Frankrikes president Emmanuel Macron oppløyser nasjonalforsamlinga og skriv ut nyval 30. juni etter valnederlaget i EU-parlamentet.
Publisert 09.06.2024, kl. 21.08 Oppdatert 09.06.2024, kl. 21.14
– Eg kan ikkje late som om ikkje noko har skjedd, seier Macron etter at ytre-høgre-partiet Nasjonal Samling blei det klart største partiet i det franske EU-valet søndag.
Han seier framgangen til nasjonalistane er ein fare for landet og Europa.
– Resultatet av EU-valet er ikkje bra for partia som forsvarar Europa, sa han.
Publisert 09.06.2024, kl. 21.08 Oppdatert 09.06.2024, kl. 21.14