Forskingsrådet bør prioritere heilskapleg forsking på konse­kvensar av arealbruk

3 months ago 42


Forskinga om arealbruk i Norge er oppsplitta, så vi veit lite om effektane arealbruk har på naturen som heilskap. Det er forska mest på enkeltartar, medan færre har studert korleis plante- og dyresamfunn eller heile økosystem blir påverka av summen av vegar, kraftliner, hyttefelt og andre menneskelege naturinngrep. (Foto: Gorm Kallestad / NTB)

KRONIKK: Det finst lite forsking om korleis arealbruken vår påverkar naturen som heilskap og om korleis vi kan fremme berekraftig arealbruk.

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Arealbruksendringar utgjer det største trugsmålet mot naturmangfaldet og spelar ei nøkkelrolle med omsyn til klimaendringar, både som årsak til klimagassutslepp og som mogleg løysing på problemet. 

To kunnskapsoppsummeringar viser at vi veit for lite om korleis arealbruksendringar verkar på naturen, og om korleis vi kan innrette arealbruken for å løyse den kombinerte klima- og naturkrisa. 

Forskingsrådet kan rette på denne situasjonen ved å prioritere langsiktige, tverrvitskaplege forskingsprogram om effektane arealbruken vår har på heile økosystem over store geografiske område, og om korleis vi kan få til grunnleggande endringar av styringssystemet for arealbruk.

To ferske kunnskapsoppsummeringar

I 2022 lyste Forskingsrådet ut midlar til kunnskapsoppsummering for å få oversikt over forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og ‑lagring. 

Systematiske kunnskaps­oppsummeringar kan bidra til at framtidige forskingsmidlar blir investert der kunnskapsbehovet og samfunnsnytta er størst.

Forskingsrådet valde å gi same oppdraget til to tilbydarar, Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Vestlandsforsking. Arbeida blir no publisert som rapportar og presentert på Arendalsuka.

Nærsynt kunnskapsproduksjon

Ved begge institutta har vi laga søkestrategiar i tråd med oppdraget og gått gjennom store mengder forskingslitteratur. Dei to rapportane har noko ulik fagleg profil, men konkluderer likt med omsyn til to sentrale funn: 

For det første er kunnskapsproduksjonen om effektane av arealbruk på naturmangfald og klima ofte for nærsynt; det er for få studiar som undersøker slike effektar på heile plante- og dyresamfunn eller heile økosystem, store landskap eller heile landet under eitt. For det andre finst det få systematiske studiar av korleis omstilling av samfunnet kan leie til berekraftig bruk av areal, for eksempel gjennom lovendringar.

Lokale studiar og korte tidsseriar

På same måte som vi forvaltar areala på ein fragmentert måte, er også kunnskapsproduksjonen om arealforvaltninga oppsplitta. Det er lite forsking om effektane arealbruk har på naturen som heilskap. Det er forska mest på enkeltartar, medan færre har studert korleis plante- og dyresamfunn eller heile økosystem blir påverka av summen av vegar, kraftliner, hyttefelt og andre menneskelege naturinngrep. 

Fleirtalet av publikasjonane vi har sett på, har dessutan avgrensa geografisk utbreiing; dei nyttar data berre frå enkelte lokale eller regionale område. Vidare er det eit problem at kunnskapen om effektar av arealbruk i stor grad stammar frå studiar med korte tidsseriar, medan vi treng å sjå på dei lange linjene for å få sikrare kunnskap. Det manglar også større prosjekt som nyttar kontrollerte eksperiment med stor geografisk målestokk.

Korleis får vi snudd arealbruken i berekraftig retning?

Den samfunnsvitskaplege litteraturen om samanhengar mellom areal, naturmangfald og klima ser sjeldan heile samfunnet på tvers av sektorgrenser, noko som bidrar til det fragmenterte kunnskapsbildet vi også ser i dei naturvitskaplege arbeida. 

Det finst ein del forskingslitteratur med forslag til verktøy som planleggarar, utbyggarar og politikarar kan nytte for å gjere arealbruken meir berekraftig. Slike hjelpemiddel kjem sjeldan lenger enn til utviklings- og caseforsøksstadiet. Eit viktigare kunnskapshol på dette feltet kjem likevel av at det finst for få analysar av samfunnsomformande prosessar som må til for å snu arealbruken i ein berekraftig retning. 

Nye prinsipp og reglar for arealforvaltning er døme på slikt som det trengst meir forsking om.

Forskingsrådet sit med nøkkelen

Norge er forplikta til å ta vare på natur og klima gjennom internasjonale avtalar, og det er behov for ein retta forskingsinnsats for å kunne gjere dette på ein effektiv og kunnskapsbasert måte. Systematiske kunnskapsoppsummeringar kan bidra til at framtidige forskingsmidlar blir investert der kunnskapsbehovet og samfunnsnytta er størst. 

Derfor er det viktig at Forskingsrådet har bestilt desse arbeida. Forskingsrådet sit sjølv med nøkkelen til å rette på nokre av kunnskapsmanglane vi peikar på. Det krev ei meir samordna koordinering av forskingsinnsatsen og utlysingar som er retta mot utfordringane vi har funne.

Dei to kunnskapsoppsummeringane er lenka til lenger oppe i teksten. Dei kan også lesast på heimesidene til NINA og Vestlandsforsking. Oppsummeringane er også utgangspunkt for eit av arrangementa under Arendalsuka: Kva veit vi om samanhengane mellom arealbruk, naturmangfald og klima?

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Read Entire Article