I den palestinske landsbyen Ras al-Ein i Jordandalen bytter internasjonale- og israelske fredsaktivistar på å halde vakt ved ei vasskjelde.
Israelske busettarar har gjentatte gonger gjort hærverk på ho.
– Busettarane oppretta nyleg ein utpost her. Målet er å angripe palestinarane når dei prøver å få vann, og eigentleg gjere det umogleg å leve her.
Det fortel den russiske journalisten og fredsaktivisten Andrey X til NRK. Ifølge han er utanlandske pass, eit kamera og rapportering om kva som skjer, med på å dempe trakasseringa av palestinarane.
Han samarbeider med den israelske gruppa Looking Occupation in the Eye, som arbeider med å samle informasjon og opplyse om Israels okkupasjon av palestinske område.
– Mange av dei er mindreårige
Ifølge Andrey er dei fleste som er ansvarlege for valden i området, israelske busettarar frå nærliggande busettingar.
– Mange av dei er mindreårige, 14–15 år. Dei angrip palestinarane, gjer hærverk og invaderer landsbyane med dyra sine, seier han.
Busettarvalden mot palestinarane har auka drastisk etter 7. oktober. Mellom terrorangrepet 7. oktober og juli i år, registrerte FNs kontor for humanitære saker (OCHA) over 1000 angrep utført av busettarar mot palestinarar i dei palestinske område.
Busettarar har sett fyr på åkrar, bilar og hus på Vestbreidda.
Ifølge den israelske menneskerettsorganisasjonen BTselem er formålet med busettervalden å presse palestinarane ut av den okkuperte Vestbreidda.
I desember fordømde Israels forsvarsminister auken i busettarvald mot palestinarar, og presiserte at berre politiet og militæret har lov til å bruke makt.
Men videoar analysert av Amnesty viser at israelske soldatar ofte er til stades når dette skjer, utan å gripe inn.
Benjamin Netanyahu kommenterer sjeldan busettarvalden, men i november fordømde han handlingane og sa at regjeringa arbeider med å ansvarleggjere dei det gjeld, skriv The Jerusalem Post.
Dette skal ifølge Jerusalem Post ha blitt sagt under press frå USA.
Israel godkjenner meir land
Noreg anerkjente Palestina som stat i mai i år. Området inkluderer Gazastripa, Aust-Jerusalem og Vestbreidda.
Men seinast i juni bestemte den israelske regjeringa å bygge over 5200 nye bustader på Vestbreidda. Det inkluderer utviding av fleire eksisterande busettingar, i tillegg til godkjenning av tre ulovlege utpostar. Det melder den israelske fredsorganisasjonen Peace Now, som registrerer busettingar.
Israel okkuperte Vestbreidda i 1967, og sidan den gong har 500.000 israelarar busett seg området, såkalla busettarar. Blant dei er Israels finansminister Bezalel Smotrich og sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir.
De rosa feltene viser palestinske områder fra 1949 frem til 1967. Gaza var da okkupert av Egypt. Vestbredden var okkupert av Jordan.
Når Norge nå anerkjenner Palestina som egen stat, er det disse grensene Norge mener staten Palestina og staten Israel bør basere seg på, med Jerusalem som delt hovedstad og med åpning for avtaler om landbytte.
De rosa feltene viser de palestinske områdene i dag. I Gaza pågår krigen for fullt mellom Israel og Hamas.
På Vestbredden viser de rosa områdene hvilke områder som er palestinskstyrte og delvis palestinskstyrte. De mørkeblå områdene er underlagt israelsk kontroll.
Det er to måtar Israel tar land på. Den vanlegaste måten er at den israelske regjeringa godkjenner eit område som «statsland», for så å godkjenne bygginga av busettingar der.
Den andre måten er at busettarar tar landområde ulovleg og opprettar leirar, såkalla utpostar. Den israelske regjeringa kan etter ei tid velge å godkjenne desse utpostane. Viss ikkje det skjer, blir dei likevel sjeldan fjerna.
Sidan 7. oktober har Peace Now registrert 25 nye ulovlege utpostar, som utgjer 10 prosent av dei ulovlege busettingane totalt.
Undergrev moglegheiter for tostatsløysing
Yoni Mizrachi leiar arbeidet med å overvake busettingane i Peace Now. Fredsorganisasjonen meiner at busettingane er det største hinderet for å skape fred mellom palestinarane og israelarane, og at Vestbreidda må forbli palestinsk.
Det same seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.
– Israelske busettarar et seg inn og tar stadig meir av landet. Det er ein situasjon som nærmar seg annektering og stikk i strid med folkeretten.
Eide meiner at dette undergrev alle moglegheiter for ein palestinsk stat.
Hindrar utviding av palestinske landsbyar
Dette bekymrar ikkje den sittande regjeringa i Israel. Onsdag stemte Knesset, altså nasjonalforsamling, for ein resolusjon som tar avstand frå ein palestinsk stat.
– Busettarane bygger vanlegvis stader der det ikkje er palestinarar, men ofte bur dei nærme. Altså får dei busettarar som naboar.
Formålet er å unngå opprettinga av ein palestinsk stat og utviding av dei eksisterande palestinske landsbyane, fortel Mizrachi.
ICJ vurderer okkupasjonen
Fredag skal Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) presentere kva dei meiner om Israels okkupasjon av Vestbreidda og Aust-Jerusalem. Dei skal ta stilling til to ting.
Dei skal legge fram konsekvensane av Israels pågåande brot på palestinaranes rett til sjølvbestemmelse. I tillegg skal dei svare på korleis situasjonen påverkar den juridiske statusen til okkupasjonen, og kva juridiske følger dette eventuelt får for FN-landa.
Ifølge utanriksminister Eide har ICJ undersøkt om utvidinga av busettingane er eit forsøk på annektering av området.
Publisert 18.07.2024, kl. 20.50