Forfattar av omstridt Ap-bok svarar på kritikk i Politisk kvarter

2 months ago 10


Boka «Partiet – ein innsideberetning om Arbeidarpartiets fall» tek utgangspunkt i samtalar med 70 anonyme kjelder, skrive av Dagbladet-journalistane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant.

Etter at boka kom ut, har ei rekke personar påpeikt feil i boka, og kravd unnskyldningar og rettingar frå forlaget.

Debatt om presseetikk

Journalist Lars Joakim Skarvøy har funne fleire feil i boka, i episodar som han sjølv er knytt til.

Skarvøy har sjølv skrive bok om same tema, og meiner det ikkje går an å legge bort presseetikken når ein skriv bok.

Rettar feil

Gyldendal forlag sa førre fredag at dei vil rette feila i neste opplag av boka.

– Etter dialog med Gyldendal forlag har dei gitt meg beskjed om at dei vil rette ei rekke feilaktige opplysningar om meg i den nyutgivne boka, Partiet», skriv Skarvøy på Facebooksida si.

Det stadfestar Reidar Mide Solberg, forlagssjef for sakprosa i Gyldendal til NRK.

– Me som jobbar med bøker veit at det kan skje feil og det er viktig for oss å handtere dette på ein grundig og ansvarleg måte. Det er vanleg prosedyre å rette feil i nye opplag. I dette tilfellet har Lars Joakim Skarvøy gjort oss oppmerksomme på nokre feil og unyansar og desse vil sjølvsagt bli korrigert, seier han.

Publisert 25.09.2024, kl. 07.43

Read Entire Article