Fekk skryt av Vedum – risikerer millionsmell etter ny skuleplan

2 hours ago 3


Det var jubel og håp å spore då Vestland fylke presenterte ny skuleplan for den vidaregåande skulen i byrjinga av oktober.

Men berre to veker seinare viser nye utrekningar at planen vil føre til ein millionsmell.

Nærmare bestemt 47 millionar kroner i minus berre på dei første to åra.

– Eit gigantisk mageplask. Ein plan som skulle vare i fire år, varte berre i to veker, seier Elias Eide frå Høgre, som saman med Frp var imot planen.

– No er det full usikkerheit igjen, legg han til.

Skryt av Vedum

Dette skjer berre dagar etter at Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum i Debatten trakk fram Vestland, fleire gongar, som eit prakteksemplar på korleis ein kan løyse skulestrukturen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under debatten.

Finansminister og Senterpartileiar, Trygve Slagsvold Vedum, valte fleire gongar å trekke fram Vestland som føregangsfigur for andre fylkeskommunar.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Vestland, som er det same som Innlandet med lange avstandar og desentralt, der har dei valt å ta vare på breidda i skulestrukturen, sa Vedum.

I Innlandet har debatten om nedleggingar og skulestruktur skapt sterke reaksjonar, der mellom anna artisten Matoma kasta seg inn i debatten med ein tirade:

Asfalt eller ungdom?

Budsjettsmellen har fått fylkesdirektør for opplæring i Vestland, Bjørn Lyngedal, til å tvile på den to veker gamle planen er realistisk.

– Om ein trur det som blei vedteken for to veker sidan blir akkurat sånn, så kan ein bli skuffa, seier Lyngedal.

Han meiner dei ikkje vil kome seg unna kutt i tida framover med eit fallande elevtal.

– Det einaste forsvarlege er å redusere tilbodet vi gir på skulane, altså at vi tar ned tal på klasser, seier direktøren.

Dei siste fire åra har elevtalet i Vestland gått ned med 1000 elevar, like stor nedgang som i Innlandet:

På dei vidaregåande skulane er dei tydeleg på at dei har klare forventningar om den opphavlege planen blir følgt.

– Eg har full tillit til at politikarane får gjennomført den planen dei har førespegla oss, noko anna vil overraske meg, seier rektor ved Firda vgs. på Sandane i Vestland, Hallgeir Hansen.

Rektoren meiner fylkeskommunen må finne dei 47 millionane slik at planen held stand.

– Dei må berre finne pengane. Kva er viktigast? Asfalt eller ungdom? spør han.

Rektor Firda vgs, Hallgeir Hansen

Rektor ved Firda vgs. Hallgeir Hansen blir overraska om skuleplanen i Vestland ikkje står ved lag.

Foto: Bård Siem / NRK

– Unødvendig frykt

Espen Edvardsen i Vestland Arbeidarparti, som har vore med å laga planen, slår hardt tilbake mot både Elias Eide (H) og opplæringsdirektøren.

– Eg er redd dei spreiar uro og unødvendig frykt, seier Edvardsen.

Han er klar på at dei skal klare å følge planen, men vedgår at det kan kome kutt.

– Er det ikkje søkjarar, så må ein legge ned tilbod, men det trur eg skulane er klar over.

Under ein regjering som lova mindre sentralisering, blir det kutt i tilbodet til barn og unge over heile landet.

Publisert 19.10.2024, kl. 10.11 Oppdatert 19.10.2024, kl. 10.16

Read Entire Article