Fekk skilpadder som stammar frå dinosaurane si tid

4 months ago 23


– Det er funne fossil av slangehalsskilpadde heilt tilbake på tida der det levde dinosaurar. Dei har klart å tilpasse seg gjennom tida og overleve, seier biolog Tina Haagensen i Kristiansand Dyrepark.

Dyreparken har fått to eksemplar av dyret som heiter slangehalsskilpadder.

Det spesielle med denne arten er altså at han har eksistert heilt sidan dinosaurane regjerte på kloden.

– Det er jo veldig gøy å kune sjå på dei i dette miljøet, og at dei faktisk levde på den tida vi hadde store dinosaurar, som vi også er veldig fascinert av, seier Haagensen.

Slangehalsskilpadder i Kristiansand Dyrepark

Kristiansand Dyrepark har fått to slangehalsskilpadder. Arten er utryddingstruga og stammar frå dinosaurane si tid.

Foto: Kristiansand Dyrepark

Kan vere utrydda i naturen

Arten er kritisk truga. Faktisk kan han vere heilt borte frå naturen.

Den siste slangehaldsskilpadden vart observert på øya Roti i Indonesia ute i naturen i 2009.

– Forskarar veit ikkje sikkert om det fins fleire igjen i naturen. Difor er det ekstra viktig å ta imot desse dyra av hensyn til bevaringsprogrammet dei er ein del av, seier veterinær Rolf-Arne Ølberg i Kristiansand Dyrepark.

Ei av årsakene til at arten er truga er at dyret er populært som kjæledyr.

– Menneske har blitt fascinert av den unike utsjånaden. Han er rett og slett blitt fanga i alt for store mengde, seier

I tillegg er områda deira i Indonesia truga av lokalt landbrukt.

Dei to som har komme til Dyreparken er ti år gamle. Ein hann og ei ho.

Kan bli sett ut i naturen

Kristiansand Dyrepark er ein del av bevaringsprogrammet til dyreparkorganisasjonen EAZA.

Det er bakgrunnen for at dei no har fått to slangehalsskilpadder til Kristiansand.

Dyra er ein reservebestand for å sikre arten.

Etterkvart kan det bli aktuelt å sette slangehalsskilpadder frå dyreparkar ut i naturen.

Duoen har funne seg til rette i Kristiansand Dyrepark, ifølgje biologen.

– Dei ser ut til å trivast veldig bra. Dei har flytta inn i sin eigen vasstank i terrariet. Der har vi vinduage slik at vi kan sjå korleis dei oppfører seg under vatnet. Dei sym rundt og har det greit saman og ser ut til å ha funne seg til rette allereie, seier ho.

– Er det slik at håpet no er at det kan bli fødd fleire skilpadder til parken?

– I første omgang blir det å legge til rette for desse to, og sjå at dei trivst. Så håpar eg vi i framtida kanskje kan bidra inn med å få inn endå fleire slangehalsskilpadder som kan legge egg, og at vi kan få sendt dei vidare til andre parkar, seier Haagensen.

Publisert 24.07.2024, kl. 12.55

Read Entire Article