Fann 150 år gammal flaskepost i vikinggrav

2 hours ago 4


– Dette er blant dei flottaste funna eg har gjort!

Arkeolog Morten Ramstad er full av begeistring over flaskeposten som vart grave fram på Nordfjordeid denne veka.

Den store gravhaugen har nemleg vore utforska før.

For 150 år sedan grov Anders Lorange seg inn og fann restane etter eit stort vikingskip.

Vikinggrav Nordfjordeid

Klaus Edler får store utslag med metallsøkaren.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Før haugen vart fylt igjen, la han igjen ein beskjed til sine framtidige kollegaer.

Arkeologane har ikkje opna flaskeposten. Litt vatn har trengd inn, og dei er redde for å øydelegge beskjeden.

Store funn

Lorange hadde lagt flaska under ein rekke skipsnaglar frå det utbrende Myklebustskipet.

Arkeologane har grave seg inn i same del av gravhaugen som for 150 år sidan. Likevel har dei gjort overveldande funn.

Utgraving av vikinggrav på Nordfjordeid

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Det er veldig vanskeleg å beskrive kor stort det er. På Vestlandet er det over 100 år sidan ein fekk lov til å gå inn i ein skipsgrav, seier Ramstad.

Dei har funne over 600 gjenstandar – inkludert 500 naglar frå vikingskipet. Dei har også funne ein bronsering, som truleg tilhøyrde eit kar som blei røva frå Irland.

– Vi har funne omtrent like mykje som Lorange gjorde, seier Ramstad.

  • Vikinggrav Nordfjordeid skipsnagler

    Til saman er det funne over 1300 naglar frå Myklebustskipet. 500 av dei er gravd fram denne veka.

  • Vikinggrav Nordfjordeid arkeolog Morten Ramstad

    Arkeolog Morten Ramstad har vore med på mye, men dette prosjektet er blant dei største i karrieren.

  • Vikinggrav Nordfjordeid

    Skipsnaglane tyder på at Myklebustskipet var av formidabel storleik.

  • Vikinggrav Nordfjordeid riksantikvar Hanna Geiran

    Riksantikvar Hanna Geiran ønsker at skipsarven skal hamne på Unescos verdsarvliste.

  • Vikinggrav Nordfjordeid

    Ikkje på 150 år har nokon utforska vikinggraven på Nordfjordeid.

Nokre steinkast unna gravhaugen ligg rekonstruksjonen av skipet som vart brent her – Myklebustskipet.

Skipet var av formidabel storleik.

– Kanskje Noregs største. Nå får vi jo vite meir. Storleiken på skipsneglene vil kunne sei noko om storleiken på skipet. Det er kjempespennande, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Myklebustskipet

Myklebustskipet var veldig stort, men dei nøyaktige måla har ikkje forskarane. Her er ein replika.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Flaskepost frå 2024

Heile haugen blir ikkje grave opp. Dei vil la resten bli verande intakt.

– Kulturminne er ein ikkje-fornybar ressurs. Det eit skattkammer for framtida vi lèt etter oss, seier Geiran.

Gravhaugen stammer frå 800-talet. Fleire hundre dagsverk måtte til for å lage haugen. Det var eit symbol på makta til den gravlagde.

Vikinggrav Nordfjordeid

Denne ringen av bronse blei truleg røva frå eit kloster i Irland.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Kanskje var det kong Audbjørn som blei gravlagt her. Ifølge Snorre døydde han i strid mot Harald Hårfagre.

I gravhaugen er det også beinrestar. Dyr blei ofra. Det er ikkje utenkeleg at menneske vart drepne i dei religiøse gravferdsrituala.

Vikinggrav Nordfjordeid

Arkeolog Thomas Bruen Olsen seier at også dei skal legge att ein flaskepost.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Arkeologane nyttar heilt andre metodar i dag enn på 1800-talet. Då var ein mest opptatt av å finne dei store skattane i midten av grava.

På måndag skal gravhaugen lukkast att. Då skal arkeologane sjølvsagt legge igjen sin eigen flaskepost.

Kva beskjed dei skal legge igjen, kjem arkeologane aldri til å røpe. Det tar dei med seg i grava.

Publisert 18.10.2024, kl. 18.20

Read Entire Article