– Oi, måpar Henriette Jæger til NRK.
Det er NRKs gjennomgang av den norske OL-troppen friidrettsprofilen reagerer på.
Den viser at berre tre av totalt 56 norske OL-trenarar er kvinner. Den kvinneandelen, som utgjer litt over fem prosent, synest Jæger er merkeleg.
– Det er jo litt trist. Eg skulle ønske at det var litt fleire kvinner, seier Jæger.
Mannsdominert miljø
Mor hennar, Unn Merete Lie Jæger, er ein av dei tre kvinnelege trenarane i OL-idrettane, som Olympiatoppen kunne presentere i teamguiden sin til sommarleikane i Paris.
– Det er klart eg merkar det at eg er i eit mannsdominert miljø om dagen, seier Lie Jæger.
Ho skulle ønske at dei var fleire kvinner, men har ikkje noko godt svar på kvifor dei er så få.
– Det er slik som det er i toppidretten òg. Vi har kanskje ikkje heilt alle jentene i toppen. Det er kanskje noko med det å tore og satse, òg som trenarar på lik linje som menn, seier Lie Jæger.:
– Om det er like mykje akseptert òg, det veit eg ikkje. Eg håpar at det kan snu, legg ho til.
Dyktigaste trenarane
For toppidrettssjef i Olympiatoppen, Tore Øvrebø, er først og fremst glad for dei tre kvinnelege trenarane som er i Paris.
– Vi vil ha med dei dyktigaste trenarane, uavhengig av kjønn. Vi håpar at det er fleire kvinner som ønsker å ta trenaryrket på alvor, og har ein del tiltak for at det skal bli lettare å få til, seier han.
Øvrebø understrekar at det ikkje er eit mål i seg sjølv å auke kvinneandelen, men han ser fleire positive effektar av ein likare kjønnsbalanse.
– Målet med toppidretten er jo å vinne. Men vi trur at med ein fornuftig balanse mellom kjønna, så blir miljøet betre, og det blir rikare for dei som er der. Det trur eg òg vil påverke resultata til slutt, seier Øvrebø.
Langt fleire utøvarar
Noreg kapra totalt åtte medaljar i Paris, der halvparten blei teke av kvinner.
Jæger, som tok seg til finale på 400 meter, var ein av 51 kvinnelege utøvarar i den norske OL-troppen. Og i Paris var det nesten like mange norske kvinnelege utøvarar (46,8 prosent) som mannlege utøvarar. Totalt i OL var det 49 prosent kvinnelege utøvarar. Den høgaste andelen nokosinne.
Men blant dei som jobbar tettast på utøvarane er det altså tynt med kvinner. I 14 av 19 norske OL-idrettar var det ikkje oppført kvinner i sportsleg støtteapparatet i det heile teke.
– Den andelen der er jo altfor dårleg. Så vi må få opp den andelen av kvinnelege landslagstrenarar og toppleiarar, seier Ragnhild Kostøl, fagkonsulent i Olympiatoppen.
Den tidlegare toppsyklisten har nå ansvaret for sju kvinnelege trenarar i prosjektet «Saman om like moglegheiter». Det er eit prosjekt for å auke andelen underrepresenterte grupper på trenar- og leiarside på landslag.
Kostøl påpeikar at trenarane i Noreg er ei ganske homogen gruppe.
– Dei er ofte kvite menn på 40 pluss. Og dei kan vere litt for like i visse samanhengar. Mens utøvarane er veldig ulike, seier Kostøl.
Fleire årsaker
Kostøl påpeikar at moment som dei ser påverkar kvinner er korte kontraktar, små stillingar, mange reisedøgn og stort press.
– Men det gjeld jo dei mannlege trenarane òg. Kvifor er dette eit større problem for damene?
– Eg trur damer kanskje har eit større behov for å ha ein tryggleik med tanke på langtidsperspektiv, seier Kostøl.
Ho får støtte av toppidrettssjefen Øvrebø.
– Det er ein del utryggleiksfaktor rundt desse rollene. Fram til nå har det vore sånn at gutar tydelegvis har litt lågare utvikla økonomisk risikoforståing sett i eit livsløpsperspektiv, seier Øvrebø.
Han bruker seg sjølv som eksempel, sjølv var han roer utan å tene pengar.
– Eg tente ingenting, halde på i årevis og har betalt for det. Det har noko med å gjere idretten økonomisk trygg og ein attraktiv stad å utvikle seg. Da vil jo kvinneandelen auke, fortset han.
Gjennom prosjektet «Saman om like moglegheiter» støttar og bidrar blant anna Olympiatoppen nå òg med lønnsmidlar til trenarane. Men Kostøl ser at utviklinga går tregt.
Olympiatoppen har sjølv over 40 prosent kvinner blant dei 36 personane, som dei sende til Paris for å vere ei rekke ulike støttefunksjonar. Blant anna gjeld det fysioterapi, mediehandtering og kokk.
Men i det sportslege støtteapparatet til dei ulike idrettane er det over 90 prosent menn.
– Mange fordelar
Og bildet er nokså likt i vinteridrettane. Til vinter-OL i Beijing i 2022 var det berre to kvinnelege trenarar på landslaga i dei norske OL-idrettane.
Henriette Jæger ser ikkje på ståande fot openberre grunnar til at det har blitt slik.
– Det å ha ein kvinneleg trenar som kvinneleg utøvar er det mange fordelar med. Og ikkje minst ei mor. Ho kjenner meg ekstremt godt, seier Jæger.
Mora Unn Merete Lie Jæger understrekar at trenarjobben for dottera tar veldig mykje tid i periodar. Ho påpeikar at ein mistar litt av det sosiale i livet utanfor idretten.
– Kva tenker du kan gjerast for å få fleire kvinner til å ønske å ha denne typen jobb?
– Eg veit ikkje om det bør profesjonaliserast meir. Det hadde vore eit ønske det, seier Lie Jæger.
Publisert 12.08.2024, kl. 17.24