Frosta-saka: Statsadvokaten har lagt bort 15 saker

2 months ago 17


Torsdag blei det klart at bistandsadvokatane til dei fornærma i Frosta-saka vurderer å klage på at fleire av deira klientar har fått saka si lagt bort.

I etterkant bekreftar statsadvokaten at dei har lagt bort 15 av sakene dei har fått oversendt frå politiet.

Det skriv statsadvokat Eli Nessimo i ei tekstmelding til NRK.

Kan vere fleire

Tysdag blei tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta klar. Totalt 96 kvinner har status som fornærma.

Men talet på fornærma kunne ha vore høgare.

– Vi har lagt bort 15 saker på grunn av bevisets stilling, seier Eli Nessimo.

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Sakene blei lagt bort etter at statsadvokaten fekk sakene oversendt frå politiet.

Nessimo fortel at talet på saker som har blitt lagt bort er høgare enn 15.

– Politiet har jo lagt bort saker før oversending til oss også.

Kor mange saker politiet har lagt bort har ikkje etterforskingsleiar Eivind Gulseth ønskt å svare på.

Vurderer å klage

Koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma, Tove Røddesnes, sa i går at dei vurderer å klage på at saker er blitt lagt bort.

– Vi vil gjere ei vurdering av om sakene som er lagt bort skal klagast til Riksadvokaten i samråd med våre klientar, skreiv Røddesnes i ei felles pressemelding med dei andre bistandsadvokatane.

– Det er tatt ut ein alvorleg og omfattande tiltale. Det er mange som er råka, og dei aller fleste bur i Frosta kommune.

Publisert 20.09.2024, kl. 17.18

Read Entire Article