Grøvdal gir opp OL-distanse: – Kjenner meg litt dum

4 months ago 67


Det blir berre 5000 meter på meg i NM. Eg har landa på det, seier Grøvdal til NRK.

At ho berre skal springe éin distanse under NM i Sandnes denne veka, høyrast kanskje ikkje ut som eit komplisert val å ta.

Men valet har konsekvensar. Det betyr at 5000 meter også blir hennar einaste distanse under OL.

Ho gir nemleg frå seg siste høve til å kvalifisere seg for 10.000-meteren i Paris – ein distanse som hadde passa veldig bra for kvinna som akkurat tok EM-sølv på 5000 meter og EM-gull på halvmaraton.

Kvifor droppar du 10.000 meter i NM, og dermed OL?

Det er 10.000 meter med piggsko. Det hadde sikkert gått fint, men det er ikkje optimalt, for det er ei ganske stor belasting. Eg har vore skadefri så langt i sesongen, og eg er ikkje skjør, men eg vil ikkje stresse med det. Så då droppar eg 10.000 og går «all in» på 5000, seier ho til NRK.

  • Sjå NM i friidrett på NRK1 frå torsdag til laurdag

Ikkje sprunge distansen

Grøvdal skulle ønske det var eit val ho ikkje hadde trunge å ta. For ideelt sett skulle ho ønske at ho var kvalifisert for 10.000-meteren i OL for lenge sidan.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

BEST I EUROPA: Karoline Bjerkeli Grøvdal følgde opp sølv på 5000 meter med gull på halvmaraton i Roma.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det er ho altså ikkje.

Det kjem av at ho verken har klart OL-kravet på 30.40 innanfor kvalifiseringsperioden – eller er kvalifisert på ranking.

Ekstra kjedeleg er det at det siste igjen delvis kjem av manglande kunnskap om reglane.

Til OL er det sånn at alle som har klart kravet, rett nok avgrensa til maksimalt tre frå kvar nasjon, får stille til start i friidrettsøvingane. For 10.000 meter kunne dette kravet ha vore tatt både på baneløp og i gateløp.

Grøvdal har ikkje sprunge 10.000 på bane i kvalifiseringsperioden. Sist ho sprang distansen var då ho sprang i samløp med Therese Johaug på Bislett 8. mai 2022.

Visste ikkje om terreng-ranking

Derimot har Grøvdal sprunge distansen på gate tre gonger i år, men utan å klare kravet.

Årsaka til at ho har prioritert gateløp framfor bane, er at springing på asfalt i såkalla «supersko» er mykje meir skånsamt for beina enn baneløp i piggsko.

Når alle automatisk kvalifiserte er inne på startlista, blir resten fylt av plassane i OL-feltet opp via ranking.

På 10.000 meter blir to ulike rankingar brukte. Åtte plassar er sette av til løparar som har kvalifisert seg via terrengløp.

Først i april blei Grøvdal klar over denne regelen, og då var det for seint. Og det sjølv om ho vann EM-gull og var beste europear i VM terrengløp sist vinter.

For å få teljande ranking, måtte ho nemleg ha sprunge eitt terrengløp til. Det var allereie for seint da ho oppdaga det.

– Mitt val

Dei siste plassane blir delte ut basert på verdsrankinga på 10.000 bane/10 km baneløp. To løp tel.

Det Grøvdal ikkje var klar over, var at minst eitt av løpa måtte vere sprunge på bane.

Eg kjenner meg litt dum når eg seier at eg ikkje visste det heller, erkjenner ho overfor NRK.

Grøvdal

BEST I TERRENGET: Karoline Bjerkeli Grøvdal har tre strake EM-gull i terrengløp.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Ho understrekar at det er hennar eige ansvar.

Det med terrengrankinga synest eg jo at eg kunne fått beskjed om frå nokon i leiinga. Men det andre fann eg ut tidsnok til at dette no er mitt val, påpeikar Grøvdal.

Grøvdal fann ut av rankingreglane kort tid før EM. Dermed hadde ho svært få høve til å få gjennomført det nødvendige løpet før kvalifiseringsfristen går ut.

Først og fremst er ho sjølvkritisk fordi ho ikkje har sprunge fort nok i dei gateløpa ho har stilt opp i.

Eg har hatt fokus på 30.40 og eigentleg aldri tenkt på ranking. Eg er eigentleg litt imot det. Skal ein vere med, bør ein klare kravet, seier Grøvdal.

Post: Lettare på 10.000

Kjenner du at du no går glipp av din beste distanse i OL?

Nei, det gjer eg ikkje. Då hadde eg gått inn for å kvalifisere meg no. Eg kjenner eg er ganske lik på begge. Men 10.000 er siste dag i OL, det hadde passa veldig bra å doble, så eg hadde takka ja om eg blei tilboden ein plass, seier Karoline Bjerkeli Grøvdal.

NRKs friidrettskommentator Jann Post er berre delvis einig i analysen.

Karoline har nok rett i at ho er ganske femti-femti, men i OL vil det nok vere litt svakare motstand på 10.000 meter. Vi veit ennå ikkje heilt kva folk vel å satse på, men slik det ser ut, ville det ha vore lettare å kjempe om ei topp 10-plassering på 10.000, analyserer Post.

Publisert 26.06.2024, kl. 11.04

Read Entire Article