Cathrine (32) bidrar mot fastlegekrisa: Trenden har snudd – færre manglar lege

4 months ago 60


– Eg gleder meg! Fastlege er ein veldig fin jobb. Ein variert arbeidskvardag, med tett oppfølging av pasientar i alle aldrar, både når dei er friske og sjuke.

Det seier Cathrine Hestenes (32) ved VIMS Allmennleger AS.

Ho og fem legekollegaer opna 5. juni det nye fastlegesenteret like ved Bergen legevakt.

I gjennomsnitt har kvar fastlege i Noreg nesten tusen pasientar på lista si. Dermed fekk nesten 4000 personar i Bergen fastlege ved VIMS. Men framleis står opptil 22.000 i byen på venteliste til å bytta fastlege.

Senteropninga i Bergen er likevel eit symptom på at Noreg har byrja på vegen ut av fastlegekrisa.

48.000 færre manglar fastlege

Sidan 2001 har alle i Noreg rett til å ha, og eventuelt bytta, fastlege. Slik er det ikkje i praksis, fordi landet dei siste fem åra har mangla stadig fleire fastlegar.

I byrjinga av 2019 stod 55.000 personar i Noreg heilt utan fastlege. Fastlegemangelen auka kraftig, til det toppa seg i august i fjor. Då var det 229.000 personar som ikkje hadde fastlege.

Men nå peikar pila rett veg. I mai er det 181.000 i Noreg som manglar fastlege – 48.000 færre enn for ni månadar sidan.

Trur trenden har snudd

Den ferske statistikken (sjå faktaboksen) viser at fleire piler peikar i rett retning. Talet på personar i byttekø auka frå 85.000 i 2019 til rekordhøge 351.000 i fjor sommar. No er talet nede i 240.000.

– Det er framleis altfor mange, men i 2024 har trendane snudd. Så nå er me litt optimistiske. Men det er ikkje bra nok, og me må fortsetta å jobba med dette.

Det seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Helen Brandstorp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet

Helen Brandstorp i Helsedirektoratet er optimistisk, fordi krisetala i fastlegedekninga ser ut til å ha snudd i positiv retning.

Foto: Thomas Koonce / Helsedirektoratet

Ho slår fast at det er langt fram til at retten til å bytta fastlege blir reell for alle.

– Det er viktig at folk har høve til å bytta fastlege viss dei har flytta eller ønsker det av andre grunnar.

Ein tredje positiv trend er at talet på ledige plassar på fastlegane sine pasientlister for første gong på mange år går oppover.

I 2019 var det 207.000 ledige plassar. Sommaren 2023 var berre 22.000 plassar ledige. Sidan då har talet auka til 62.000 i mai.

Denne forenkla grafen viser korleis dei tre pilene peikar i rett retning sidan i fjor sommar:

«Offer for eigen suksess»

Noreg no i mai hadde 250 fleire fastlegar enn i august 2023.

– Fastlegedekkinga er veldig god nå. Den har aldri vore høgare. Noreg har nå nesten 5.400 fastlegar. Talet på fastlegar aukar meir enn det befolkningsauken krev, seier Brandstorp.

Faktisk har talet på fastlegar auka jamt sidan det var 4.800 i 2019. Likevel har legemangelen auka. Både fordi også folketalet aukar, og fordi talet på pasientar per fastlege gradvis har blitt redusert.

– Det er fleire grunnar til at fastlegeordninga har slite over lang tid. Det viktigaste trur me har vore at det har blitt altfor arbeidskrevjande. Fastlegane har hatt for mykje å gjera, med for mange pasientar per lege, seier Brandstorp.

Ho viser også til at når sjukehusa blir pressa, skubbar dei oppgåvene ut til fastlegane. Og at pasientane sjølve har aukande forventningar til kva fastlegar kan hjelpa til med.

– Så me har ei veldig god fastlegeordning som på ein måte har blitt offer for sin eigen suksess, seier ho.

Brandstorp meiner det er mogleg å komma tilbake til situasjonen som var i 2019, då «berre» 55.000 mangla fastlege.

Tiltak som har hjelpt

Kva er så forklaringa viss trenden med fastlegemangel har snudd?

Brandstorp meiner det er fleire årsaker.

  • Tilskotsordninga ALIS gir gode rammer for unge legar som tidleg i karrieren ønsker fast løn frå kommunen og å sleppa å ta opp millionlån for å kjøpa eigen legepraksis.
  • Betre grunnfinansiering frå staten gjer at fastlegane kan ha færre pasientar og «litt meir levelege arbeidsdagar».

– Me har ei ordning som me høyrer fastlegane er meir fornøgde med sjølv òg. Det er nok det aller viktigaste, seier ho.

Nesten ingen manglar fastlege i Bergen

Det nye fastlegesenteret i Bergen gjer at byen aukar frå 262 til 268 fastlegar.

Opning av fastlegesenteret VIMS i Bergen

Fastlegane på det nye legesenteret i Bergen er klare til å ta i mot 4000 pasientar.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Sjølv om byen treng nesten 90 fleire fastlegar dei neste fem åra, jublar Merethe Brattetaule. Ho er leiar for kommunen si eining for allmennmedisin.

– Senteret betyr enormt mykje, og det er eit godt steg i rett retning. Situasjonen er i ferd me å snu. Me merkar at dei ledige fastlegestillingane våre er blitt attraktive igjen.

Medan 181.000 står heilt utan fastlege i Noreg, er problemet nesten borte i Bergen.

– Det varierer mellom null og hundre personar, seier Brattetaule.

Og ventelistene på å bytta fastlege har, takka vera VIMS, minka frå 26.000 til 22.000 sidan i fjor.

– Det er jo gledeleg, men framleis eit veldig høgt tal, seier ho.

Betre vilkår for unge legar

Brattetaule har stor tru på at slike senter gjer det lettare å rekruttera unge fastlegar.

– At eit kontor har fleire legar, betyr veldig mykje for ein ny fastlege som ønsker å etablera seg. Då får ein litt dekning viss ein må ha fråvær. Det blir lettare å kombinera fastlegejobben betre med ei vanleg arbeidstid, familielivet, det å få eta middag med kjærasten.

Magnus Myntevik, leder for fastlegekontoret VIMS i Bergen

– Det er betre vilkår for nye fastlegar i dag enn det var for oss gamlekarar, meiner leiar Magnus Myntevik ved VIMS Allmennleger AS.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Leiar for VIMS, Magnus Myntevik (47), rosar Bergen kommune for innsatsen.

– Eining for allmennmedisin har gjort ein kjempejobb. Dei unge fastlegane som er under spesialisering har betre vilkår enn det me gamlekarar hadde då me var under spesialisering, seier han.

Hestenes er uansett budd på at fastlegejobben kan vera hard.

– Det kan vera ein veldig tøff jobb, men eg trur ein må laga seg ein kvardag som fungerer for seg.

Publisert 05.06.2024, kl. 22.06

Read Entire Article