Beina er tunge, syra kjem, klokka tikkar saktare og saktare mot 90 minutt.
Kieran Trippier pådreg seg krampe etter 80 minutt mot Serbia. Han får behandling, før han får fleire ting servert av støtteapparatet.
Blant anna ei lita flaske med drikke. Deretter fullfører engelskmannen kampen.
Drikka som tok kampen mot krampen til Trippier er «pickle juice», eller sylteagurksaft på norsk. Dei siste dagane har det fått stor merksemd i engelske aviser.
Walker svarer på mystikken
NRK spurde den engelske forsvararen Kyle Walker om den noko uvanlege drikka. Han ler før han svarer:
– Eg trur det har eksistert ei stund, men det har blitt framheva med bilda av Trippier her, seier han på ein pressekonferanse onsdag.
– Eg drikk det ikkje sjølv, eg held meg godt hydrert. Eg har vore heldig, som ikkje har fått krampar. Men fotballen har utvikla seg, og dette er noko idrettsforskinga har funne ut at kan vere gunstig seint i kampar, forklarar han.
Ifølge Molde FKs ernæringsfysiolog har Walker heilt rett. Sylteagurksafta har noko føre seg.
– Det er natriuminnhaldet som er høgt i «pickle juice» og avgjerande for å unngå krampar. Det er det same vi brukar i elektrolytt-blandingar, som blir teke før kamp og i pausen her i Molde, fortel Heidi Holmlund, som tidlegare òg har vore knytt til Olympiatoppen.
Ho får støtte frå tidlegare landslagslege Thor Einar Gjerstad Andersen, som forskar på idrettsskadar på Norges idrettshøgskole (NIH).
– Dette er ikkje berre gimmick. Det engelske landslaget har ekspertar på ernæring i støtteapparatet. Dei veit kva som er optimalt for spelarane, seier Andresen og fortset:
– Å nytte «pickle juice» kan vere fornuftig før kampar, men da saman med å fylle opp væske- og karbohydratlagera. Det er spesielt viktig når det er varmt og spelarane sveittar mykje. Undervegs i kampen er tilførsel av væske og karbohydrat det viktigaste, meiner Andersen.
Hadde med fenalår til OL
– Kvifor treng ein det?
– Nokre spelarar er stortaparar av sveitte og salt (natrium) og får ekstra råd om salthaldig mat og drikke som spekeskinke, fenalår og Farris i dagane før treningar og kampar i varme. Fenalår var òg med til OL i Tokyo, avslører Holmlund.
Andersen legg til at sylteagurksafta òg er rik på kalium.
– Det høyrast jo veldig ekkelt ut å drikke sylteagurksaft?
– Heilt einig! Men eg kan tenke meg at dei har nokon tilsetningsstoff for å få det til å smake betre. Sylteagurk er jo veldig godt, men ikkje jusen dei ligg i. Men skal du oppnå mykje, så må du kanskje ofre litt, spøkjer NIH-forskaren.
Samanlikna med spekeskinke og Farris, kan sylteagurksaft verke lite freistande. Så kvifor vel engelskmennene akkurat dette alternativet?
– Det er litt ulike kulturar, og vi har ulike måtar å løyse det på. Sylteagurksaft er ganske klassisk britisk og det er måten dei løyser det på, meiner Holmlund.
Andersen stemmer i:
– Mitt råd er å fylle opp væske-, karbohydrat- og natriumlagera før kamp, men aller viktigast er det å vere riktig trent for kva som krevjast for å spele kampar på dette nivået.
Forskaren poengterer at det viktigaste man kan gjere for å unngå muskelkrampe er å vere riktig trent.
– At spelarar er «slitne» i beinmuskulaturen er hovudårsaka til muskelkrampe mot slutten av kampar, forklarer Andersen.
Ernæringsfysiolog Holmlund anbefaler at ein brukar metodar med mat og drikke som er lett å få i seg:
– Det høyrest ut som du skal like sylteagurksaft frå før for at det fungerer. Ikkje begynn med noko som er uvant i ein konkurransesamanheng før du har testa det ut, seier ho.
Hareide: – Er så mange kjerringråd
Sylteagurksaft er ikkje unikt i fotballen. Fleire tennisspelarar, som Daniil Medvedev og Carlos Alcaraz, har tidlegare hatt med seg drikka i tenniskampar, men ikkje alle hiv seg på trenden.
Ein som allereie har varsla at han er skeptisk er Englands midtbanejuvel Kobbie Mainoo. 19-åringen blei spurd om drikka på ein pressekonferanse tidlegare denne veka, og svarte kontant:
– Eg har ikkje prøvd sylteagurksaft. Eg visste ikkje at det hjelpte mot krampar. Eg kjem ikkje til å ta det!
NRKs fotballekspert Åge Hareide er heller ikkje overtydd.
– Det høyrest jo veldig merkeleg ut. Eg har aldri høyrt om det eingong, seier han, og fortset:
– Det er så mange kjerringråd og råd for alt mogleg rart. Eg trur ikkje det hjelper så mykje, seier Hareide.
Publisert 21.06.2024, kl. 07.12