Retten seier at Israel sin busettingspolititkk bryt med internasjonal lov.
– Israels busettingar og bruk av naturressurser i dei okkuperte områda følger ikkje folkeretten, seier ICJ-dommar Nawaf Salam frå Fredspalasset i Haag.
Domstolen seier Israel sin politikk og praksis bryt med Genèvekonvensjonane.
– Dette er den viktigaste av alle rettsprosessane om Israel og Palestina akkurat no. Det handlar om sjølve kjernen i konflikten, seier Cecilie Hellestveit frå Folkerettsinstituttet.
Dette er ikkje rettssaka der Sør-Afrika har skulda Israel for å begå folkemord på palestinarar på Gazastripa.
Den saka vert også behandla i ICJ, men pågår framleis.
Domstolen minner om at Israel er bunden av fleire avtaler til å respektere palestinsk sjølvbestemmelse og menneskerettar.
– Israel bør føye seg etter desse avtalene, sa Salam.
Kva er dei okkuperte områda?
Det er FN si generalforsamling som har bede domstolen ta stilling til kva konsekvensar okkupasjonen av Vestbreidda og Aust-Jerusalem gir Israel og korleis FN-landa skal forhalde seg til det.
Vestbreidda og Aust-Jerusalem, i tillegg til Gazastripa, er palestinske territorium, ifølge FN-resolusjonen som legg grunnlaget for ei tostatsløysing mellom Israel og Palestina.
Men sidan seksdagarskrigen i 1967, då Israel tok kontroll over dei to sistnemnde områda, har over 700.000 israelarar slått seg ned og bygd opp små og store samfunn der.
– Okkupasjon er ein mellombels situasjon, ein respons på militær aggresjon. Det kan ikkje vare, sa ICJ-dommar Salam.
Ifølge konvensjonane skal ikkje ei okkupasjonsmakt flytte innbyggarane sine til det okkuperte området med makt. Det har vore Israels argument for at busettingane ikkje bryt med menneskerettane; dei israelske busettarane har flytta dit av eiga vilje.
Men ICJ meiner at busettingane strider med konvensjonane og folkeretten.
Samstundes pressar dei palestinarar ut av heimane sine og frå området.
De rosa feltene viser palestinske områder fra 1949 frem til 1967. Gaza var da okkupert av Egypt. Vestbredden var okkupert av Jordan.
Når Norge nå anerkjenner Palestina som egen stat, er det disse grensene Norge mener staten Palestina og staten Israel bør basere seg på, med Jerusalem som delt hovedstad og med åpning for avtaler om landbytte.
De rosa feltene viser de palestinske områdene i dag. I Gaza pågår krigen for fullt mellom Israel og Hamas.
På Vestbredden viser de rosa områdene hvilke områder som er palestinskstyrte og delvis palestinskstyrte. De mørkeblå områdene er underlagt israelsk kontroll.
Busettingane er ulovlege etter folkeretten, men Israel ser på dei som legitime.
Saman med militær nærvær, kontrollpostar og vegsperringar, husransakingar og ein mur rundt og gjennom Vestbreidda, avgrensar dette palestinarar sin fridom til å bevege seg på eige territorium, meiner FN.
Ikkje juridisk bindande
– Dette blir viktig for at diskusjonen mellom Israel og andre statar skal gå føre seg på folkerettslege premiss, ikkje politikk. Det gir eit folkerettsleg argument for å kritisere busettingane, forklarer professor Jo Stigen ved Institutt for offentleg rett.
ICJ kjem ikkje med ein dom, men ei rådgjevande utsegn.
Sjølv om domstolen har kome fram til utsegna på same måte som dei ville kome fram til ein dom, er ho ikkje rettsleg bindande.
– Men om Israel eller andre land vel å sjå vekk frå utsegna, ser dei samstundes vekk frå sjølve folkeretten. Då kan ein med rettsleg tyngde seie at dei bryt med folkeretten likevel, seier Stigen.
Israel har tidlegare avvist utsegn frå ICJ.
I 2004 meinte domstolen at den israelske muren på Vestbreidda, som skil mange palestinske familiar frå kvarandre, bryt med folkeretten og bør øydeleggast. Sidan har Israel berre forlenga muren.
– Minner om annektering
Utvidinga av israelske busettingar på palestinsk territorium har i fleire tiår vore blant dei mest betente sakene mellom Israel, Palestina og det internasjonale samfunnet.
FN har ei rekke gonger slått fast at busettingane er ulovlege, mellom anna i 2016 i FNs mektigaste organ, Tryggingsrådet
Ein av tre busettarar flyttar dit av religiøse grunnar, for ifølge Bibelen har dette vore jødisk land. Men mange av dei er også sekulære og har flytta dit på grunn av låge levekostnadar og finansielle gode som israelske styresmakter tilbyr dei.
Sidan Netanyahu fekk makta og danna Israels mest ytterleggåande regjering nokosinne, har dei berre auka i tal og omfang. Det registrerer den israelske organisasjonen Peace Now.
– Denne annekteringa undergravar tryggleiken og framtida til både israelarar og palestinarar. Komande generasjonar kjem til å betale prisen, skreiv organisasjonen i juni, då regjeringa vedtok å bygge over 5200 nye bustadar på okkupert jord.
Palestinske leiarar seier at busettingane avskjærer palestinske samfunn frå kvarandre og undergrev alt håp om ein sjølvstendig palestinsk stat.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide sa nyleg til NRK at situasjonen byrjar å likne ei form for annektering.
Både Peace Now og den israelske menneskerettsorganisasjonen BTselem ser på busettingspolitikken, og valden som følger, som ein måte å presse palestinarane heilt ut av den okkuperte Vestbreidda.
Den viktigaste rettssaka
Usemja rundt dei palestinske territoria er nemleg kjernen i konflikten i Midtausten. Hellestveit forklarer at det største hinderet for ein sjølvstendig palestinsk stat.
– Utsegna frå ICJ kjem på eit kritisk tidspunkt for palestinarane, seier Cecilie Hellestveit ved Folkerettsinstituttet.
Dei fleste FN-land anerkjenner Palestina som stat. Men i går kom Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga, fram til at det vil vere ein eksistensiell trugsel mot Israel.
– Det gjorde dei for å imøtegå på det som kjem frå Haag i dag. Dei set nok ikkje pris på det som kjem derifrå, for å seie det forsiktig, seier Hellestveit.
Publisert 19.07.2024, kl. 15.38 Oppdatert 19.07.2024, kl. 15.45