Dukka opp slik på TV – no haglar kritikken

3 weeks ago 9


– Det blir litt for mykje klovneri.

Det er den harde dommen frå hockeyeksperten i SVT, Håkan Loob, etter å ha sett den svært spesielle TV-opptredenen frå Frölunda-trenaren Rönnberg denne veka.

For i eit pauseintervju dukka han plutseleg opp i TV-ruta med sølvteip over munnen. Sølvteip er kjent for å fikse det aller meste, men denne gongen gjorde teipbiten vondt til verre.

Det meiner kvart fall SVT-ekspert Loob som ikkje sette pris på stuntet.

– Eg er eigentleg litt irritert. Denne gongen på Roger Rönnberg. Det har gått litt for langt. Svenske Hockeyligaen (SHL) er ein utruleg seriøs liga. Desse tinga Roger leverer talar ikkje for å halde oppe seriøsiteten. Du må gjerne underhalde, men eg synest Roger har tatt dette altfor langt. Du må ha meir respekt for ligaen, seier Loob i SVT-studio.

SVTs hockeyekspert Håkan Loob på scenen før en kamp mellom Färjestad og Leksand i SHL

Foto: FREDRIK KARLSSON / BILDBYRÅN

Rönnbergs tidlegare norske elev, Mats Rosseli Olsen, er meir tilhengar av åtferda til Loob.

– Eg synest det var litt morosamt. Det er ein morosam måte å seie at han ikkje får lov til å uttale seg om dommarane, seier Olsen til NRK.

Han har lang fartstid i svensk ishockey, med 13 sesongar og 736 kampar for Frölunda. Dermed kjenner han naturleg nok godt til den svenske trenaren.

– Han har eit konkurranseinstinkt og vil vinne alt. Det er derfor intervjua ofte blir sånn, fordi han er så inni kampen. Han er ein god leiar og god til å få spelarane til å gjere som han vil. Det har vist seg å gje gode resultat, fortel Olsen.

Mats Rosseli Olsen

FORSVARER GAMLESJEFEN: Mats Rosseli Olsen meiner det bør vere takhøgde for Roger Rönnbergs siste stunt.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

– Det er tull

Rönnberg har i fleire intervju i det siste «skojat till det», skriv SVT.

Det siste stuntet, som har sørgt for overskrifter i blant anna Expressen, SVT og TV4, er den siste i rekka for den omdiskuterte trenaren.

– Eg som kjenner han veit at han har eit glimt i auget. Han har måtta tole mykje kritikk av dei som intervju han gjennom åra. Eg synest det må vere rom for den typen åtferd, seier den norske ishockeyprofilen, som var ferdig i Frölunda i sommar.

Roger Rönnberg under ishockeymatchen i SHL mellom Växjö og Frölunda

Foto: JONAS LJUNGDAHL / BILDBYRÅN

Ved fleire høve har Rönnberg kritisert dommarar etter tvilsame kampsituasjonar.

Samtidig er det ein diskusjon i Hockey-Sverige om kor mykje trenarar og spelarar bør kritisere og fokusere på innsatsen til dommarane. Dommarar har også kritisert Roger Rönnberg for den sterke motreaksjonen hans, blant anna etter ein kamp i 2023 der Rönnberg sjølv blei utvist.

– Eg synest dommarane i Sverige er dårlege. Eg synest ikkje han klager for mykje, og dei må også tole kritikk når dei gjer det dårleg, meiner Olsen.

Det siste sølvteip-stuntet skjedde også etter kritikk mot dommarar, noko som ikkje har falle i god jord blant verken ekspertar eller tidlegare spelarar som har vore i Rönnbergs stall.

– Eg synest det er tull, seier Robin Figren i Göteborg Postens hockeypodkast Klubbland.

No meiner SVT-eksperten at ei grense har blitt kryssa av trenaren.

– Det blir litt for mykje klovneri. Du må halde deg til fakta. Da kan du vere underhaldande i svara i alle fall, men det må ikkje gå for langt. Det er ein av dei beste seriane i verda. Vi må ha litt meir alvor, seier Loob.

Angrar ikkje

Etter den spesielle seansen gav SVT Rönnberg sjansen til å svare på kritikken. Han grunngir teipinga over munnen på denne måten:

– Eg skjønner om nokon synest det er dumt. Det er ikkje slik ein skal oppføre seg som trenar. Du må vere sur og sint og skjelle ut spelarane dine, seier Rönnberg med ein sarkastisk undertone til den svenske kringkastaren.

– Håkan Loob synest ikkje det høyrer heime i SHL?

– Nei, det er kanskje ikkje det. Han er ei legende, så han veit det, svarer Rönnberg.

Seinare blei han spurd på om han angra på stuntet. Svaret frå Frölunda-trenaren var da klinkande klart.

– Nei, etter at eg fylte 50 år bryr eg meg ikkje om kva andre tenker. Eg tar det ikkje så alvorleg. Eg kan forstå at det er ei grense der ting ikkje kan bli dumt. Viss du har stått her i 20 år og gjort desse intervjua, mistar eg meg i alle fall. Da kan eg tenke meg at det er gøy at nokon gjer noko annleis, seier Rönnberg.

Publisert 03.11.2024, kl. 08.33

Read Entire Article