Gjorde uvanleg grep før OL: – Takk Gud for Beacon

3 months ago 30


– Takk Gud for Beacon, skreiv Sunisa Lee på Instagram fire veker før OL.

Den amerikanske turnaren poserer saman med ein hund som i månadsvis har hatt ei heilt spesiell rolle i det amerikanske turnlaget: Ein terapihund.

Skjermdump fra Instagram, Sunisa Lee

TAKKSAMT: Terapihunden Beacon blir sett pris på av dei amerikanske turnarane.

Foto: Skjermdump fra Instagram

21-åringen har slite med sjukdom og skadar og var usikker på om ho i det heile teke skulle komme seg til OL. Men da leikane kom i gang i Paris, har ho allereie sikra seg tre medaljar.

Og ein liten del av æra får altså golden retrieveren Beacon Miller.

Hemmeleg våpen

Beacon var tidlegare terapihund på eit sjukehus, men har no bytt ut sjukehuset med turnhallen. Den fire år gamle hunden har vore ei viktig brikke for det amerikanske turnlandslaget inn mot leikane.

Ein meisterskap der dei så langt er soleklart best med dei 10 medaljane sine.

Han har vore på den amerikanske meisterskapen og OL-kvalifiseringa. Jentene elskar å sjå han, seier Cécile Canqueteau-Landi til NRK.

Cécile Canqueteau-Landi omfavner sin elev Simone Biles.

POSITIV: Franske Cécile Canqueteau-Landi (til høgre) har vore personleg trenar for Simone Biles i fleire år.

Foto: AP

Ho er personleg trenar til Simone Biles, den største turnstjerna av dei alle.

Biles elskar hundar og ho har òg to hundar heime sjølv. Før OL publiserte ho eit innlegg på Instagram der ho fortel at den eine hunden gir trøyst, den andre gir energi.

Terapihunden Beacon poserer sammen med turnstjernen Simone Biles.

TETT PÅ: Simone Biles er ein av fleire turnstjerner som villig har posert saman med Beacon.

Foto: Goldendogbeacon på Instagram

Ho har sjølvsagt også møtt Beacon.

Trenaren hennar er ikkje i tvil om at Beacon har positiv effekt på utøvarane.

Eg trur hunden gir dei litt ro og fred. Hunder dømmer deg ikkje og pratar ikkje. Hunder blir alltid glade når dei blir klappa og elskar berre å vere rundt folk. Dei er nesten med på å menneskeleggjere utøvarane, seier Canqueteau-Landi.

– Utruleg mykje press

Beacon har vore med det amerikanske OL-laget i 14 månader og fått sin eigen Instagram-konto med over 42.000 følgarar. Hunden fekk likevel ikkje vere med til Frankrike, ifølge Biles' trenar fordi det er komplisert å ta hundar over landegrensene.

Christine Olsen, som har doktorgrad i folkehelsevitskap med fokus på relasjonen mellom dyr og menneske, seier det finst belegg for at hundar kan ha positiv effekt på menneske.

– Det er bevist at den fysiologiske endringa av terapihundar gir positiv betring. Det emosjonelle er òg viktig. Dei bryr seg om oss og stiller opp same korleis det går, seier Olsen.

Sunisa Lee

BRILJERTE: Den unge amerikanaren etter at ho såg poengsummen som sikra henne bronse i skranke.

Ho meiner at sjølv dei som ikkje er spesielt glade i dyr kan ha nytte av å vere rundt hundar.

– Ein terapihund kan gi ulike verknadsmåtar ut frå kva personen treng. Det kan gi deg noko anna å tenke på, og ta fokuset litt bort frå det du skal gjere. Eller det kan gjere at du er meir til stades i noet, seier ho og fortset:

– I ein situasjon som ein meisterskap, er det utruleg mykje press. Da vil ein terapihund gi sosial støtte, seier ho.

Internasjonal merksemd

Beacon Miller har fått den gjæve statusen som «The MVP», altså «Most Valuable Pup» på USAs turnlandslag. Forkortinga «MVP» betyr «most valuable player», og blir brukt i samanhengar der ein drar fram den viktigaste spelaren på laget.

Litt av ein tittel å få for ein terapihund som hjelper det beste turnlaget i verda, fylt med verdsstjerner.

Beacon har heller ikkje gått upåakta forbi blant stjernene i turnhallen.

Brasilianaren Julia Soares, som konkurrerte side om side med Biles under finalen i bom, fell pladask når NRK viser henne bilda av USAs kjæledegge.

– Det er fantastisk. Eg elskar hundar, og ønsker meg ein sjølv, seier Soares til NRK.

Har de vurdert å skaffe ein slik hund til landslaga deira?

– Vi har allereie vår eigen maskot som eg elskar veldig høgt, så eg kan ikkje erstatte han, men hundar er herlege og kan bringe mykje glede til laget. Så det er fint for dei å ha han rundt seg, seier ho.

Julia Soares jubler sammen med en brasiliansk lagvenninne.

FORNØGD: Julia Soares kunne gjerne tenkt seg ein hund. Men ikkje på kostnad av Brasils OL-maskot.

Foto: AP

Også den kinesiske stjerna Zou Jingyuan, som tok eit suverent gull i skranke for herrar, meiner det er viktig å kople av i ein meisterskap.

– Vi har alle måtar vi slappar av på, og alle har metodane sine. Det er ei fantastisk kjensle å konkurrere i OL, og å vere på denne scena. Alle har tilnærminga si, seier den ferske vinnaren til NRK.

Dermed kan altså terapihunden Beacon Miller få ein del av æra for at dei amerikanske turnkvinnene er den mestvinnande nasjonen inne i turnhallen under OL.

  • Få oversikt over alle godbitane under OL i Paris:

Publisert 09.08.2024, kl. 13.16

Read Entire Article