Ein million barn treng psykososial støtte: – Dette er ikkje normalt

1 hour ago 4


Når Obaida (8) får sjå det skarpe metallet som for to veker sidan blei operert ut av låret hans, spenner kroppen seg til, og tårene presser på.

1. oktober bomba israelske styrkar nabolaget til familien i Khan Younis, og eit sylskarpt metallfragment frå ei bombe bora seg inn i låret til den vesle guten.

ei hand held fram metall

Denne metallbiten blei operert ut av Obaidas lår, etter eit israelske bombenedslag i nabolaget hans i Khan Younis 1. oktober.

Foto: Kmail

– Eg hugsar kor redd han var då han kom inn her.

Det fortel Norwac-lege Geir Stray Andreassen, som var med på å operere ut metallbiten på Det europeiske sjukehuset i Khan Younis.

Israel lar ikkje internasjonal presse sleppe inn på Gazastripa. Derfor samarbeider NRK med lokale journalistar for å få ut historiene.

Dette er tredje gong Andreassen har vore på Gazastripa i løpet av krigen. Barna gjer ekstra sterkt inntrykk på han.

Obaida ligg på ei sjukehusseng og snur seg vekk. Lege Geir Stray Andreassen snakker og held metallet i handa.

Norwac-lege og kirurg Geir Stray Andreassen har reist inn og ut av Gazastripa i løpet av krigen.

Foto: Kmail

17.000 barn blitt foreldrelause

– Barna er redde. Dei smiler, men dei ber preg av stor redsel, seier Andreassen.

Mange barn har sett foreldra og søskena bli drepne. 17.000 barn har blitt foreldrelause i løpet av krigen, ifølge Unicef.

barn held seg for øyrene og gret

Barn flyktar frå eit israelsk luftangrep i Khan Younis i juli i år. 71 menneske blei drepne i angrepet, ifølge Gazas helsestyresmakter.

Foto: Jehad Alshrafi / AP

Helsearbeidarar som The New York Times har snakka med, fortel om små barn som gir uttrykk for at dei ønsker å døy, fordi alle familiemedlemmane deira er drepne i israelske angrep.

Dei fortel om barn som ikkje har augekontakt, ikkje smiler, har slutta å snakke, og som er veldig desorienterte.

Ifølge OCHA vil ein million palestinske barn ha behov for psykososial støtte når krigen er omme.

– Ikkje normalt

Obaidas humør vekslar i eit raskt tempo. Han går frå å smile, til å gråte, til å bli sint, i løpet av få minutt.

– Dette er ikkje normalt. Då han fekk sjå metallbiten, reagerte han veldig. Dette er eit stort traume for han, fortel Andreassen.

Obaida hinkar no rundt på ein fot, men har fått beskjed om at han må øve på å belaste den skadde foten. Det er venta at han vil bli heilt frisk, fysisk.

– Men også han vil trenge psykososial behandling, seier Norwac-lege Andreassen.

Obaida øver på å belaste den skadde foten sin.

Kmail

– Det ser ut som Hiroshima

Førre gong Andreassen var i Khan Younis, såg området rundt sjukehuset heilt annleis ut.

– I januar var Khan Younis og Rafah i sør nokolunde intakt. Folk kunne bu i husa og leilegheitene sine. No bur dei fleste i telt. Det ser ut som Hiroshima her.

barn leiker i ruinar

To små barn leiker ved ruinane av ei bygning i Khan Younis i september i år.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

– Og eg ser kor slitne alle sjukepleiarane og legane er, men trass i alt dei har opplevd, så møter dei opp på jobb kvar dag med eit godt humør.

Publisert 16.10.2024, kl. 22.31

Read Entire Article