– Dette er heilt fantastisk, vi er heilt overvelda

4 months ago 38


Filmen er regissert av Halfdan Ullmann Tøndel, som er sonen til Linn Ullmann og barnebarnet til Liv Ullmann.

Han har også skrive manuset.

Det er første gong ein norsk regissør får ein pris under hovudkonkurransen under Cannes-festivalen.

Tidlegare veka fekk filmen ein «sidepris» for beste lydarbeid.

Produsent Andrea Berentsen Ottmar er særs nøgd då vi fekk tak i ho rett etter at prisen var eit faktum.

– Dette er heilt fantastisk, vi er heilt overvelda, seier Ottmar til NRK.

– Kva trur du er årsaka til at juryen valde ut Armand?

– Eg håpar og trur at dei har sett det originalen og unike det han har gjort. Han har ei veldig unik registemme som har kome tydeleg fram i debuten sin.

Ottmar håpar prisen er inspirerande og motiverande for alle som jobbar med norsk film.

– Eg synest det er utruleg at vi kan vise oss på dette nivået. Vi høyrde jo når vi var i Cannes at det er ei slags «Norsk bølge» no. Den tenker eg vi må ri på alle når vi kan.

Armand

Plakaten som blei vist fram laurdag kveld i Cannes.

Foto: Cannes-festivalen

Elisabeth (Renate Reinsve) iakttages av Sarah (Ellen Dorrit Petersen) i Halfdan Ullmann Tøndels «Armand».

Renate Reinsve spelar ei av hovudrollene i filmen Armand.

Foto: Eye Eye Pictures og Norsk Filmdistribusjon

Publisert 25.05.2024, kl. 19.46 Oppdatert 25.05.2024, kl. 19.48

Read Entire Article