Den amerikanske journalisten Evan Gershkovich dømd til 16 år i fengsel

4 months ago 31


19. juli 2024 kl. 14:09

Den amerikanske journalisten Evan Gershkovich er dømd til 16 års fengsel for spionasje, melder russiske nyheitsbyrå.

Påtalemakta bad tidlegare om 18 år i fengsel for journalisten.

Gershkovich blei pågripen i Russland i 2023 då han var der som journalist for Wall Street Journal.

Han blei sikta for å ha samla informasjon om ein stridsvognprodusent.

Gershkovich har heile tida sagt at han ikkje er skyldig.

Read Entire Article