Gjekk rett til sjefen da Johaug fekk nok: – Ho var ganske forbanna

4 hours ago 3


– Eg skulle gjerne vore på jobb, eg har jo min eigen karriere å tenke på.

Det fortel Nils Jakob Hoff til NRK.

Han er til stades på Beitostølen der kona Therese Johaug for alvor startar på vegen mot Ski-VM i Trondheim om tre månader.

Men for at heile kabalen skal gå opp så har familien Hoff/Johaug måtte ta tydelege grep.

For mens Johaug nå har fullt fokus på skigåing, har Hoff pappapermisjon frå fulltidsjobben sin som anestesilege på Ahus.

– Draumane hennar er jo draumane mine og vice versa. Du kan ikkje gjere dette halvvegs viss du har dei ambisjonane ho har. Da må vi berre legge til rette for det, seier Hoff.

– Vi er jo eit lag, seier han.

Nils Jacob Hoff

TIL STADES: Nils Jakob Hoff er på plass på Beitostølen for å følge kona i sesongopninga.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Nødbrems: – Blei forbanna

Tidlegare denne veka avslørte Therese Johaug at ho i oktober måtte trekke i nødbremsen. Det var undervegs i ei treningsøkt på tredemølla at Johaug innsåg at det hadde vorte for mykje.

– Ho pustar jo på ein karakteristisk måte og eg merka at det her ikkje høyrast ut som Therese. Da gjekk eg ut og såg på ho. Det såg ikkje heilt bra ut, seier Hoff.

I løpet av hausten hadde ting ballet på seg for Johaug. 100 timar trening kvar månad, prosjekt på andre arenaer som ho fortsette å seie ja til. I tillegg kom mammarolla til 1,5 år gamle Kristin som ikkje sov særleg samanhengande om nettene.

Det kom til syne under intervalløkta på tredemølla ute i gangen heime i huset deira i Holmenkollen.

– Ho fekk berre ikkje pusten til å fungere, og det var berre masse mjølkesyre, seier Hoff om episoden.

Johaug sjølv seier at ho vart sur og at glosene ho ropte ut ikkje eignar seg for bruk i media. Ektemannen fortel at dei da måtte leggje ein ny plan.

– Det var tydeleg for meg også at her må vi gjere tiltak, seier Hoff, og fortset:

– Så blei ho forbanna på seg sjølv og eigne prestasjonar. Vi hadde ein klar og tydeleg samtale om at nå skal noko skje.

– Korleis gjekk den samtalen?

– Ho var ganske forbanna på seg sjølv for at ho ikkje fekk til det ho skulle få til. Og så snakka vi litt om det, og ho var veldig tydeleg på at nå må eg gjere endringar.

Blir Therese Johaug VM-dronning i Trondheim?

Legedraum på vent

Etter alvorspraten tok Hoff grep. Han tok raskt kontakt med sjefen sin på Ahus.

– Eg gjekk rett på jobb dagen etterpå. Eg sa berre til sjefen at «nå må eg trekke i bremsene».

– Og da landa de på?

– Ahus er fantastisk på det, så han (sjefen til Hoff) berre la til rette som best mogleg.

Først tok han ut nokre ferieveker, før han denne veka gjekk ut i permisjon.

Heime flytta han og dottera Kristin inn på eiget rom, mens Johaug fekk sove for seg sjølv.

– Så kjem ho til oss når ho vil det, seier Hoff med eit smil.

Og slik blir det i kvart fall heilt fram til 9. mars 2025. Da er både VM og karrieren til Johaug over. Etter planen.

Therese Johaug og Nils Jakob Hoff gifter seg på Røros.

GIFT: På nyttårsaftan 2023 gifta Therese Johaug og Nils Jakob Hoff seg.

Foto: Joakim Halvorsen / NTB

– Plutseleg er det ikkje så lengje til OL

Det har 36-åringen vore heilt klar på lengje, seinast denne veka. Ektemannen er likevel ikkje heilt overtydd om at Ski-VM faktisk er punktum for Johaug si karriere.

– Eg er aldri trygg på nokon ting med ho, seier Hoff med eit glis.

– Kvifor ikkje?

– Ho har ei utruleg stor drivkraft når det gjeld idretten. Ho seier at ho har lyst til å gå VM og så skal det vere slutt, men plutseleg så er det ikkje så lengje til OL da, så eg veit ikkje, seier Hoff.

Den tidlegare roaren og no anestesilegen fortel at han har gjort det heilt tydeleg for kona at han vil satse på karrieren sin i framtida.

– Draumen min er å bli ein prehospital lege som jobbar utanfor sjukehus på legebil eller helikopter eller noko sånt. Det er ein lang veg, for det er mange flinke folk som står i kø og ønsker det, seier han.

Akkurat nå er draumen sett på vent. I første omgang til etter VM i Trondheim.

– Eg trur ho deler draumen min, på same måte som eg deler draumen om at ho skal få gå på ski da, seier Hoff.

Her blir skulderen slått ut av ledd 00:15

Publisert 22.11.2024, kl. 22.28 Oppdatert 22.11.2024, kl. 22.31

Read Entire Article