– Me ønskjer oss meir standardiserte og lik prising av like tenester. Så det er meir ope og forståeleg for Ola nordmann, eller mannen i gata.
Det seier Maren Frølandshagen Mattson. Ho har blant anna har ansvar for kjæledyrforsikringar i Gjensidige.
Også forsikringsselskapet Agria trur det kunne vore lurt med lik pris. Dei forsikrar dei fleste smådyra rundt om i landet.
– Det kunne bidratt til meir føreseielegheit for dyreeigarar som må ta med dyret til veterinær, seier administrerande direktør Camilla Stenseng.
Støttar ikkje forslaget
Andre forsikringsselskap er ikkje einige i forslaget.
Konkurransen mellom veterinærane forsvinn med standardiserte prisar, meiner forsikringsselskapa Tryg og If.
– Vi trur det er viktig med fri konkurranse mellom dei, seier Sigmund Clementz, pressesjef i If.
– Det er i interessa til kundane våre at det er konkurranse og prisforskjellar mellom klinikkane, seier kommunikasjonssjef Christer Kjørsvik i Tryg.
Dyreklinikkane Anicura og Evidensia er heller ikkje så begeistra for standardiserte prisar.
Sasja Rygg, kommunikasjonssjef i Anicura, sa til Dagsnytt 18 tidlegare i sommar at det vil vere vanskeleg å gjennomføre.
Evidensia meiner det kan føre til at dei rimelegaste dyreklinikkane må auke prisane. I tillegg trur dei at spesialiserte tenester vil falle bort då dei blir for kostbare å levere. Dei fryktar det også kan ramma mykje av vakttilbodet for kjæledyr.
– Vi trur ikkje dette er til fordel verken for dyrevelferda eller dyreeigarane, seier veterinærmedisinsk leiar Monica Heggelund i Evidensia.
Ifølgje Veterinærforeininga blir det jobba med ei standardisering av vanlege tenester på friske dyr. På akutte tilfelle meiner dei det nærast er umogleg å lage ein standard pris.
Dei er tydelege på at det er naturleg at prisane varierer.
Store prisforskjellar
For prisforskjellane er store hos ulike veterinærar.
Prisane kan variere med fleire titusen kroner. Og dette engasjerer. Gruppa «Veterinæropprøret» på Facebook har rundt 26.000 medlemmer.
Ifølgje forsikringsselskap NRK har snakka med, har prisen på veterinærtenester auka dei siste åra.
– Når prisen på veterinærtenester aukar, er det naturleg at prisen på forsikringa også kan auke, seier Elin Spelkavik som er leiar for oppgjer i Storebrand forsikringa.
Sjekkar du prisar hos ulike veterinærar før besøk?
Forsikringsselskapa seier dei ikkje har merka noko nedgang i talet på forsikringar, men ser at høge prisar kan føre til negative konsekvensar.
– Det kan bli eit problem for bransjen i framtida dersom veterinærbehandling, og dermed også forsikringspremien, blir så kostbar at folk ikkje kan ta seg råd til å behandle og forsikre dyra sine, seier Camilla Stenseng i Agria.
Dyresjukehusa og kjedene svarar på si side at det kostar mykje å drifte sjukehus og klinikkar. Det må dei ha betalt for, seier dei.
Leiar i smådyrveterinærforeininga Hilde Røssland meiner at det er sunt at prisar i bransjen blir greidd ut. Samstundes understrekar ho at dei fleste klinikkar har ei prisliste liggjande.
– Det er ingenting her som er hemmeleg.
Bekymra for dyrevelferda
Men prisstinga hjå både veterinærar og forsikringsselskap gjer Norsk kennelklubb bekymra for dyrevelferda.
Dei er uroa for at dyreeigarar verken går til veterinær eller teiknar forsikring i frykt for høge rekningar.
– Vi er ikkje fornøgde med denne utviklinga, sa NKK-leiar Nils-Erik Haagenrud til NRKs Nyhetsmorgen tidlegare i sommar.
– Forsikringa på ein hund kan koste opptil 20.000 i året. Det er meir enn det kostar å forsikre huset eller bilen din. Men det skaper ein tryggleik, la han til.
Hundeeigar Tina Fjellås betaler 20.000 kroner i året på å forsikre dei to hundane sine.
– Eg har ikkje råd til å la vere å forsikre dei. Den utgifta må eg berre ta, seier ho.
Fjellås har tidlegare fortalt oss at ho sparte minst 9000 kroner med å reise frå Telemark til Nord-Noreg med fly for å få operert kvalpen sin.
Men i tillegg til å undersøke prisar hos ulike veterinærar, råder ho også til at det kan vere pengar å spare med å sjekke ulike forsikringsselskap.
Ho har bytta forsikringsselskap fleire gonger. Det spara ho 8.000 kroner på.
Publisert 24.07.2024, kl. 17.00