EU vil innføre ein ytterlegare toll på kinesiske elbilar. Det kjem fram av ei pressemelding onsdag.
Det skjer etter at EU i fjor sette i gang undersøkingar, då fleire og fleire kinesiske elbilar ruller rundt på europeiske vegar.
Bilprodusentar som ikkje har samarbeida i undersøkingane, blant dei SAIC – som står bak merket MG – vil få ein toll på 38,1 prosent.
Dei andre to store produsentane BYD og Geely vil få toll på høvesvis 17,4 og 20 prosent.
Årsaka er at EU-kommisjonen meiner at dei kinesiske produsentane nyt godt av «urettferdige subsidiar», noko som utgjer ein økonomisk trussel for europeiske elbilprodusentar.
Dei nye tollsatsane trer i kraft frå 4. juli, med mindre kommisjonen blir samde med kinesiske styresmakter.
Dei ferske tollsatsane er førebels langt unna USA sin toll på 100 prosent, som vart annonsert tidlegare i år.