Full splid etter turnering: Verdsstjerna i strupen på Carlsen-trenaren

3 hours ago 3


– Kvifor skal vi snakke? Det ville vore eit brot på reglane om eg tok kontakt med henne for å diskutere politikk.

Det seier Carlsen-trenar Peter Heine Nielsen til NRK. Dansken snakkar om stjernespelaren Valentina Gunina, som nyleg gjekk til topps i storturneringa Global Chess League i London.

Trener for Magnus Carlsen, Peter Heine Nielsen under Norway Chess i Stavanger 2018.

SUKSESSTRENAR: Peter Heine Nielsen.

Foto: Carina Johansen / NTB

I ettertid av triumfen har den russiske stjerna gått hardt ut mot Nielsen i avisa Sport Express.

– Ønskte å diskutere ansikt til ansikt

Her fortel ho at Nielsen «ikkje oppførte seg» da han skreiv i sosiale medium at ho ikkje burde få delta i internasjonale turneringar, blant anna fordi ho hadde fått ein pris av russiske myndigheiter.

– Eg ønskte å diskutere dette ansiktet til ansikt, men han vende blikket bort og unngjekk meg på alle moglege måtar. Du kan seie at han oppførte seg som ein feiging. Dette får han tydelegvis ikkje til å sjå bra ut, seier ho til Sport Express.

Nielsen reknar med at det rundt 20–30 personar i spellokalet mellom rundane. Han meiner det ikkje var tid og stad for å diskutere politikk.

– Eg har ingen rett til å forstyrre ein motstandar før ein runde same kor ueinig eg er. Eg der som trenaren til Magnus, det har eg ingen rett til å misbruke personleg, seier Nielsen.

uaVuhEcxNtA

ELITEPOLITIKAR: Her Valentina Gunina avbilda saman med Dmitrij Tsjernysjenko, visestatsminister for turisme, idrett, kultur og kommunikasjon, i juli i år.

Foto: Tass / SipaUSA

– Prøvde å unngå kontakt

Carlsen-trenaren har sjølv delt Sport Express-artikkelen til sine nærare 27.000 følgarar på X.

Han har sidan invasjonen av Ukraina vore krystallklar på at russiske spelarar, som han meiner blir brukt i propaganda eller støttar invasjonen, må sanksjonerast av Det internasjonale sjakkforbundet (Fide).

Nielsen er tydeleg på at Gunina aldri burde fått spele turneringa i London.

– Ho hevdar at du «såg ein annan veg og unngjekk henne». Er det også opplevinga di av dette?

– Ja. Eg synest det er urimeleg at spelarar som speler Karjakins turneringar og tar bilde med militære i uniform er til stades. Så eg prøvde å unngå kontakt, svarer Nielsen.

Slår hardt tilbake

Tidlegare VM-utfordrar Sergej Karjakin har blitt ein svært omstridd mann etter å ha komme med ei rekke støtteerklæringar til Vladimir Putin og invasjonen av Ukraina. Han har fleire gonger vore i dei russisk-okkuperte områda av Ukraina.

Karjakin blir derfor sjeldan invitert til turneringar i vesten og har i staden fronta fleire turneringar på russisk jord.

Nielsen delte i mars eit bilde på X av Gunina tatt i samband med eit parti mot Karjakin under ein ungdomsfestival i Sotsji. I august la han ut eit bilde av Gunina som poserer med ei kvinne i militæruniform – blant anna.

Sergej Karjakin

OMSTRIDD: Sergej Karjakin har fått mykje kritikk frå vesten etter dei mange støtteerklæringane hans til invasjonen av Ukraina.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Ho kallar deg for feiging. Kva tenker du om det?

– At det ikkje gir meining. Eg oppfører meg skikkeleg når eg er på turnering, sjølv om eg ikkje synest ho burde vere med, svarer Nielsen.

Sjølv om han er klar på at han unngjekk Gunina, hevdar han at den russiske verdsmeisteren i lynsjakk aldri kom bort for å prate med han.

– Eg vil veldig gjerne diskutere med henne. Helst offentleg. Det same gjeld Karjakin, Emil Sutovsky (visepresident i Fide), Arkadij Dvorkovitsj (president i Fide). Det er ikkje eg som seier nei, seier han.

Publisert 18.10.2024, kl. 06.58

Read Entire Article