Det er siste innspurt i valkampen i USA. Tysdag er siste sjanse for amerikanarane å velje sin nye president.
Laurdag overraska presidentkandidat Kamala Harris med å dukke opp på det populære programmet Saturday Night Live.
Harris føyer seg i rekka over presidentar og politikarar som delteke i satire-programmet.
Skodespelar Maya Rudolph portretterte Kamala Harris som sat backstage under eit valkamparrangement. I spegelen snakkar ho med seg sjølv, altså den ekte Kamala Harris.
«Kamala, take my pamala. The american people want to stop the chaos. And end the dramala with a cool new step mamala.»
Slik startar dialogen mellom dei to, som refererer til dei to steborna til Harris.
«Keep Calm-ala and carry onala», seier dei to i kor. Publikumet jublar.
Trump, Obama og Pailin
Harris er ikkje den første toppolitikarane til å delta i programmet.
Donald Trump, som er oppteken med å selje fastfood og køyre søppelbil i valkampen, har delteke i programmet ved fleire høve.
I 2015, like før valkampen der han gjekk sigrande ut, deltok han i programmet.
Latinamerikanske organisasjonar protesterte då i gatene utanfor studioet i New York på grunn av Trumps innvandringspolitikk.
Allereie i 1993 hadde Trump ein gjesteopptreden under episoden som gjekk på lufta på morsdag.
I 2008, då Obama blei først valt som president, deltok både Obama og den republikanske presidentkandidaten John McCain på Saturday Night Live. Det skriv Reuters.
Publisert 03.11.2024, kl. 09.57