbyrået AFP.
Russland har sjølv nekta for at dette er tilfellet.
Natos generalsekretær Mark Rutte sa torsdag at det ikkje finst bevis for at nordkoreanske soldatar kjempar i Ukraina, skriv nyheitsmagasinet Time.
Fredag endra han formulering til at Nato ikkje kan bekrefte påstandane.
– Akkurat nå er det offisielle standpunktet vårt at vi ikkje kan bekrefte rapportar om at nordkoreanske soldatar er involverte i krigføringa. Men dette kan endre seg, sa Rutte på fredag ifølge nyheitsbyrået AFP.
Han la til at Nato er i tett dialog med partnarane sine om saka, og særleg Sør-Korea.
Meiner dette er ein alvorleg sikkerheitstrussel
Det franske utanriksdepartementet uttrykte fredag bekymring over det aukande militære samarbeidet mellom Russland og Nord-Korea, etter å ha fått nyheita frå Sør-Korea, skriv AFP.
Ifølge Sør-Koreas etterretningsteneste planlegg Nord-Korea å senda fire brigadar på 12.000 soldatar til Russland for å hjelpa dei i krigen mot Ukraina.
Det skriv det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.
Sørkoreanske myndigheiter meiner at dette er ein alvorleg sikkerheitstrussel.
– Ikkje berre mot landet vårt, men også mot det internasjonale samfunnet, heiter det i ei fråsegn frå det sørkoreanske presidentkontoret.
Sør-Koreas president Yoon Suk-yeol var fredag i eit hastemøte om saka, opplyser kontoret.
Satellittbilde skal vise utplassering
Fredag publiserte sørkoreanske myndigheiter satellittbilde som etter seiande skal visa nordkoreanske soldatar i Russland.
Satellittbilda viser ifølge dei at ein kontingent på 1500 soldatar allereie er på plass ved militærbasar aust i Russland.
Blant anna i Vladivostok, Ussurisjk, Khabarovsk og Blagovesjtsjensk, skriv AFP.
Etterretningstenesta seier at desse styrkane truleg skal gå til kamp på frontlinjene i Ukraina, utstyrt med russiske uniformer og våpen, når dei er ferdige med trening og akklimatisering.
Nordkoreanske soldatar skal ifølge dei ha blitt frakta frå Nord-Korea til Russland med russiske krigsskip i perioden 8. til 13. oktober.
Kan letta trykket langs frontlinja
Førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole, Tom Røseth, seier informasjonen frå Sør-Korea og Ukraina er truverdig.
– Spørsmålet er eigentleg kor mange dei er og kva dei skal gjera, seier Røseth.
Han seier sørkoreansk etteretning kan ha fått eit overestimat på styrken som skal til Russland, og at det faktiske talet på soldatar vil visa seg.
Også kva type oppdrag dei skal utføra er avgjerande for betydninga av overføringa og reaksjonen internasjonalt.
Folkerettsleg sett, er det forskjell på om dei nordkoreanske styrkane skal delta i krigen med eigne uniformer inne i Ukraina i ein offensiv kamp, eller om dei er meir i forsvarsposisjon på russisk territorium, forklarar Røseth.
– Etter det som er sagt, skal det vera ganske dyktige styrkar som kan gjera ein forskjell i til dømes fylket Kursk.
Styrkane kan då letta trykket Russland står overfor med ei utstrekt frontlinje, slik at dei kan gå hardare inn i Donbas før presidentvalet i USA.
– At Russland nå intensiverer krigføringa, er å få best mogleg utbytte av ein eventuell fredsprosess frå ein Trump-administrasjon, som han sjølvsagt håpar på.
Den republikanske presidentkandidat Donald Trump har sagt at han vil pressa fram ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland dersom han blir valgt.
– Den vil sannsynlegvis gå over hovudet på Ukraina, og tilgodesjå russiske posisjonar og territorielle vinning.
– Eit teikn på eskalering
Professor ved Forsvarets høgskole, Tormod Heier, meiner at Nato, sjølv om dei ikkje vil bekrefta det, mest sannsynleg sit med den same informasjonen som Sør-Korea.
– Viss Sør-Korea og Ukraina veit om det, da er det svært sannsynleg at USA veit om det, meiner Heier.
– Dette er jo eit teikn på at krigen på mange måter eskalerer, fordi nordkoreanske avdelingar inngår i den russiske kommandokjeden og er underlagd ein russisk angriper som er i krig med Ukraina, som er Natos strategiske partnar.
Sett frå Natos auge vil sannsynet då vera større for at krigen blir forlengd, noko som verken er av interesse for Nato eller Ukraina, seier han.
– Men dette seier også noko om kor pressa det største landet i verda Russland er, når dei ser seg tvinga til å importera soldatar frå Nord-Korea.
Stadig tettare band
Russland og Nord-Korea har lenge vore alliert, og har dei siste åra knytt stadig tettare band.
I sommar inngjekk landa ein avtale om å yta militær hjelp til kvarandre dersom eitt av landa blei angripe.
Nord-Korea har tidlegare blitt skulda for å bidra til krigføringa i Ukraina ved å sende våpen og ammunisjon til Russland, noko begge landa avviser.
– Vi veit at Nord-Korea støttar Russland på mange måtar: Med våpenforsyningar, teknologiske forsyningar og innovasjon, for å støtte krigføringa. Det er urovekkande, seier Nato-sjef Mark Rutte ifølge Reuters.
Publisert 18.10.2024, kl. 20.36 Oppdatert 18.10.2024, kl. 20.36