Forstår ikkje at folk klagar: – Vêret er heilt perfekt

4 months ago 47


Strålande sol, bading, og temperaturar godt over 20-talet. For mange er dette oppskrifta på ein god sommar.

Men til så lenge har desse ingrediensane latt vente på seg i store delar av landet.

Og akkurat det er til stor glede for spesielt éi gruppe menneske.

– Vêret er heilt perfekt. Det er akkurat sånn vi skal ha det, seier Håkon Varhaug.

Meiner grått sommarvêr er bra for alle

Blant ei gruppe nysgjerrige kyr står ein smilande Håkon Varhaug. Jærbonden er kledd i kjeledress og står med langt, grønt gras oppetter støvlane.

At folk klagar på sommarvêret, skjønner han lite av.

Jærbonde Håkon Varhaug blant kyrne sine.

Håkon Varhaug smiler når sola ikkje gjer det.

Foto: Adrian Fosse Årthun / NRK

– Nå får vi nok fôr med god kvalitet til dyra i vinter.

Dermed gagnar ikkje det grå sommarvêret berre bøndene, men heile befolkninga i landet, meiner Varhaug.

– Det gjer at vi har nok mat.

Godt gras-år

Mange omtalar 2024 som eit skikkeleg bra gras-år. Dei gode vekstforholda legg eit solid grunnlag for året og vinteren bøndene samlar inn fôr til.

Ståle Hustoft er leiar i Rogaland Bondelag og også éin som gler seg over sommarvêret så langt.

Han forklarer at vêrforholda så langt har vore veldig gode for dyrking av gras. Dette kjem av høge skyer som sørger for mykje lys, gode temperaturar og rikeleg med vatn til graset.

Ståle Hustoft

Leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft, meiner årets sommarvêr er positivt både for dyr og økonomi.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Til og med bønder liker å grille, sitte i sola og kose seg. Men vi er avhengige av å få nok vatn og lys, og det har vi fått i år.

Hustoft har storfe på garden sin. Han seier han sjeldan har sett så god beiteaktivitet som nå.

– Dyra trivst ute både på dagtid og nattetid. Vanlegvis når det er for varmt, vil dei inn i skuggen. Så dei er veldig fornøgde.

For bøndene betyr årets sommarvêr i tillegg betre økonomi. Ifølge Hustoft er moglegheita til å dyrke billig grovfôr viktig for at rekneskapen skal gå i pluss til slutt.

Det ser ut som vi skal klare å berge mykje fôr i år. Det er eg veldig glad for.

Vêret er også godt for klimaet, i hans auge. I første rekke fordi dyra får ferskt gras.

– Da er det lite metanutslepp og lite utslepp av klimagassar. Og det at vi nå kan dyrke mykje gras, held norskdelen høg, seier han.

Lover kanskje mindre nedbør

Statsmeteorolog John Smiths vedgår at det har vore ein tung sommarstart viss ein ser bort frå den tidlege sommaren i mai.

– Det har regna masse på Vestlandet, særleg Rogaland. Og det har vore ganske gjennomsnittlege temperaturar.

Meteorolog John Smits

Statsmeteorolog John Smiths er heilt einig i at vêret er godt for dei som skal dyrke ting.

Foto: Tore Meek / NTB

Gunstig i vekstsesongen, seier han. Og han kan kanskje gi noko lysare utsikter for tida framover. For alle.

– Til veka blir det nok kanskje litt mindre nedbør totalt sett over landet vårt. Det skal jo helst ikkje rekne for mykje når ein skal begynne å ta inn avlinga. Det blir litt høgare temperatur òg, men ikkje noko smellvarme, seier han.

Yr.no

Badelandet

Sjekk badetemperaturen på din badeplass

Publisert 05.07.2024, kl. 10.04

Read Entire Article