Amira Smajic, som er hovudperson i Brennpunkt-dokumentaren «Den sorte svane», er dømt til fengsel i tre månader. Det melder dansk TV 2.
Ho er dømt for å ha forfalska dokument i 2019. Saman med ein bedriftseigar som også er sikta i saka, skal Smajic ha forfalska ei jobbkontrakt som viste at ein tilsett i bedrifta hadde løn til gode i selskapet, med hensikt om å begjæra selskapet konkurs.