Her skal Märtha Louise og Durek gifte seg

3 months ago 43


Laurdag 31. august blir det stor ståhei i turistbygda Geiranger. Det er kjent at bryllaupsfesten til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal vere på hotell Union.

I dokument frå politiet til NRK kjem det fram at vigselen skal skje utandørs. Nærare bestemt på Vinjevollen. Dette er eit naturskjønt område på ein gard like ved hotellet.

TV 2 og NRK har fått tillating til å filme med drone, men i vedtaket frå Møre og Romdal politidistrikt kjem det fram at det ikkje er lov å filme når gjestane kjem, under vigselen på Vinjevollen og under transport av personell med sikringstiltak.

Det prest Margit Lovise Holte som skal vie paret.

Bryllaupsfesten startar i Ålesund torsdag. På fredag skal gjestane dra med båt til Geiranger.

Det er ikkje kjent kven som er gjestar i bryllaupet. Møre og Romsdal politidistrikt har budd seg på bryllaupet i lang tid og har bedt om ekstra løyvingar frå Politidirektoratet.

Politiet skal sikre og beskytte arrangementet dersom gjestar har krav på vern.

Publisert 08.08.2024, kl. 10.34

Read Entire Article