Forskar: – Ein hypotese er at det kan relaterast til sosiale medium

2 hours ago 2


Det siste tiåret har dei samla fruktbarheitstala i Noreg stupt.

Enkelt forklart betyr det at norske kvinner i snitt føder færre ungar enn tidlegare.

For 15 år sidan fekk kvinner i gjennomsnitt 2 ungar. No er same tal nede på 1,4 ungar per kvinne.

Og det er ikkje berre i Noreg dette har skjedd. Også i våre naboland er trenden den same.

Med unntak av «babyboomen» under pandemien, har pilane berre peikt nedover.

Størst er nedgangen i Finland kor talet er nede på 1,26 ungar per kvinne.

Så kvifor får ikkje folk ungar lenger?

Meiner det handlar om kultur

Det er eit spørsmål som er veldig vanskeleg å svare på.

Både politikarar og forskarar har prøvd fleire forklaringsmodellar, slik som å sjå på økonomi, familiepolitikk, religion og meir.

Men trass i mykje forsking og utgreiingar, er svaret likevel at vi eigentleg ikkje veit.

Anna Rotkirch

Fruktbarheitsforskar Anna Rotkirch

Foto: Privat / Privat

Ei av dei som meiner vi må tenke nytt, er den finske fruktbarheitsforskaren, Anna Rotkirch, ved Väestöliitto, Instituttet for befolkningsforsking i Helsinki.

– Vi kan ikkje forklare det med økonomiske eller sosialpolitiske årsaker. Heller ikkje med religion eller skilnader i utdanning, seier ho til NRK.

Ho meiner det i staden handlar om ei større endring i heile kulturen vår når det gjeld:

  • Endringar i parforhold
  • Livsstil
  • Barnløyse

Og ho ser endringane delvis i samanheng med den teknologiske revolusjonen som skjedde i Silicon Valley, USA rundt 2007 til 2010.

Då blei både iPhonen lansert, samstundes som sosiale medium som Facebook verkeleg gjorde sitt inntog i folk sine liv.

iPhone

Har Steve Jobs skulda for at folk i Norden ikkje får barn?

Foto: PAUL SAKUMA / AP

– Noko skjedde på 2010-talet, og ein hypotese er at det kan relaterast til sosiale medium, sjølv om det sikkert ikkje forklarer alt.

Ifølgje Rotkirch, er det tre store ting som har endra seg dei siste åra.

Færre stabile forhold

Rotkirch viser til at det har vore ei større endring i deitingkulturen blant unge dei siste åra.

– Vi ser at parforholda er færre, dei held ikkje like lenge, og dei leier sjeldnare til ekteskap og barn. Dette er ein viktig puslebit for å svare på spørsmålet.

Tinder

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

– Speler deitingapper ei rolle?

– Eg har sjølv ikkje forska på deitingappar. Men vi har laga ei oversikt over korleis skjermtid, alt du gjer på skjermane dine – jobb, sosiale medium, deitingappar og alt mogleg anna – påverkar parforhold.

Ho viser til at skjermtid kan ha ein positiv effekt på forhold. For eksempel kan ein halde kontakten med partnaren din, eller finne ein partnar.

– Men om du har ein partnar og bruker mykje tid på skjerm, så påverkar det deg på to måtar: Du er mindre fornøgd med forholdet og det er større sjanse for separasjon, seier Rotkirch.

Livsstil gjer at vi får barn seinare

Ei anna større endring er at folk ventar lenger med å få barn.

I løpet av dei siste ti åra har gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande stige frå 28,7 år til 30,2.

Ho meiner det heng tett saman med forventingane samfunnet legg opp til.

– Det som ser ut til å ha skjedd, er at samfunnet legg til ein livsstil kor dei unge lærer at ein skal vere ferdig med utdanning, jobb og alt anna, før ein byrjar å tenke på barn, seier og legg til:

– Det gjer at folk rett og slett startar for seint. Veldig mange kjem ikkje til å rekke å få det talet på barn som dei seier dei ønskjer å ha.

ZhNyYybJIgM

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ho viser til at sjølv om det har vore store framsteg innanfor assistert befrukting dei siste åra, så er det framleis ei biologisk avgrensing for når kvinner kan få barn.

– Det er eit faktum at om du er ei frisk kvinne, er sjansen din for å bli gravid og få et friskt barn når du er 35 år, berre halvparten så stor som når du er 25, seier Rotkirch.

Fleire barnlause

Ikkje berre får folk i gjennomsnitt færre barn, men færre folk får barn i det heile tatt.

– I Finland er barnløysa rekordhøg. Eg veit at ho er mykje lågare i Noreg, men vi har veldig høg barnløyse. Blant finnar som er 40 år, har nesten kvar fjerde kvinne og kvar tredje mann ingen eigne barn, seier ho.

Ho meiner barnløyse også handlar om klasse. Rotkirch viser til at dei med høg inntekt og utdanning, samt god helse og stabil partnar, lukkast oftare med å få så mange barn som dei ønskjer.

– Derimot er det dei med færre ressursar, lågare utdanning, lågare inntekt, og spesielt menn, som får færre barn enn dei ønskjer eller ikkje får barn i det heile tatt.

Fleire teoriar

– Det er eit veldig godt spørsmål kvifor fødselstala fell. Forskarar i alle nordiske land har lurt på dette.

Det seier SSB-forskar Lars Dommermuth, og utdjupar:

LArs Dommermuth, forsker SSB

Foto: SSB

– Dei nordiske landa var tidlegare sett på som eit skuleeksempel, kor ein klarte å kombinere god familiepolitikk med høg økonomisk deltaking.

– Men så har familiepolitikken i Norden eigentleg ikkje endra seg, men likevel har fruktbarheita falle etter 2010.

Dommermuth og andre i SSB har forska på finanskrisa i 2008–2009.

– Vi trur heilt klart at finanskrisa gjorde at fruktbarheita gjekk ned den gong, men eg kan ikkje sjå at den kan forklare varigheita av nedgangen.

Han synest hypotesen til Rotkirch er interessant, men understrekar at ein treng meir forsking på feltet.

Fruktbarheita har falt i lang tid

Fruktbarheita globalt har falle i lang tid.

Ein har gått frå ei verd kor kvinner i 1950 i gjennomsnitt fekk fem ungar, til i dag kor talet er 2,3 ungar per kvinne.

Sjølv i India, som er det mest folkerike landet i verda, er talet også nede på 2,3.

For at ein befolkning skal vere stabil, krev det at kvinner i gjennomsnitt føder 2,1 ungar.

Hei!

Har du tips til kva eg bør skrive om? Tidlegare har eg skrive om korleis stortingspolitikarar har fått svekka tillit til media og om Equinors planar for netto null i 2050. 

Eg er generelt interessert i kunstig intelligens, politikk, økonomi og energi. Send meg gjerne ein e-post eller ei melding på Signal +47 917 44 070. 

Publisert 23.09.2024, kl. 09.08

Read Entire Article