– Det viktigaste er å få auge på laksen før den får auge på deg. Så må ein vere lynrask og treffsikker.
Forskar Helge Skoglund, forskar ved Norce i Bergen.
Han ser på seg sjølv som den mest treffsikre i forskargruppa som har spesialisert seg på å ta ut rømt oppdrettslaks.
Når det skjer ein større rømming her i landet, er det dei som vert tilkalla.
– Somme kallar oss for «Dødsskvadronen». Det er i alle fall spanande å halde på med.
Dei samarbeider med både lokale fiske- og elvelag, og med oppdrettsselskap. Når det skjer ei rømming prøver dei å forhindre at oppdrettslaks gyter med villaks i elvene.
Forskargruppa har den siste tida og vore på oppdrag på Island.
Harpun mest effektiv
Etter år med prøving er konklusjonen klar. Forskarane har jakta i elvene sidan 2012.
Det mest effektive våpenet mot rømt laks eller aure er harpun og snorkel.
Korkje garn eller stong kan måla seg når ein skal ta ut tamlaks, men la villaksen leve.
Snorkling i elvene gjer at forskarane kan ta ut 53 prosent av den rømte fisken som er der.
– Vi løyser ikkje problemet, men vi kan redusere skadane, seier Skoglund.
Når oppdrettsfisk blandar seg med villfisk, kan det øydelegge den genetiske stamma til laksen i elvene. Det gjer og villaksstammene meir sårbare for sjukdom.
Kort sagt gjer det dei ville bestandane mindre levedyktige.
Må ha fleire tiltak
– Det må gjerast tiltak for å hindre lakserømming. Eventuelt må ein sørge for at oppdrettslaks ikkje kan gyte med villaks, seier Skoglund.
Ein rapport frå Havforskningsinstituttet syner at næringa har lukkast i å redusere talet rømmingar.
Men mykje skade har allereie skjedd.
Det er genetiske spor frå rømt oppdrettslaks i to av tre villaks her i landet.
Noko viktigaste for «dødsskvadronen» er å sjå skilnad på villaks og tamlaks.
Det er ikkje lett når ein må reagere raskt med harpunen.
– Det gjeld å få auge på laksen før den får auge på deg. Så får du berre ein sjanse med harpunen.
Skoglund seier teamet kan ta ut nokre titals rømt oppdrettslaks på ein god jaktdag.
– Det er som å vere dels forskar, og dels spesialsoldat.
Publisert 19.06.2024, kl. 20.57