– Det er ei valdeleg og brutal hendig som har skjedd på ein barneskule med to elevar der ein er mistenkt og ein er fornærma.
Det seier leier for førebyggande avsnitt på sentrum politidistrikt i Trondheim, Jan Erik Mihle til NRK.
Hendinga skal ha skjedd for eit par veker sidan.
Måndag denne veka hadde politiet eit foreldremøte på skulen for å bidra til ro og minske ryktespreiing.
– Me har formulert om hendinga frå å vere alvorleg til å vere valdeleg og brutal, seier Mihle.
Utover det vil politiet framleis ikkje seie noko om kva som har skjedd, men ber folk slutte å spekulere.
– Det er sårbare ungdommar det er snakk om.
Har meldt inn sak mot skulen
FAU leiaren ved skulen opplyser at saka og handteringa av saka er belastande for både elevar og foreldre.
– FAU er overbelasta, overvelda og jobbar på for elevar og foreldre. For at skulemiljøet skal varetakast og at deira stemmer skal bli høyrde.
Kommunalsjefen, kommunedirektøren og statsforvaltaren skal vere varsla, på vegner av barn og føresette på skulen.
Påtaleansvarleg, Mette Forfang Digermul, vil ikkje seie noko om kva som har skjedd.
– Eg kan bekrefte at politiet etterforskar ei sak, men eg kan av omsyn til etterforskinga ikkje gå ut med detaljar på noverande tidspunkt. Fokuset vårt er å vareta dei involverte.
Elevane er i øvre barneskulealder.
– Varselet om hendinga kom etter at situasjonen hadde opphøyrt, forklarar Mihle.
Politiet etterforskar hendinga og er i gang med tekniske undersøkingar og avhøyr av dei involverte og eventuelle vitne.
Adresseavisen omtalte saka først.
– Svært belastande
Arve Røli er bistandsadvokat for det fornærma barnet.
Han seier vedkommande har forklart seg i eit tilrettelagd avhøyr, og blir varetatt av familien sin.
– Situasjonen er svært belastande for fornærma og heile familien, seier han til NRK.
Advokat Kolbjørn Lium, som forsvarar det mistenkte barnet, ønsker ikkje å uttale seg om saka.
Ber foreldre bidra til ro
Førre veke sende rektoren ved skulen ut ei melding til foreldre og føresette.
«Denne uken har det skjedd en alvorlig hendelse på skolen. Nødvendige tiltak er iverksatt, og de som er involvert blir ivaretatt» heiter det i meldinga, som NRK har fått tilgang til.
«Av hensyn til de involverte oppfordrer skolen foresette til å bidra til ro og ikke ryktespredning.» står det vidare i meldinga.
NRK har vore i kontakt med rektoren ved skulen, som ikkje ønsker å uttale seg om saka.
Publisert 29.05.2024, kl. 12.53 Oppdatert 29.05.2024, kl. 13.06