Venegjengen skal gjere ein fråflytta gard utan innlagd vatn og hól i kjøkkengolvet til sin nye heim.
«Det går ikkje an. De må ikkje ta dette på dykk. Finn noko anna» var beskjeden dei fekk.
Naboane sa at huset ikkje var til å bu i.
– Men no sit me no her då.
Victoria Narvesen Lied og venegjengen kjøpte ein fråflytta gard frå 1800-talet, inst i Valsøyfjorden i Trøndelag.
– Det er eit stort fint hus med mykje historie og sjarm. Me liker jo gamle hus og ting med sjel, seier 25-åringen.
Huset har ikkje innlagt vatn, det er hól i kjøkkengolvet og delar av grunnmuren må byggast opp att. Men i slutten av august flyttar venegjengen på fem inn i sin nye heim.
– Vald familie
Ingen av dei er lokale, alle er tilflyttarar til bygda. Og dei har aldri budd saman – før no.
– Eg ser jo på oss meir som ein familie enn eit kollektiv. Me lagar mat saman, me et saman, alt i kjøleskapet er felles og me har ei ordning på økonomien, seier Victoria.
Saman med Eivind Nielsen, Aage Arnold Haugan, Alva Sjursen og Kasper Jebe Stensaas har dei spleisa på den gamle garden.
Og no skal dei skape eit liv saman i huset kalla Gunnarstova på lokalmunne.
– Her kan me skape noko saman og alle kan vere med på å forme det etter eigne behov.
Den sjølvvalde familien består av to kjærastepar og Kasper. I første etasje blir det kjøkken, stove, bad og fellesareal, medan dei får kvar sine delar i andre etasje med soverom. I ein ende av huset skal Victoria og Eivind bu, i den andre Aage og Alva. Og Kasper, han skal bu i midten.
– Det skal gå fint så lenge dei ikkje berre er saman med kvarandre. Og så får eg prøve å finne meg nokon her oppe eg også, seier Kasper om å bu med kjærastepara.
– Det er jo sopass romsleg at me kan prøve å la vere å trakke kvarandre på tærne. Heller bli einige om korleis me gjer ting, seier Victoria.
Det nyetablerte gardskollektivet ser nesten berre fordelar med å gå saman for å oppfylle gardsdraumen.
– Det er ein kjempefordel både økonomisk og arbeidsmessig at me er mange som kjøper i lag. Det er eit heilt håplaust prosjekt å gå i gang med aleine, legg Aage til.
Og blir det noko problem løyser dei det når det oppstår.
– Det er fint å ha ein stor familie å dele arbeidet og tankar med. Når me skal ha dyr kan me byte på å reise vekk og å ta stellet.
Etter kvart kan det hende at det blir enno fleire som skal fylle Gunnarstova med liv.
– Viss nokon plutseleg skulle finne på å få barn er me mange som kan hjelpe til med barna, seier Victoria og ler.
«Tinder» for gamle hus
Då venegjengen fann ut at garden sto tom kom dei i kontakt med førre eigar via pilotprosjektet «Lys i gamle hus» i regi av Fortidsminneforeininga.
– Me matchar gamle hus og folk.
Det seier Runa Tunheim, leiar for pilotprosjektet i Heim kommune. Prosjektet matchar dei som leiter etter hus med hus som står tomme – som ein slags «tinder» for gamle hus.
– I staden for at det ligg ute på marknaden og går til høgste pris, har me mogelegheit til å finne den rette nye eigaren og får til ein god avtale.
– Det er bustadmangel i distriktet – det er ikkje sånn at folk ikkje vil bu her, legg prosjektleiaren til.
Berre i Heim kommune står om lag 10 prosent av alle bustadane tomme.
Pilotprosjektet finst i totalt seks kommunar og i kvar av desse står minst like mange bustadar tomme, ifølge prosjektet.
Men det finst ikkje ei oversikt over kor mange bustadar som står tomme i Noreg. I 2012 anslo SSB at 200.000 bustader sto tomme, men dette talet er truleg høgare i dag.
Samstundes melder regjeringa om at det er bustadmangel her i landet.
– Me opplev at det er stor interesse for å finne seg ei perle og lære å ta vare på ho på eiga han. Me opplev at det er ei aukande interesse for å gjere ting sjølv. Fleire trekker til bygda og har lyst på kunnskap.
«Lys i gamle hus» varar til hausten 2025 med mål om å finne eit konkret forslag til ei permanent nasjonal satsing. For det er mange hus som står tomme over heile landet.
Prosjektleiaren seier det er svært positivt at venegjengen flyttar til bygda, tar vare på garden og skapar heimen sin i Valsøyfjorden. Og sjølv er dei veldig fornøgde med bygda.
– Det er plass til alle – ikkje berre her på garden, men i heile fjorden. Folk er veldig positive, veldig inkluderande og vil veldig gjerne hjelpe til. Dei er opne for at ein set i gang med ting og gjer plass til at me lagar eit liv her, seier Victoria.
Draumen om å leve meir og jobbe mindre
Sjølv om det er masse arbeid både å få han i stand og å drifte garden drøymer dei om eit roleg liv på bygda.
– Me skal jo drifte. Litt smått, men godt og basere livet derifrå, seier Victoria.
Sidan dei har gått saman og kjøpt garden i nokså dårleg stand og utanfor marknaden, har ingen av dei tatt opp bustadlån.
– Det beste me har gjort er å finne noko som me må jobbe på og legge masse arbeid i for å skape til vårt eige. I staden for å jobbe utanfor for å betale ned lånet, legg ho til.
Og slik vil dei at livet skal vere – jobbe mindre for å ha tid til å leve meir.
– Konseptet å jobbe 100 prosent er jo litt rart eigentleg. Viss ein tenker over det: jobbe kjempemasse og tene godt, men så har du ikkje tid eller energi til å nyte dei pengane, seier Victoria.
Alle i venegjengen flyttar vekk frå forskjellige byar i Noreg til den vesle bygda.
– Eg vil absolutt slå eit slag for bygda. Eg skjønar ikkje kva alle skal i byen heile tida. Det er eit sånt jag og tidspress og pengepress. Kom til bygda. Det er ingen av oss som har vakse opp på bygda, men her sit me. Og me trivst kjempegodt, seier Victoria.
Victoria er utdanna innan økologisk landbruk og håper at ho kan ha jobben sin på garden, når den tid kjem. Enn så lenge jobbar ho nokre dagar i veka på den lokale matbukken og brukar resten av dagane på garden.
– No skal me bruke den arbeidskrafta me har og sitte igjen med eit kjempefint resultat som me trivst med og som me verkeleg føler oss heime i.
Men før dei kjem så langt står det att ein del arbeid.
Hól i golvet og utan vatn
Delar av grunnmuren må byggast opp att, golvet på kjøkkenet må bytast og ei av pipene må rivast.
Men heldigvis er dei nevenyttige.
– Me har jo samla saman ein god gjeng til å gå i gang med eit sånt prosjekt.
Det seier Kasper som jobbar som tradisjonstømrar. Aage er næming i tradisjonsbåtbygging og Eivind er lærling i same faget. Det var båtbygginga som gjorde at dei enda opp i Valsøyfjorden.
Men å flytte inn gjer dei lenge før huset er tetta til vinteren. For dei er ikkje så nøye på å ha den høgste standarden og planlegg å bu i delar av huset medan dei pussar opp resten.
– Kva må til før det er innflyttingsklart?
– Kople på vatnet kanskje? Det er jo greitt, men ikkje nødvendig. Me har klart oss.
Det seier Victoria før Eivind seier at det dei kanskje kan kople på vatnet igjen.
– Me må reie opp senga, legger han til.
Har kjøpt seg 40 år med arbeid
Tilbakemeldingane på gardskjøpet har vore mange, men for det meste positive.
– Folk seier først og fremst at me er modige. At me har kjøpt oss mykje arbeid, fortel Victoria.
«Men dei er no unge, så det går sikkert bra» er det også mange som seier. Og dei har ikkje fått negative kommentarar, eller det er i alle fall ingen som seier det høgt.
– Me får stort sett høyre at me har skaffa oss arbeid. Og det har me jo, men me ser ikkje så mørkt på det, seier Aage.
– Det har ikkje vore nokon store overraskingar, men me har vore førebudde på ein del. No fann me ut at knutane nede på det lafta rommet er litt dårlege, seier Eivind.
De blir ikkje arbeidsledige med det første?
– Nei, me skal nok klare oss i 40 år før me går tomme. Me skal ikkje kjede oss.
Garden er på 215 mål med seterteig, skogteig og jorda rundt huset og låven. Når dei er ferdige med huset er det nok å ta fatt på for å få garden slik dei drøymer om.
– Her skal me bu. Det følast bra og surrealistisk, seier dei og ler.
Hei!
Har du tilbakemeldingar, idear eller tips til saker eg burde skrive?
Send meg gjerne ein e-post!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Publisert 18.07.2024, kl. 13.32