25 millionar sudanarar svelt og manglar vatn.
Det er villa politikk frå den sudanske hæren (SAF) og den paramilitære hæren RSF, ifølge FN.
Dei to hærane har kriga mot kvarandre i 16 månadar, og aktivt slått ned på naudhjelp til sivilbefolkninga undervegs.
Men fredag melder nyheitsbyrået AFP at partane har gått med på å la naudhjelp passere gjennom to, kanskje tre, korridorar inn til Sudan.
– At vi ser på dette som eit lysglimt, seier noko om kor ille det står til, seier forskar og Sudan-ekspert Liv Tønnessen ved Christian Michelsens institutt.
Slår hardt ned på naudhjelp
Kampane mellom SAF og RSF braut ut i hovudstaden Khartoum april 2023, men valden spreidde seg raskt til resten av landet.
Hærane bruker svolt, tørste og seksuell vald som våpen for å terrorisere folket, viser rapportar frå FN.
I tillegg er fleire hundre tilfelle av kolera registert i landet dei siste vekene, etter at kraftig regn spreidde smitte i drikkevatnet, ifølge den sudanske helseministeren Haitham Mohamed Ibrahim.
Hærane har aktivt blokkert lastebilar med naudhjelp frå å kome inn til dei ramma områda.
Og ikkje nok med det.
– Det finst eit stort hjelpeapparat på bakken der sudanarar sjølv gjer det dei kan, med veldig lite middel, for å gi naudhjelp til andre. Men også desse gruppene blir brotne ned av hærane, seier Tønnessen.
For gruppene som organiserer den humanitære hjelpa på bakken, er dei same som organiserte revolusjonen i 2019.
Då velta folket det islamistiske militærregimet som hadde sete i 30 år.
– Og er det éin ting RSF og SAF er einige om, er det at dei ikkje ønsker noko folkestyre. Så dei gjer alt dei kan for å bryte ned desse gruppene no, forklarar Tønnessen.
Tre humanitære passasjar
Særleg i Darfur, ein region vest i landet, er lidingane enorme.
Den eine humanitære korridoren som SAF og RSF no har gått med på å beskytte, går inn til nettopp Darfur, via et krysningspunkt på grensa til nabolandet Tsjad. Det skriv AFP.
I tillegg skal det vere ein passasje inn frå Port Sudan, raudehavshamna som ein kvart million sudanarar har flykta til.
Ein tredje passasje, som ikkje er heilt i boks enno, skal vere ved byen Sennar, sørvest i Sudan.
Møtte ikkje til fredsforhandlingar
Avtalen har blitt forhandla fram av ei gruppe meklarar som har sete i Sveits dei siste ti dagane.
USA har hatt ei rolle i samtalane, og Den afrikanske union, Egypt, Dei sameinte arabiske emirata og FN har vore vertskap saman med Sveits.
RSF sende ein delegasjon til Sveits, men det gjorde ikkje SAF. Tønnessen trur ikkje ein skal stole fullt på lovnadane dei to hærane kjem med.
– Det har vore mange forhandlingar i Sudan opp gjennom åra, og kvar gong har ein gått i den same fella: ein set menn med våpen til å snakke om fred, seier ho.
– Då dreier forhandlingane seg først og fremst om korleis dei to partane, som jo er dei som hindrar fred, skal fordele kaka seg imellom.
Men katastrofen i Sudan er så stor at sjølv det minste framsteg er betre enn ingenting, legg ho til.
– Denne krigen er så grufull og utmattande at ein ser på dette verkeleg vesle framskrittet som eit slags håp.
Interessert i utanriksstoff? Høyr ein fersk episode av utanriksredaksjonen sin podkast:
Publisert 23.08.2024, kl. 21.03