Flyktningane flyttar frå bygda

5 months ago 28


I 2015 flykta ekteparet Berna Bosik og Osama Kondrak frå krigen i Syria. Dei ville til Noreg.

Reisa gjekk via Murmansk i Russland, og ein oktoberdag kom dei på sykkel over grensa til Noreg ved Storskog.

Berna Bosik og Osama Kondrak

FLYTTA: Berna og mannen Osama valde Sarpsborg.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Nesten eitt år seinare var dei blitt busette i Snåsa i Trøndelag. Det vart ei blanda oppleving.

– Vi likte naturen og menneska der godt, og har framleis kontakt med fleire av dei. Men det var ein bitte liten stad med få moglegheiter, fortel dei to.

Del av eit mønster

Statistikk frå SSB viser at Berna og Osama ikkje var dei einaste som flytta bort frå Snåsa i denne perioden:

  • Av dei 88 flyktningane som budde i Snåsa i januar 2017, er det berre 13 igjen i dag.
  • 75 av dei har flytta til ein annan kommune, viser ei kommuneoversikt SSB har laga.

Berna hadde lang erfaring med saum i Syria. Draumen hennar var å starte ei eiga forretning, og det greidde ho å realisere etter at dei flytta vidare til Sarpsborg hausten 2018 .

– Her har eg eit eige lokale og reparerer klede, syr om bunader eller reparerer båtkalesjer.

Linda Nygaard og Berna Bosik

KUNDAR: Berna har fått kundar frå heile Nedre Glomma-regionen, men også frå lenger unna på Austlandet og elles i Noreg. Her med Linda Nygaard fra Fredrikstad.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Dei valde Sarpsborg av fleire grunnar.

– Det er ein stor by med mange moglegheiter for utdanning og jobb. Butikken min kan gå godt, og det er mange fleire nordmenn her. Det er også betre vêr her! Så er det nærme Sverige og Oslo, listar ho opp.

Dei ønskjer å reise til Sverige for å handle meir av den maten dei likar billegare enn i Noreg.

Dei to fortel også at det var vanskeleg å lære seg godt norsk på den vesle staden i Trøndelag, medan det gjekk mykje betre i Sarpsborg.

– Samlar integreringsproblema

Berna fann seg ei inntekt. Men slik er det ikkje for alle.

Frp er uroa for at flyktningar frå distrikta kjem til byen utan å få jobb, og at dei legg press på sosiale tenester i byområda.

– Ein har trudd at ein spreier busettinga, men eigentleg er det integreringsmidla vi spreier ut i landet, og så samlar vi integreringsproblema i byane, seier innvandringspolitisk talsperson Erlend Wiborg.

Erlend Wiborg, stortingsrepresentant for Frp.

STRAMME INN: Frps Erlend Wiborg.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Frp har bestilt statistikk frå SSB som viser eit tydeleg flyttemønster frå bygd til by. I tabellen under er kommunane delte inn etter kor sentrale dei er.

I dei mest sentrale kommunane til venstre ser ein på dei blå stolpane at flyktningane i stor grad blir buande. I dei minst sentrale kommunane til høgre, viser dei høge raude stolpane at mange flyktningar etter kvart reiser sin veg. Snåsa er ein av kommunane som er blant dei minst sentrale heilt til høgre.

Reiser sin veg

Enkelte distriktskommunar opplever at alle flyktningane som er busette i kommunen forsvinn bort.

I Snåsa har 85 prosent av dei som budde der i januar 2017 reist sin veg.

Vi kjenner oss nok igjen at tidlegare har veldig mange flytta bort, seier ordførar Arnt Einar Bardal (Sp).

– Så har vi teke nokre grep for å prøve å ta endå betre vare på flyktningane som kjem hit.

Storfugljakt i Snåsa

RO: Det er vakkert og god plass i Snåsa.

Foto: GEIR WAGNILD

Denne veka vart norske kommunar bedne om å busette 18.900 flyktningar neste år.

For Bardal er det absolutt eit mål at fleire av flyktningane skal bli buande. Men han opplever at byane er attraktive for flyktningar.

– Det er ofte nærmare slekt, familie og større nettverk i ein del byar. Og det er ofte eit breiare jobbtilbod og kanskje lettare å få jobb. Men vi prøvar å skape betre nettverk lokalt, og jobbar med å betre tilgangen til jobbmarknaden for flyktningane.

Statistikken stadfestar at flyttelassa med flyktningar som har fått busetting i Noreg i stor grad går frå dei typiske utkantkommunane til bykommunane sentralt på austlandet.

Oslo har, som landets suverent største kommune, naturleg nok mest tilflytting. Men om ein ser det i forhold til folketalet, er det særleg kommunar som Sarpsborg, Fredrikstad, Drammen og Lillestrøm som får stor tilflytting av flyktningar frå andre kommunar.

Færre sosiale ytingar

Frps Wiborg meiner svaret på utfordringa er å sette grenser for dei sosiale ytingane flyktningar får.

– Dersom ein skal flytte ut av kommunen som ein først er blitt busett i, då må du kunne forsørge deg sjølv, altså vere i jobb. Ein kan ikkje berre flytte kvar ein vil og forvente at skattebetalaren i den nye kommunen skal finansiere livet ditt.

– Blir ikkje det butvang?

– Nei. Ein har fullt høve til å flytte, gitt at du forsørgar deg sjølv. Systemet er ikkje berekraftig, seier Wiborg.

Han vil også ha flyktningstopp til kommunar og bydelar med meir enn 15 prosent innvandringsandel.

– Slik kan vi få til god integrering, og vi kan unngå parallellsamfunn og opphoping av altfor mange menneske i nokre område.

– Radikalt forslag

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) peikar på at dei fleste blir buande i busettingskommunen sin dei første åra.

– Fire av fem bur framleis i den kommunen dei vart busett i fem år etter busetting.

Men ho meiner også ein må gjere noko med flyttestraumen som går frå utkantane til byane.

Tonje Brenna på NRK

RADIKALT: Tonje Brenna (Ap) meiner Frp går langt med sine forslag.

Foto: Hanna Johre / NRK

– Det er ein fordel om vi klarer å kome på fleire tiltak som gjer at folk blir buande der dei først er busett. Det handlar om å få moglegheit til å kome i jobb, og om korleis vi integrerer. Kommunane må vere tydelege på kva flyktningane mistar viss dei flyttar frå ein kommune, seier Brenna og viser til at flyktningar som flyttar før introduksjonsprogrammet er avslutta, i dag kan miste retten til introduksjonsstønad og sosialhjelp.

– Men Frp vil gå lengre, og seier ein ikkje skal kunne få ytingar dersom ein flyttar frå kommunen der ein først vart busett?

– Då er vi over i ei meir etnisk lovgjeving. Det er i så fall eit ganske radikalt forslag.

Publisert 29.11.2024, kl. 06.51 Oppdatert 29.11.2024, kl. 06.55

Read Entire Article