Dødsfallet i Vestnes: Forsvarar reagerer på at sikta kunne besøke mor

1 month ago 8


Ei kvinne i 40-åra døydde og eit barn er hardt skadd etter valdshendinga i Vestnes tysdag. Sonen til kvinna er sikta i saka, men meiner han ikkje har gjort desse handlingane.

Mannen i 20-åra bur i ein døgnbemanna omsorgsbustad, der han skal ha tilsyn til ei kvar tid, ifylgje forsvararen.

Forsvararen til mannen, Roy Kulblik, stiller spørsmål ved korleis den psykisk sjuke mannen kunne besøke mora si.

Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik er forsvararen til mannen og har fleire spørsmål om tilsynet av han.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Når han har besøkt mora, så går eg ut ifrå at han har hatt tilsyn i samband med besøket. Det er interessant å vite kva tilsynspersonane har gjort, seier Kulblik.

Og dersom han ikkje har hatt tilsyn under besøket, men hatt permisjon frå bustaden, lurer forsvararen på kva vurderingar som er gjort i forkant.

Institusjonen sikta bur på vil ikkje kommentere saka fordi det er ei pågåande etterforsking, og viser til politiet.

Det var VG som omtalte saka først.

Psykisk dårleg

Torsdag kl. 09 blir mannen framstilt for varetektsfengsling. Kulblik seier at når det kjem spørsmål om samtykke til varetektsfengsling, er det også eit spørsmål om mannen er samtykkekompetent.

Kulblik opplever klienten sin som psykisk dårleg og mannen har ikkje forklart seg i avhøyr.

– Eg tenker at i staden for ordinær varetekt, bør det vere eit varetektssurrogat. Til dømes eit vidare opphald på institusjonen, seier Kulblik

Skal avhøyre barnet

Politiinspektør Anders Skorpen Trøen

Anders Skorpen-Trøen er politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen vil ikkje svare på om den sikta mannen hadde tilsyn den aktuelle dagen.

Det var ein offentleg tilsett i Vestnes kommune som fann dei to i huset tysdag morgon og varsla naudetatane.

Helsetilstanden til barnet skal vere stabilt. Barnet vart sendt til St-Olavs hospital etter hendinga.

– Politiet kjem til å avhøyre barnet så snart det er mogleg, ifylgje Skorpen-Trøen.

Politiet er no ferdig med undersøkingane på åstaden i Vestnes.

Publisert 23.10.2024, kl. 19.21

Read Entire Article