Derfor er det krise i kommunane

1 month ago 8


Berre to veker etter at norske kommunar fortalde at dei styrer mot eit underskot på 10 milliardar kroner, kom kommuneorganisasjonen KS med eit nytt anslag denne veka.

Nå er underskotet estimert til 15 milliardar kroner.

Talet blei lagt fram under eit nytt møte med regjeringa tysdag ettermiddag, berre fire dagar etter førre «krisemøte».

Over heile landet blir det meldt om kutt i alt frå barnehagar til skolar og helsetenester. Inkludert kommunalministeren sin eigen heimkommune (Gloppen i Vestland).

Tilsvarande har også finansminister Trygve Slagsvold Vedum fått kjenne kommune-krisa «på kroppen» etter at hans eigen barneskule kom i spel.

Kva er det som skjer i Kommune-Noreg?

NRK har brote ned svaret i 8 bolkar.

Auka kostnader til pleie- og omsorg

I den siste undersøkinga til KS rapporterer 131 av 170 kommunar at dei går i minus.

Blant desse oppgir 85 prosent at auka kostnader til pleie- og omsorg har skulda.

Hovudforklaringa er problemet med å rekruttere personell, som i sin tur betyr høgare utgifter til overtid, vikarbruk og vikar-innleige.

NRK har tidlegare fortalt om desperate kommunar som freistar nyutdanna danske legar med lønningar på 400.000 norske kroner – i månaden.

Andre kostnadsdrivarar er strengare bemanningsnormer og auka behov for tilrettelegging og spesialpedagogiske tiltak i barnehagane og skolane.

Auka renteutgifter

I 2019 viste ei undersøking frå SSB at gjelda til norske kommunar var firedobla sidan år 2000.

Om vi legg til grunn at norske kommunar har lånevilkår som følger styringsrenta til Noregs Bank, så er dei årlege rentekostnadene i dag 15 milliardar kroner høgare enn det dei var i 2021.

På toppen aukar renteutgiftene om kommunane ikkje har eit disposisjonsfond å ta av.

Av dei 357 kommunane i landet har kvar femte av dei eit kundeforhold til DNB.

På oppfordring frå NRK gjorde banken ei oppteljing i september.

Ho viste ei dobling i talet på førespurnader om kassakreditt, samanlikna med tidlegare år.

Uventa høg prisvekst

Tal frå SSB viser at Konsumprisindeksen (KPI) steg 3,0 prosent frå september 2023 til september 2024.

Den såkalla deflatoren – som er eit mål på pris- og lønnsveksten i kommunane – ligg eit nivå høgare enn dette.

Neste år reknar KS med at deflatoren veks med 4,1 prosent.

Kostnadsveksten har dei siste åra vore langt større enn det som er kompensert. Desse kostnadsaukane drar kommunesektoren med seg for all framtid, seier styreleiar i Norsk Kommunedirektørforum, Bjørn Gudbjørgsrud.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Skatteinntekter har kamuflert underliggande problem

Skatteinntektene til kommunane svingar, og nokre år er det meirskattevekst.

Andre år er det mindreskattevekst.

Meirskattevekst og «kunstig stimuli» under pandemien kan ha «skjult underliggande utfordringar dei førre åra, og kanskje bremsa nødvendige omstillingar», skriv KS i ein eigen rapport.

Dei viser til at ekstrainntektene frå hyggelege skatteoverraskingar i hovudsak har gått til å «bygge bufferar», og i «avgrensa grad» har gått til varige tiltak.

Tilsvarande er det reist spørsmål om kommunesektoren blei overkompensert under pandemien og slik gløymde kunsten å «sette tæring etter næring».

Erling Sande og Jenny Følling

– Undersøkinga gir eit realistisk bilete av situasjonen. Vi opplever at kostnadsdrivarane er kraftig renteauke, auka utgifter til eldre og pleietrengande og høg kostnadsvekst, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp). Her saman med kommunalminister Erling Sande frå same parti.

Foto: Håvard Nyhus

Den demografiske utviklinga med fleire eldre

Det ligg ein «udetonert pensjonsbombe» i kommunebudsjetta, skriv Dagens Næringsliv.

Kommunaldepartementet formulerer seg meir forsiktig, men skriv at effekten av tidlegpensjon vil bli «betydeleg».

I 2025 blir 1963-kullet 62 år gamle og kan si farvel til arbeidslivet.

I eit rundskriv har kommunalminister Erling Sande forsikra kommunane om at staten vil dekke auken i pensjonskostnader.

Bak uromeldingane ligg ein stadig meir «topptung» alderspyramide med fleire eldre og pensjonistar per arbeidstakar. Og frå undersida skortar det på «rekrutteringa» av framtidige arbeidstakarar.

I mars blei det norske fruktbarheitstala målt til rekordlåge 1,4 barn per kvinne.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) svarte med å sette ned eit utval «for å finne årsaka til dei låge fødselstala».

Kostnadskrevjande ukrainarar

Ein studie frå Ny Analyse viser at kvar ukrainske flyktning i snitt kostar 675.800 kroner i mottaksåret.

Summen inkluderer opphald på asylmottak, ytingar, oppfølging og 12 månader deltaking i introduksjonsprogrammet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har undersøkt kor mykje av rekninga som staten tar – og kor mykje som «flyt over» på kommunane.

Kartlegginga viser at kommunane har fått ein større del av rekninga. Frå 3 prosent i 2022 til 8 prosent i 2023.

Regjeringa har estimert at mottakinga av ukrainske flyktningar totalt vil koste 31,4 milliardar kroner i løpet av 2024.

I september blei reglane for kollektivt vern av ukrainske flyktningar «kraftig stramma inn».

– Presset på kommunar og andre som skal hjelpe, er for stort. Derfor strammar vi inn, forklarte justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Frie inntekter blir «ete opp»

I framlegget til statsbudsjett for neste år varsla regjeringa at kommunane skal få ein større pott med frie inntekter å rutte med.

I kroner og øre blei kommunesektoren lova eit «handlingsrom»3,6 milliardar kroner.

Og da får kommunane det armslaget dei treng? Ikkje så fort.

Ifølge KS og Unio er «realveksten» i frie inntekter reelt sett det motsette når overføringane blir justert for befolknings- og oppgåveendringar (sjå den raude linja i figuren frå nasjonalbudsjettet under).

Statsråd Erling Sande (Sp) har på si side avvist at han «leikar med tal» og gjentar i ein kronikk at det nye budsjettet inneber «den største realveksten i handlingsrommet til kommunane i nyare tid».

Frie inntekter blir «ete opp»

Faksimile: Regjeringen

Systemsvikt og manglande spareinsentiv

Professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Jørn Rattsø seier til NRK at finansieringa av kommunane over tid «har utvikla seg til å bli eit slags refusjonssystem».

Det har blitt eit system der kommunane bestemmer utgiftene, og så må staten refundere det som manglar.

Han karakteriserer det som ein «systemsvikt» og ei oppskrift på nye kriser.

Det har alvorlege svakheiter som styringssystem, fordi det manglar insentiv til prioritering og omstilling.

  • Jørn Rattsø

    Terje Bendiksby / NTB scanpix

    Jørn Rattsø, NTNU-professor

    Ein solid kommune har reservefond for å takle uventa utgifter, planlegg tenestetilbodet framover i tid, forstår at det viktigaste må prioriterast og mindre viktige oppgåver avviklast i trongare tider, og klarer med det omstilling og økonomi i balanse. Det refusjonssystemet som har fått utvikle seg kan ikkje vare lenge, det minner litt om fylkeskommunane og sjukehusa før dei blei tatte frå dei.

  • Kommunedirektør i Sandefjord, Bjørn Gudbjørgsrud

    Philip Hofgaard

    Bjørn Gudbjørgsrud, styreleiar i Norsk Kommunedirektørforum

    Eg trur løysinga framover ikkje berre kan handle om meir pengar, men også om meir føreseielegheit. Da må kommunar og stat snakke betre saman – viss ikkje blir veljarane forvirra og tilliten til både politikarar og forvaltning reduserte.

  • Lars-Erik Borge

    NRK

    Lars-Erik Borge, NTNU-professor

    I koronaperioden var inntektene «kunstig» høge (spesielt i 2021), noko som hadde samanheng med at kommunesektoren blei overkompensert for meirutgifter og mindreinntekter knytt til pandemien. I tillegg fekk kommunane ekstra overføringar for å stimulere privat næringsliv.

  • Lars Fjeldstad

    Simon Skjelvik Brandseth / NRK

    Lars Fjeldstad, Osterøy-ordførar og leiar i Senterpartiet sitt ordførarforum

    Det er krevjande tider i Kommune-Noreg for tida. Det er mange faktorar som har ført til dette. Eg opplever at Sande tar dette på alvor, og er glad for at han lyttar til KS som uttaler seg på vegner av kommunane. Eg merkar ikkje eit større politisk press på samanslåing.

  • Forhandlingar i Sunnfjord etter resultatet var klart. Jenny Følling.

    NRK

    Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord

    Ekstremt høg skatteinngang i 2022 og 2023 har kamuflert kostnadsutviklinga. Ekstra skatteinntekter på slutten av begge åra gjekk med til å saldere regnskapen i staden for at dei burde ha vore brukt til omstilling.

Publisert 17.10.2024, kl. 07.39

Read Entire Article