Fetisj-president meiner myndig­heitene har vore for treige med vaksinar

1 month ago 20


Denne veka har det blitt oppdaga minst to nye tilfelle av m-koppar i Oslo.

Styresmaktene går no ut og ber folk i risikogruppene om å vaksinere seg.

Men dette skjer alt for seint, meiner presidenten i fetish- og BDSM-klubben Scandinavian Leather Men (SLM).

– Vi har etterspurt dette i to år sidan smitten kom til Noreg i 2022, seier Marius Hofseth.

Som president er han talsperson for eitt av dei sexpositive miljøa som no får ei merksemd dei helst skulle unngått.

No meiner Hofseth at helsevesenet burde ha kome på bana langt tidlegare med eit lett tilgjengeleg vaksinetilbod.

Informasjonen har vore for dårleg ut til målgruppene, meiner han.

– Og det har vore til dels komplisert for folk å få både gjennomført testar og få sett vaksine.

Meiner Noreg var seint ute

Han slår fast at dei tar utbrotet av m-koppar på høgste alvor, på lik linje med andre seksuelt overførbare sjukdomar.

Men styresmaktene burde ha vore mykje meir frampå, meiner Hofseth.

I Tyskland og i mange andre land så var det tilbod om drop-in-vaksinasjon allereie våren 2022.

I Noreg kom vaksinasjonen først i gang på seinsommaren og hausten.

– Då hadde ein forspilt fleire månader allereie, sånn at dette fekk spreie seg.

M-koppar viruset

Det rosa i bilete viser viruspartiklane frå m-koppar viruset, medan det gule viser ei celle som har blitt infisert av viruset. Bilete frå National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID).

Foto: NIAID / Reuters

Vil ha nytt tilbod på plass

Han peikar også på at Noreg var veldig seint ute med å skaffe vaksinedosar, i motsetning til fleire av nabolanda våre.

– Det kan jo berre komme av manglande oppfølging frå helsestyresmaktene, meiner presidenten i SLM.

Hofseth opplyser også at det er på gang eit lågterskeltilbod for å nå fleire med informasjon og vaksine.

Dei som har hatt seksuell kontakt med ein som har sannsynleg eller stadfesta m-koppar blir også bedne om å ta kontakt med sitt smittevernkontor innan fire dagar.

Der vil dei kunne få det som blir kalla «post-eksponeringsvaksine»

Kommuneoverlege i Oslo, Fredrik Rønning Iversen, seier at dei er klare for å ta imot eit aukande tal menneske som treng vaksinane.

I Oslo vil vaksineringa skje ved Nydalen vaksinesenter.

– No driv vi med smittesporing, og det kan vere tidkrevjande arbeid. Vi jobbar med å få informert alle dei aktuelle nærkontaktane, opplyser Rønning.

Helseetaten vil ikkje svare på kritikken som SLM kjem med om at vaksinasjon har tatt for lang tid.

fredrik Rønning iversen

Fredrik Rønning Iversen er kommuneoverlege i Oslo kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tok tid å lage eit system

– Vaksinasjon mot m-koppar har vore tilgjengeleg for menn som har sex med menn sidan hausten 2022. Det skriv Preben Aavitsland, fagdirektør for overvaking i FHI, i ein e-post til NRK.

Folkehelseinstituttet opplyser om at 2300 personar har vaksinert seg. Dei aller fleste er menn som har sex med menn.

– Sommaren 2022 hadde vi få dosar tilgjengeleg og måtte derfor lage eit system som sørga for at menn med høgast risiko kom først i køen, noko som tok litt tid.

Aavitsland skriv at dei få dosane for to år sidan ikkje har nokon betydning for dagens situasjon.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Overlege Preben Aavitsland i FHI seier at andre kommunar også har vaksinasjonstilbod.

Foto: Tor Erik Schrøder

Sidan utbrotet starta i 2022 har FHI hatt fleire møter med organisasjonar for menn som har sex med menn for å informere om m-koppartrusselen.

– Foreiningar for desse mennene har også spreidd informasjon og tatt stort ansvar. Dette gjorde at utbrotet sommaren 2022 gjekk raskt over utan vaksinasjon, og sidan har vi hatt berre enkelttilfelle og små utbrot.

Ber folk vere merksame

Eitt av dei påviste nye tilfella av m-koppar er oppdaga hos ein person som var på fest hos SLM.

Dei veit ikkje kven dette er, men hen har oppgitt at hen var på fest hos SLM 6. oktober og 12. oktober.

No blir alle som var på desse to festane bedne om å vere ekstra merksame på eventuelle symptom og ekstra varsame med tanke på vidare smitte.

I samråd med helsestyresmaktene kjem dei med råd:

  • Dei som hadde sex eller hudkontakt med nokon på desse festane, bør unngå sex eller hudkontakt i tre veker etter festen dei var på
  • Alle blir oppmoda til å oppsøke lege dersom dei har utslett, blemmer eller små sår som ikkje gror av seg sjølve
  • Alle menn som har sex med menn blir oppmoda til å vaksinere seg mot m-koppar

Dessutan ber klubben alle som har symptom på sjukdom som forkjøling og influensa om å halde seg heime til dei er friske.

Publisert 23.10.2024, kl. 19.20

Read Entire Article