Ein mann i 20-åra vart pågripen av politiet, og seinare sikta for grov vald med døden til følge. Mannen var sonen til kvinna som døydde, og bror til barnet som blei hardt skadd.
Det var Senait Zerom Weldetinsae (49) som blei funnen død i bustaden sin på Vestnes 22. oktober 2024, informerer politiet torsdag 31. oktober.
Foreløpig obduksjonsrapport
Det er planlagt avhøyr av den sikta i løpet av veka.
Politiet har mottatt foreløpig obduksjonsrapport, men av omsyn til etterforskinga er det for tidleg å kommentere innhaldet i rapporten.
– På bakgrunn av etterforskinga så langt er mistanken mot den sikta styrka. Det er for tidleg å vurdere om det er grunnlag for å endre siktinga, seier påtaleansvarleg og politiadvokat Lena Katrin Romestrand ved Møre og Romsdal politidistrikt.
Har avhøyrt barnet
Barnet som også blei funne på åstaden, og som blei frakta til St. Olavs hospital, er på betringas veg. Barnet har blitt avhøyrt i eit tilrettelagt avhøyr ved St. Olavs hospital onsdag med bistand frå Kripos, ifølgje politiet.
Politiet seier etterforskinga held fram for fullt og dei utfører blant anna avhøyr, tekniske undersøkingar og gjennomgåing av databeslag.
Den sikta mannen i 20-åra skal ifølgje forsvararen sin vere psykisk sjuk, og bur på ein døgnbemanna bustad der han får tilsyn til ei kvar tid.
I fengslingsmøtet førre veke bad politiet om fire veker i varetekt for den sikta mannen. Retten avgjorde at mannen får fire veker i varetekt, men han får sitte på institusjon i staden for fengsel.
Institusjonen sikta bur på vil ikkje kommentere saka fordi det er ei pågåande etterforsking, og viser til politiet.
Publisert 31.10.2024, kl. 10.50 Oppdatert 31.10.2024, kl. 10.59