Danskane skjerpa grense­kontrollen fredag – Noreg vil vente

3 months ago 35


Fredag stadfesta den danske justisministeren Peter Hummelgaard at dei strammar kraftig inn på grensekontrollen.

– Dersom politiet meiner at det er behov for heilt nye verktøy i kortare eller lengre periodar som følge av situasjonen, så synest eg at vi skal vere opne for det.

Det sa Hummelgaard til dansk TV 2 på onsdag.

Skjerpinga kjem etter at tre svenske tenåringar nyleg blei sikta for medverknad til drapsforsøk i Danmark.

Danish Justice Minister Hummelgaard attends press conference in Copenhagen

Peter Hummelgaard varslar no strengare kontroll på grensa mot Sverige i kampen mot unge, kriminelle svenskar.

Foto: Thomas Traasdahl / Reuters

– Tar det på alvor

Men Noreg vil førebels ikkje følgje Danmark sitt strenge eksempel.

– Norsk politi er til stades på grensa og følgjer opp med personkontroll. Vi får tilbakemelding om at det er på plass, seier statssekretær i Justisdepartementet, Sigve Bolstad.

Han peikar også på at Kripos er med på eit utvida samarbeid i Schengen-sona.

– Vi tar dette på høgste alvor, seier Bolstad.

Fleire svenske statsborgarar er dei siste månadene sikta i Danmark for til dels grove lovbrot i landet.

Politiet meiner at dei unge svenske mennene blir hyra inn for å komme til Danmark for å gjere seg skuldig i kriminalitet.

Muntlig spørretime i Stortinget

Sylvi Listhaug krev at også Noreg skjerpar grensekontrollen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– På tide å vakne

Men Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner at regjeringa ikkje gjer nok for å stanse kriminalitet over landegrensene.

Ho krev at grensekontrollen må skjerpast på lik line med det Danmark no innfører.

– Svenske kriminelle utgjer ein risiko som må stansast på grensa. Svenske kriminelle er i alle politidistrikt, seier ho.

Sylvi Listhaug meiner regjeringa må ta situasjonen på høgaste alvor. Ho seier at vi i Noreg er tregare enn Danmark med å innføre tiltak.

– Nå er det på tide å vakne. Vi ser det er eit problem i Sverige som smittar over på oss. Lat oss stanse det på grensa, seier ho.

Statssekretær Sigve Bolstad meiner på si side at regjeringa gjer det som er naudsynt og at dei styrkar arbeidet no og i det komande året.

– Vi er tydelege på at utviklinga vi ser er urovekkande. Vi forstår at folk flest er bekymra i forhold til ein del av det ein ser og ein del av dei episodane som er.

Kø inn til Sverige

Kvart døgn passerer fleire tusen bilar over Øresundsbrua mellom Sverige og Danmark. Brua blei opna 1. juli i år 2000.

Foto: Johan Nilsson / TT / NTB

Meir kontrollar

Den skjerpa grensekontrollen mellom Sverige og Danmark vil blant anna kunne merkast slik:

  • Fysiske kontrollar på toga som passerer på Øresundsbrua
  • Grundigare kontroll av nummerskilt på bilane som køyrer over brua
  • I København blir det oppretta to såkalla visitasjonssoner på Amager og Nørrebro der to ulike kriminelle gjengar opererer

Her i Noreg har det vore fleire hendingar som blir knytt til svenske kriminelle. Seinast sist søndag der ein mann skal ha blitt forsøkt kidnappa i Kristiansand.

To menn frå Sverige blant dei sikta i saka, begge er tidlegare domfelt ei rekke gonger. Dei blir kopla til det svenske kriminelle nettverket «Lejonen».

Publisert 09.08.2024, kl. 21.13

Read Entire Article