Dersom du flytter hit får du mellom 400.000 og 600.000 kroner av kommunen for å bygge hus. I tillegg får du til liks med Johannes og Bjørn 261 000 kroner i frie midlar kvart einaste år.
Kommunen freistar også med full dekning, god bemanning og varme måltid i barnehagen. Og på sjukeheimen har dei tilsette tid til omsorg, oppfølging og pleie. For born og unge er det gratis å bade i badeanlegget frå før. Og neste haust, i 2025, blir det enno mer freistande.
500 innbyggarar er blitt dobbelt så mange. Og framskrivingar viser eit folketal som framleis veks.
Velkomen til kommunen som er reine draumen mot flyttestraumen.
Bykle var ein av landets fattigaste kommunar. Så starta kraftutbygginga, og inntektene frå rennande vatn auka for alvor for 50 år sidan.
Med kraftpengane kom samfunnshus, idrettsanlegg, vatn- og kloakkanlegg, skular, barnehagar og sjukeheim.
– Barna våre blir heilt sinnssjukt godt ivaretekne i den kommunale barnehagen, seier småbarnsfar og røyrleggar Jonas Heyerdahl Amundsen (37) til VG.
For det har kommunen råd til. Enorme pengesummar har funne vegen til kommunekassa på grunn av kraftinntekter. Og desse slepp dei drygt tusen innbyggjarane i Bykle å dele med andre.
Jonas er pappaen til Kaja (3) og Johannes (1). Kaja elskar å vere i den kommunale barnehagen på Hovden. Broren Johannes vart innbyggar nummer 1000 i kommunen i fjor.
Same året vart også Bjørn Taksdal (100) Bykle-innbyggjar.
Han fekk plass på aldersheimen nesten med det same han kom dit frå Bryne i Rogaland.
– Der var eg åleine etter at kona gjekk bort. Eg hadde eigentleg berre ein fot som fungerte. Her i Bykle vart eg utruleg godt motteken. Det er berre «herligt» her, skryt Bjørn på kav jærdialekt.
– Maten er alle tiders, og dei som jobbar her kjenner meg. Dei tek seg tid, fortel 100-åringen mellom munnfullar med heimelaga blomkålsuppe.
Han syner stolt fram bilete av born, borneborn og oldeborn. På veggen på det romslege rommet hans heng 100-årshelsinga frå Kong Harald.
Årsaka til velstanden er ein kommune som har stort økonomisk handlingsrom. Mykje takka vere inntekter frå kraftmagasina øvst i Setesdalen.
Og ikkje nok med det, som seljarene av grønsaksskjærarar seier:
I mai fekk den søkkrike kommunen vite at dei slepp å dele kraftinntektene med andre kommunar.
Det er Ap-ordførar i Bykle, Hans Blattmann (64) glad for. Han vart eigentleg litt overraska.
– Eg hadde nok venta at vi hadde mista noko. Men samstundes jobbar vi for at ein ikkje skal tukle for mykje med kraftskattesystemet. Det har jo eksistert i over hundre år, minner Blattmann om.
Dei rikaste
1. Bykle - 261.736 kr. pr. innbyggar. 2. Eidfjord - 167.035. 3. Modalen - 158.875. 4. Åseral - 157.156. 5. Aurland - 150.971. Gjennomsnitt Norge - 72.886.
(Sum av utjamna skatteinntekter, frie overføringar frå staten, eigedomsskatt, inntekt frå konsesjonsskatt og havbruksinntekter.)
(Kjelder: Kommunal- og distriktsdepartementet, Aftenposten)
Sjølv flytta han til bygda frå Kristiansand. Ordføraren seier:
– Det er jo dette systemet som har vore med på å bygge landet. Det er difor det bur folk her i Bykle og i Valle, Vinje og i Åseral.
Blattmann, som eigentleg flytta til Hovden i Bykle for å bli skitrenar på heiltid, sender ein varm tanke til den framsynte statsmannen og kraftstrategen Johan Castberg.
Alt tidleg i førre århundre meinte Castberg at det må ligge verdiar att i dei kommunane som ga frå seg store naturområde til fellesskapet.
«Man tar værdiene ut av distrikterne og fører dem på tråd ned til industricenterne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjeldbygderne, får deres værdier uten vederlag, og det er absolut urigtig,» åtvara Castberg i eit mykje brukt sitat.
Bykle og 238 andre norske kommunar er vert for dei enorme vatnmagasina og turbinane som bokstaveleg tala gir ein straum av inntekter til Statkraft - Europas største vasskraftprodusent.
Oslo og fleire andre store norske kommuner eig desse anlegga saman med staten og nokre fylkeskommunar. Desse mjølkar ut fleire milliardar kroner i utbytte kvart einaste år.
Ordførar Hans Blattmann i Bykle lid heller inga naud. Han viser veg til ei byggetomt ved dagens badeanlegg. På veg dit passerer vi kraftmaster, hus og leilegheiter.
Nybyggarar får mellom 400.000 og 600.000 kroner av kommunen for å bygge hus.
For born og unge er det gratis å bade i badeanlegget frå før. Neste haust, i 2025, blir det enno mer freistande.
Noko av det Bykle får til
- Eit utvida kommunalt Badeland til 140 millionar kroner skal opnast neste år.
- Ny gang- og sykkelveg takka vere kommunal sponsing av stat og fylkeskommune.
- Barnehagar og aldersheim der dei tilsette har tid til dei yngste og dei eldste i bygda.
- Gratis skyss innanfor kommunegrensene. (Kjelder: Bykle kommune og Setesdølen)
Då opnar eit utvida Badeland med 25 meters baner, stupetårn, kaldkulp, boblebad og badestover i ei eiga velværeavdeling.
Derifrå kan byklingane symje ut i akvedukten
, ein gjennomsiktig vatntunnel som strekkjer seg over skiløypa og går ned mot elva Otra; kanskje den viktigaste kjelda til kraft og velstand i bygda.Krafta frå vatnet
- Statkraft er den største vasskraftprodusenten i Europa.
- Den største delen av kraftproduksjonen i Norge kjem fra vatn som energikjelde.
- Vasskrafta er fornybar, rein, førutseieleg, fleksibel, og den kan forsyne mange generasjonar med energi fra lokale ressursar.
- Vasskraft ureinar ikkje lufta, og kan vise til dei lågaste utslippa av drivhusgassar blant alle energiteknologiar.
- I Norge kjem rundt 90 prosent av all kraftproduksjon frå vasskraft.
- På verdsbasis utgjer vasskrafta rundt ein sjettedel av den totale kraftproduksjonen. (Kjelde: Statkraft)
100-åringen Bjørn Taksdal og Åshild Hoslemo (94) på bygdeheimen i Bykle kjem neppe til kaste seg uti det nye badelandet på Hovden.
Men dei nyt godt av det romslege kommunebudsjettet på anna vis.
– Då eg ikkje kunne bu heime lenger, var det så godt å kome hit. Her har dei omsut for meg. Også om nettene er det greit å ringe dei som jobbar her - når ein kjenner seg åleine, fortel Åshild. Ho er innfødd byklar. Hoslemo ligg mellom kommunesenteret og Hovden.
Hoslemo kjenner dei godt etterkvart.
Bygdeheimen husar også fotpleiar, frisør og tannlege som Åshild besøker så ofte ho kan. Nyleg var ho hjå tannlegen.
Då Åshild var yrkesaktiv jobba ho som kokke på anlegg under kraftutbygginga i dalen. Ho kan difor uttale seg med fagleg tyngde når også ho skryt av maten dei får servert på heimen.
– Den beste maten her, det e’ kumpa. Den er god, slår Bjørn Taksdal fast.
Oppe på Hovden skal småbarnsforeldra Nicole Væting (38) og Jonas Heyerdahl Amundsen (37) hente Johannes og Kaja i barnehagen.
Før var barnehagetilbudet gratis. Men kommunen slutta med det. Ei av årsakene var at det var vanskeleg for dei tilsette å vite når ungane kom og slutta.
No er prisen framleis overkomeleg for dei aller fleste, i praksis tre tusenlappar i månaden for Johannes og Kaja - inkludert mat.
– Men det beste er at tilbodet er så godt, seier Jonas og Nicole.
Pedagogisk leiar i Fjellgardane barnehage, Per Øyvind Asbjørnsen (54) kan ikkje tenke seg nokon betre arbeidsplass eller kommune å bu i. Han har jobba i barnehage i Bykle i nær 30 år.
– Kommunen har heile tida satsa på born og unge, inkludert dei to barnehagane i kommunen. Her har vi fortløpande inntak og plass til alle. Og vi har nok tilsette og kvalifiserte folk, fortel den røynde barnehagelæraren.
Han er ein av to pedagogar og ein fagarbeidar i kvar avdeling.
Borna og dei tilsette er sjølv med på all matlaging og et alle måltider saman i barnehagen.
– Vi har som regel tid til borna og eit ledig fang her. Spør ein samfunnsøkonom, og han svarar at det blir dyrt for samfunnet dersom oppvekst-tilbodet er dårleg. Eg er redd at ei ny regjering kan fjerne ein del av kraftinntektene som gjer at vi kan ha dette tilbodet, seier Asbjørnsen og klør seg i skjegget.
Familien Heyerdahl Amundsen køyrer frå Fjellgardane barnehage og heim til sitt romslege hus i byggefeltet ovanfor. Dei fekk også pengar av kommunen då huset dei bygde var ferdig. No gledar dei seg til å kunne sleppe ungane laus i det nye badelandet neste haust.
– Vi fekk 100.000 kroner då vi hadde ferdigattest på vårt hus. Dersom kommunen ønskjer å halde fram med veksten, må dei nok ha slike tiltak, seier Nicole.
Vesle Johannes vart registrert som innbyggjar nummer 1000 - og fekk 5000 kroner frå kommunen i sitt første aksjefond.
– Men det vart jo dyrt. For då måtte vi jo sette av 5000 til Kaja også. Og vi måtte ha bunad for å stille opp på markeringa av innbyggjar nummer 1000, flirer pappa Jonas.