– Eg byrja å tenke at eg ville jo eigentleg leve, seier Wanja Aasen Hamre.
Men slik at det ikkje alltid vore for 27-åringen frå Moelv i Innlandet.
Store delar av livet har ho vore langt nede. Nokre gonger så langt nede at ho hadde bestemt seg for å gi opp livet, fortel ho.
Det som byrja som ei eteforstyrring då ho var 13 år, utvikla seg til depresjon og angst.
Så kom sjølvmordstankane og konkrete planar om å drepe seg sjølv.
Men likevel valde ho å leve. Det takkar ho musikken for.
- Les også om korleis Marius kom seg unna den dystre sjølvmordsstatistikken.
– Ville eigentleg leve
Dei gongene ho har vore mest deprimert, har ho tatt pennen fatt.
– Det har fått meg gjennom dei verste opplevingane og stundene, seier ho.
Likevel skulle ho ende alt i 2015. Då jobba ho med å gjere ferdig ei låt. Så skulle det vere over.
Då songen var ute, balla det på seg med nye musikkprosjekt. Så var det UKM, der ho kom heilt til landsfinalen. Så var det konsertar og radiointervju.
– Det var så mykje at eg ikkje fekk sjansen til å avslutte livet mitt, seier ho.
– Då byrja eg å tenke at eg vil jo eigentleg leve. Det var det musikken som fekk meg til å tenke.
- Det finst nytt håp i kampen mot eteforstyrringar. Les om korleis Vilde-Helene (19) fekk livet tilbake.
Til Stortinget
Men så vart det mørkt igjen. Nok ein gong tok ho pennen fatt.
Denne gongen skreiv ho eit lesarinnlegg der ho delte sine erfaringar frå helsevesenet.
Innlegget vart mellom anna publisert i lokalavisa Ringsaker blad og Dagbladet.
Sjølv var ho innlagt, men meldingane rant inn frå andre i same situasjon som ønskte hjelp frå Hamre.
– Eg hadde jo lyst til å hjelpe alle, men skjønte at eg må hjelpe meg sjølv først, seier ho.
Ei av dei som las innlegget, var Tone Wilhelmsen Trøen (H). Ho er leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
Ho vart brydd av historia, og inviterte 27-åringen til Stortinget.
– Eg synest det er så viktig å få innspel og råd frå dei som faktisk veit korleis ting er og som kan gi innspel på kva som fungerer og ikkje, seier Wilhelmsen Trøen.
Hamre reiste til Oslo. Der snakka ho med Trøen i fleire timar.
– Eg sat med ei kjensle av at vi faktisk gjorde ein forskjell denne dagen, seier Hamre.
– Om eg får moglegheita til å kunne gjere ein forskjell, så vil eg gjere det.
Og den moglegheita greip ho. Gjennom musikken.
Tone Wilhelmsen Trøen (H):
Samstundes som lesarinnlegget til Wanja Aasen Hamre vart trykka, jobba Tone Wilhelmsen Trøen (H) med ny politikk for Høgre på psykisk helse.
- Eg lærte veldig mykje av samtalen med Wanja. Det innblikket ho gav meg i korleis ho opplevde å møte det psykiske helsevesenet påverka og prega fleire av våre nye politiske løysingar på området, seier Wilhelmsen Trøen.
Tone Wilhelmsen Trøen (H):
Dei kalla den nye politikken på temaet for «Hjelp som hjelper». Ifølgje høgrepolitikaren, gav Hamre sterk inspirasjon til politikken.
- Særleg kor viktig det er å sjå enkeltmennesket sitt behov og ressursar, og korleis vi møter menneske med utfordringar.
At Hamre nærast hadde vore som ein kasteball mellom ulike tilbod gjorde særleg inntrykk på politikaren.
- Slik skal det ikkje vere.
Tone Wilhelmsen Trøen (H):
Wilhelmsen Trøen synest det er bra og viktig at 27-åringen fortel si historie og sine erfaringar.
- Vi har alle ei psykisk helse, og dei fleste av oss får ufordringar med den i løpet av livet. Dessverre er det framleis både skam og stigma rundt psykisk helse.
- Eg er sikker på at Wanja si openheit og sterke kamp er til inspirasjon for mange andre som strever og treng håp om å bli betre.
- Les også om Malin (37) som får psykologhjelpa heime. Det har gjort ventelistene kortare.
Musikk som terapi
Etter eit tøft år byrja ho i fjor å lage musikk med det nyoppstarta produksjonsselskapet Mumble.
– Eg fekk ein drivkraft som eg aldri har hatt før. Då tenkte eg «nei veit du kva, no skal eg komme meg ut av depresjonen».
– Eg skulle gjere det gjennom musikken, og så kan eg hjelpe andre gjennom musikken min, fortel ho.
No har 27-åringen platekontrakt og er aktuell med ein EP. No er det musikken som tel.
– Den er livsviktig for meg. Eg har funne ut at den er det eg er, og den er det eg vil vere. Det er min måte å uttrykke meg på. Det er terapi og ein tilfluktsstad, seier ho.
– Musikken er alt eigentleg.
For musikk kan påverke den psykiske helsa vår, slår Viggo Krüger fast.
Han er forskingsleiar ved Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) ved Universitetet i Bergen. Han er oppteken av korleis musikk kan bli brukt som eit helsefremmande verkemiddel.
Det å både høyre på, men også lage musikk, kan utløyse hormon som endorfin og dopamin.
Desse kan gi ei kjensle av glede, meistring og lykke, fortel han.
Men, når ein er langt nede og treng å bli høyrt og forstått, kan også musikken bli brukt til å gi oss ei stemme og kjenne på eit fellesskap.
– Då betyr musikken veldig mykje for mange, seier han.
- Sjå kva som skjer med Gretha (83) når ho får høyre favorittmusikken sin.
Heile skalaen av kjensler
Trass dei positive fordelane ved musikken, kan den også vekke vanskelege og utfordrande kjensler.
– Vi treng musikken for å uttrykkje faenskapen. Mange bruker musikk for å møte problem, men ein må vere obs på å gjere det på ein berekraftig måte.
Har du tenkt over korleis musikk påverkar deg?
Han legg til at artistar som rollemodellar har eit særleg ansvar til å ikkje til dømes lovprise sjølvmord eller oppfordre til vald.
– Det er djupt menneskeleg å drive med musikk, og musikk bør atterspegle heile skalaen av kjensler.
- Det er ei styrke å vise sårbarheit, meiner Hanna (23). Les om korleis ho vann over sjukdommen med musikk.
Førebudd på mørket
Sjølv om 27-åringen er på ein bra stad i livet no, er ho klar over, og førebudd på, at ho kan få tilbakefall.
Då er det ein ting ho og andre i same situasjon må vere klar over, meiner ho.
– Sjølv om det er mørkt no, så vil det bli lysare.
Publisert 20.07.2024, kl. 07.45