– Eg veit ikkje om alle har fått det med seg, men tysk lov gjer det jo eigentleg litt vanskeleg for han fordi det er ikkje lov til å jobbe etter klokka 23.00 når du er 16 år.
Det sa NRK-profil Tete Lidbom etter Spanias siger over Georgia i åttedelsfinalen i fotball-EM søndag.
– Så han må jo skunda seg ut av dusjen, fordi det luktar altså bot til det spanske forbundet kvar gong Spania speler sein kamp, fortsette Lidbom.
I Tyskland har personar under 18 år eigentleg ikkje lov til å jobbe etter klokka 20.00, men det er gjort unntak for idrettsutøvarar. Dei får ifølge tysk lov jobbe tre timar lenger, men altså ikkje lenger enn til 23.00.
Stephan Gräf, ein tysk jurist ved Universitetet i Konstanz, bekreftar at Det spanske fotballforbundet kan ha brote lovverket.
– Lova er kritisert i Tyskland, men ho er framleis gjeldande, seier Gräf til NRK.
Brot på reglane kan føre til ei bot på opptil 30.000 Euro.
Det europeiske fotballforbundet Uefa har vist NRK vidare til Det spanske fotballforbundet, som ikkje har svart på førespurnaden vår.
Ler av regelen
Manchester City-stjerna Rodri skåra det spanske utlikningsmålet i 4–1-sigeren mot Georgia. Han synest heile situasjonen er komisk.
– Det er morosamt, med tanke på at ein gut på denne alderen er god nok til å spele EM, seier Rodri til NRK mens han flirer.
– Han er ein utruleg spelar. Modnaden han viser allereie nå som 16-åring er utruleg. Han var nære å skåre mot Georgia. Forhåpentleg kan han skåre nokre mål mot Tyskland, fortset Rodri.
På pressekonferansen før åttedelsfinalen spurde NRK den spanske trenaren Luis de la Fuente om det fekk nokre konsekvensar at Yamal spelte etter klokka 23.00 i kampen mot Albania.
– For å vere ærleg visste eg ikkje om tyske arbeidslover. Om vi må ta han av banen 23.02, må vi det. Nei da, eg tullar så klart. Han er her for å spele ein kamp, for å nyte jobben. Vi tenker ikkje på noko anna. Det betyr ikkje noko for oss, sa la Fuente.
Dani Olmo, som skåra det siste målet mot Georgia, seier følgande til NRK om det moglege regelbrotet:
– Dei sa noko om det på pressekonferansen. Men eg trur ikkje det gjeld i dag så det er ikkje noko problem for oss.
Kampen søndag var ferdig før klokka 23.00, men regelverket gjeld òg møta til utøvaren med media etter klokka er slagen. NRK har bildebevis på at Yamal stilte opp i intervju etter klokka 23.00. Han gjekk inn i bussen 23.55, ifølge NRKs reporter på staden.
– Har Det spanske fotballforbundet har brote lovverket sidan dei har late Yamal gjere intervju etter klokka 23 på kvelden?
– Det kan vere tilfelle. Sjølv utan tilleggstid blir grensa på klokka 23.00 eit problem, seier Gräf.
Juristen trekker fram at aktivitetar som blant anna dusjing, lagmøte, og intervju er forbodne etter klokkeslettet.
I utgangspunktet er bussturen heim frå kamp det einaste Yamal får lov til å vere med på som ein del av laget etter tidsgrensa.
Ein talsperson for det tyske Forbundsdepartementet for arbeids- og sosialsaker skriv følgande til NRK:
«Tilsetjing av barn og unge er regulert av ein spesiell lov i Tyskland (Jugendarbeitsschutzgesetz), som beskyttar unge menneske mot overdriven arbeid. Dei føderale statane og deira helse- og sikkerheitsmyndigheitene ber ansvaret for gjennomføringa og overvakinga av lova. Det er opp til desse kompetente myndigheitene å tolke loven og undersøke den enkelte sak.»
Trur Spania slepp straff
Sjølv om myndigheitene kan gi bøter for lovbrotet, er dei likevel ikkje forplikta til det, forklarer Gräf.
– Myndigheitene har såkalla «skjønn». Dette betyr at dei kan avstå frå å gi bot. Det betyr i praksis at brot på 23.00-grensa på idrettsområdet vanlegvis vil vere tolererbart. Det er derfor lite sannsynleg at myndigheitene vil gripe inn under EM.
Vidare fortel han at denne regelen er omstridd blant tyske advokatar.
– Det ville vore annleis om forbundet «vedvarande» braut forbodet. Da ville dei ansvarlege i forbundet til og med gjere seg skuldig i ei straffbar handling. Da ville den tyske statsadvokaten vere ansvarleg for å sette i verk tiltak, og dei ville vere forplikta til å gjere det. Det er likevel omstridd kva det juridiske omgrepet «vedvarande» eigentleg betyr. Ei rein gjentaking av lovbrotet er ikkje nok.
– Trur du dei fekk eit unntak frå lova med Yamal som eit så stort fotballtalent?
– Det ville eigentleg ikkje vore eit unntak frå lova, viss ikkje myndigheitene tok affære. Dei ville berre bruke det skjønnet som lova gir dei – eller lovas «usikkerheit».
Gräf seier at ein ikkje snakkar om eit unntak spesifikt for Yamal.
– Som sagt, det er fordi tyske myndigheiter ennå ikkje har tatt grep mot klubbar eller forbund i andre saker innan eliteidretten – med tanke på moglege arbeidstidsbrot, seier Gräf og held fram:
– Etter mi meining vil statsadvokaten ikkje vurdere ein «vedvarande» regelbrot som oppfylt – sjølv om Yamal fleire gonger jobba etter kl. 23.00 under EM. Det er derfor eg reknar med at Det spanske fotballforbundet ikkje vil møte nokon sanksjonar frå denne sida heller.
– Ein modnad som er eldre enn alderen hans tilseier
Sjølv om den spanske landslagssjefen ikkje verkar å uroe seg for arbeidstidene, seier han at 16-åringen får tett oppfølging av det spanske landslagsapparatet:
– Eg snakkar mykje med han, kvar dag. Han får naturlegvis tilpassa oppfølging fordi han er så ung. Vi behandlar han som alle spelarar på laget, men vi må vie ekstra merksemd til han fordi han berre er 16 år, seier la Fuente.
– På banen viser han ein modnad som er eldre enn alderen hans tilseier. Vi prøver å hjelpe utviklinga hans både som fotballspelar og som person, fortset landslagssjefen.
Det beviste Yamal i åttedelsfinalen mot Georgia søndag. 16-åringen var sentral i 4–1-sigeren, der han blant anna bidrog med målgivande pasning og ei annullert skåring.
Sjå Yamals målgivande pasning her:
– Ein blir stum av beundring, at det er mogleg, sa NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp om Yamals framferd.
Olmo hyllar òg den unge lagkameraten sin:
– Han speler fantastisk fotball. Han har vist det for klubblaget og vi er lykkelege over forma hans. Vi håpar han fortset sånn.
Fredag møter Spania vertsnasjonen Tyskland i kvartfinalen.
– Eg trur at han og resten av laget må vere rolege. Vi må ikkje tenke for mykje på kva Tyskland gjer og vi må vere oss sjølve. Vi må vise mot på fredag og vise at vi er her for å vinne EM. Vi håpar å vere betre enn dei på heimebanen deira, avsluttar Rodri.
Publisert 04.07.2024, kl. 05.51